God aktivitet på 3 juledagstreninga

Postet av Gloppen Friidrettslag den 27. Des 2014

12 aktive og 3 trenarar avvikla ei god fellesøkt i hallen i ettermiddag. Jentene frå byn og våre eigne aktive gjennomførte ei god mengdeøkt med sprint, kast og avslutta med basistrening. God innsats og kjekt å ha heile Trivselshallen for seg sjøl. Mykje beire å trene sprint på handballdekket. Det blir nok det vi må satse på framover då løpebana er hard og forårsaker belastningsskader.



Gloppen FIL gratulerer Dag Fosstvedt med kulturprisen

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Des 2014




Les dei flotte orda om Dag i denne linken:

Dag Fosstvedt 2014.pdf


Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Des 2014



Sogn og Fjordane Energi og Gfil held fram det gode samarbeidet med ny treårsavtale !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Des 2014

Det er svært gledeleg å meddele at SFE og GFIL har inngått samarbeidsavtale i nye 3 år. Gloppen Fil er avhengige av nært og godt samarbeid med sponsorane. SFE støttar også Plan Norge og artistgallaen. Sjå TV2 i kveld kl 2140 !





Sprint - høgde - kast - basis og sosialt samvær !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Des 2014

Klokka 1700 starta vi med oppvarming ute i området rundt Trivselshallen. Fotocellemåling på 12x60m , god kastøkt, høgdehopp og avslutta med 30 min basis. Stor aktivitet i Trivselshallen ! Svært gode resultat på sprinten .Som bilda syner var det stor stemning i Stilstova etter trening. Over 30 aktive, trenarar og foreldre var samla til middag. Gloppen hotell hadde laga kjempegod kjøtgryte. Gode kaker til dessert lett krydra med film frå treningsleir, friidrettskule og Loggane stadion. Jon Ravnestad hadde funne filmsnuttar frå nokre år tilbake då landslagsgutane var småguta. Kjekt ! Flott at så mange deltok både på trening og med tilrettelegging. Kjempeinnsats på alle plan !



Flott start på samlinga !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Des 2014

God forhold for løparane i Bukta. Bakkeløp for sprintgruppa, langintervall for mellom/lang, Diskos var inne i kastburet i hallen og slegge hadde økta på Loggane. Etterpå samlast alle til felles lunsj på Gloppen Hotell. No er det ro og fred fram til 1700 då starter økt 2 som blir avslutta med middag i Stilstova kl 2000.



Oppsett for treningslaurdag 6. desember

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Des 2014




1045 - Oppmøte – registrering – Firdahallen – påkledt klar til utetrening.

1100 - Mellom-lang Nils Ove Roset, Sprint Jan Otto Aae og Reidar Moldestad. Denne økta går på vegane i Bukta. Det blir ei intervalløkt.

1100 - Kast Jørund Årdal/Harald Heier/Ole Morten Mardal og Else Lundestad, Jon Ravnestad og Magne Devik. Loggane stadion.

1245 - Lunsj på Gloppen Hotell.

1700 - Kortsprint: Harald, Nils Ove og Reidar. Kast: Jørund og Ole Morten. Høgde: Jan Otto og Else.

1830 - Basis alle, Nils Ove.

2000 - Middag Stilstova.

Velkomne til ein aktiv dag !

Er det noko de lurer på kontakt Nils Ove 41415380 eller Ole Morten

90053143



Gloppen Fil klare for 1. div. kvinner og 2. div. menn

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Nov 2014





2. divisjon kvinner


1

Sandnes IL

(25/11)

18 066

(12/1d)

Rogaland

2

Fredrikstad IF

(25/14)

17 222

(13/1d)

Østfold

3

Gloppen FIL

(25/11)

17 058

(5)

Sogn og Fjordane

4

IF Urædd

(25/8)

16 994

(11/1d)

Telemark

5

Sørild FIK

(25/8)

16 652

(2/3d)

Aust Agder

6

Moelven IL

(25/8)

16 345

(1/3d)

Hedmark

7

Dimna IL

(25/8)

16 089

(7)

Møre og Romsdal

8

Haugesund IL

(25/15)

15 660

(6)

Rogaland

9

Nittedal IL

(25/10)

15 565

(14/1d)

Akershus

10

IF Sturla

(24/10)

15 399

(4/3d)

Buskerud

11

Lillehammer IF

(25/10)

15 072

(9)

Oppland

12

IL i BUL-Tromsø

(25/12)

14 615

(10)

Troms

13

Moss IL

(25/11)

14 594

(8)

Østfold

14

FIK Orion

(22/11)

14 232

(3/3d)

Hedmark



Sandnes ble suveren vinner av årets 2. divisjon med den fjerde beste poengsummen noensinne i divisjonen etter at nåværende poengtabell ble tatt i bruk i 2003. Med flere ung og talentfulle utøvere skal det bli spennende å se om de kan holde plassen i toppen til neste år. Også Fredrikstad har mange lovende utøvere, og rykker rett opp til toppen igjen.

Gloppen har mange år bak seg i toppen, og rykket nå opp igjen etter to år på nivå to. Siste klubb som rykket ble Urædd som dermed sørget for at tre av fire klubber som rykket ned i 2013 er tilbake i første divisjon i 2015.

Bak disse var det derimot to nyopprykkede lag som imponerte. Sørild har en gjeng med svært lovende utøvere, og vil nok garantert ha gode sjanser på opprykk neste år. Også Moelven har mange unge lovende utøvere, så det ser lyst ut for framtiden.

Dimna og Haugesund har gode enkeltutøvere, men mangler for tiden noe bredde på å kunne kjempe om opprykk. Nittedal er svakere enn da de rykket opp i 2012, men klarte likevel å holde plassen. Det samme gjorde Sturla etter opprykket.

Lillehammer må dermed ta turen ned i 3. divisjon for første gang siden 2011. Det holdt heller ikke helt fram for BUL-Tromsø, Moss og Orion, men det var ganske jevnt i divisjonen, så mulighetene for snarlig retur er gode for alle de fire som rykker ned.

3. divisjon menn

1

Selsbakk IF

(20/9)

13 651

(12)

Sør Trøndelag

2

Gloppen FIL

(20/7)

13 568

(7)

Sogn og Fjordane

3

IK Tjalve 3. lag

(20/13)

13 411

(43)

Oslo

4

IL i BUL 2. lag

(20/15)

13 212

(5)

Oslo

5

IL i BUL-Tromsø

(20/10)

13 147

(12/2d)

Troms

6

Ask Friidrett

(20/12)

13 053

(13)

Hordaland

7

Fredrikstad IF

(20/11)

12 935

(6)

Østfold

8

Bækkelagets SK

(20/10)

12 914

(10)

Oslo

9

Moss IL

(20/9)

12 868

(13/2d)

Østfold

10

Nittedal IL

(20/6)

12 555

(25)

Akershus

11

IL Tyrving 2. lag

(20/13)

12 399

(20)

Akershus

12

Laksevåg T&IL

(20/9)

12 291

(15)

Hordaland

13

Snøgg Friidrett

(20/6)

12 165

(11)

Telemark

14

Larvik T&IF

(20/10)

12 119

(16)

Vestfold

15

Ålesund FIK

(20/5)

12 037

(14)

Møre og Romsdal

16

IK Hind

(20/8)

11 775

(21)

Troms

17

FIL AKS-77

(20/10)

11 358

(48)

Hordaland

18

IL Gular 2. lag

(17/11)

11 269

(14/2d)

Hordaland

19

Fagernes IL

(19/7)

11 161

(55)

Oppland

20

Sørild FIK

(18/9)

10 926

(36)

Aust Agder

21

FIK Ren-Eng

(17/7)

10 918

(17)

Hedmark

22

Mandal og Halse IL

(17/8)

10 855

(45)

Vest Agder

23

Asker Skiklubb

(19/8)

10 779

(32)

Akershus

24

Fana IL

(16/10)

10 758

(38)

Hordaland

25

IL i BUL 3. lag

(18/13)

10 644

(18)

Oslo

26

Kristiansand IF

(20/9)

10 640

(11/2d)

Vest Agder

27

FIK BFG Bergen 2. lag

(19/10)

10 614

(19)

Hordaland

28

Sømna IL

(20/12)

10 577

(50)

Nordland

29

Halden IL

(18/9)

10 574

(23)

Østfold

30

Strindheim IL

(16/9)

10 501

(41)

Sør Trøndelag



Det var jevnt i toppen i årets 3. divisjon for menn uten at toppnivået var spesielt høyt. Selsbakk rykker opp på nivå to for første gang, og blir med det den eneste klubben fra Sør Trøndelag på dette nivået i 2015.

Etter tre år på nivå tre rykker Gloppen opp igjen med et spennende lag med mange gode utøvere i ulike øvelser.

Med opprykk for Tjalve 3. lag får vi i 2015 for første gang et 3. lag på nivå to. At de store klubbene har stor bredde understrekes av at BUL 2. lag også rykker opp.





Trivsel med trening !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Nov 2014



20 utøvarar og 6 trenarar møttest i kveld etter treninga. Tema var trening, kosthold, dei daglege treningane, treningstider, føring av treningsdagbok m.m. Kva var positivt og kva måtte rettast på. Gode innlegg og gode innspel ! Gfil filosofien med felleskap og fellestreningar som det viktigaste grunnlaget kom godt fram. Samstundes som alle måtte vere klar over at nok og rett trening ilag med tilstrekkeleg kvile og søvn er den beste oppskrift på å nå sine eigne målsettingar. Alle er velkomne på trening. Takk til Else som leia møtet. No er neste store treffpunkt samlinga 6 desember. Velkomne.


Gfil treningsamling laurdag 6 desember !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Nov 2014



Laurdag 6 desember vert det Gfil samling med løp - kast og basistrening. Mellom øktene vert det felles lunsj og vi avsluttar med felles middag om kvelden. Pakk bagen med høveleg utstyr, kle, sko, litt mat og drikke i bagen. Kom og bli med ! Dei som fyller 13 i 2015 er yngste klasse. Laksevåg IL kjem med både løparar og kastarar. Vi gleda oss. !

1100 Oppmøte ved Firdahallen. Deretter avreise til Loggane og Bukta. Ved dårleg veir vert kast inne i buret.

1300 Felles lunsj i Trivselshagen eller Trivselskafeen.

13.30 - 17.00 Heim å kvile 😊

17.00 Sprint på løpebana inne i hallen. Vi tar tida. Kast i buret.

18.30 Basis med Nils Ove

20.00 Felles middag.


Påmelding innan søndag 30. November. niovero@online.no eller 41415380

kr. 100,- p.p. (kontant ved oppmøte)


Vellukka trenarseminar på NIH

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Nov 2014

Trenarseminaret var ei god vitamininnsprøytning ! Kjekt at Over 70 trenarar frå heile landet møtte opp. Gode forelesarar og kjekt å møte andre. Vi ser igjen at vi har gode treningsfasilitetar i kommunen sett i forhold til andre stadar i landet. Forelesarar frå Polen og Frankrike fortalde om kommerlege forhold ute på landsbygdene. God sponsor i Frydenbø Bilsenter Sandane som hadde ny V40 disponibel for Gfil. Tusen takk !





www.byrkjelo2015.no

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Nov 2014

Det stemmer, www.byrkjelo2015.no er heimesida til Jr.NM i friidrett på heimebane 14.-16. august 2015. Her finn du god informasjon om arrangementet, god lesnad!





Friidrettens trenerforening - seminar på NIH komande helg !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Nov 2014

Jørund Årdal, Nils Ove Roset, Ole Morten Mardal, Else Lundestad og Jan Otto Aae deltek på årets trenarseminar. Mange gode forelesarar . Eit viktig treffpunkt med deltaking også frå dei nordiske landa.



Komande helg skal desse tre karane på Jr.landslagsamling !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Nov 2014

Komande helg er det sesongens fyrste samling i Oslo med Jr.landslaget i kast. Evald Osnes Devik, Hans Sande og Thomas Mardal. Dette er alltid ein god motivasjon i treningsarbeidet. Jørund og Ole Moren er med som trenarar. God tur !



Glimt frå treningsveka !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Okt 2014

Her er nokre bilder frå aktiviteten vår. Sprintarane har løpsøkt i Trivselshallen. På Loggane er det kvilepause mellom dei mange kasta. Flott med sofa under tak. Morgonøkta med basis fredag hadde rekordoppmøte - 18 stk. Ganske ok med baguetter og melk etter trening også ! Det nye betegnelsen for denne type trening er forresten "core-trening" !!





Middagservering på torsdagane !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Okt 2014

Gfil organiserer middag torsdagane til utøvarane som går på Firda Vgs. Klokka halv fire er middagen servert i kantina i Trivselshagen. Middagen er laga av vår gode sponsor Gloppen Hotell. Flott miljøtiltak og ein viktig link mellom Firda Vgs og den frivillige idretten. Nok mat og riktig kosthold er avgjerande for gode prestasjonar både på skule og idrett. No er det andre sesongen vi har middagservering torsdager. Særs gode tilbakemeldingar ! Sjekk kva vår gode sponsor har å by på www.gloppenhotell.no



Stor aktivitet i helga !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Okt 2014

Stor aktivitet heile helga. Bilder frå kast og løpetrening i Trivselshallen laurdag kveld. 60m med fotocellemåling og stor aktivitet i kastburet. Mykje god rettleiing frå landets beste kastarar. Flott opplegg som vi garantert vil gjenta. Bilde også frå sesongens siste Loggane Open. Fantastisk god kasting av Eivind Henriksen 71,12m, Marte Rygg Årdal 60,62m, Beatrice Llano 57,03m og Evald Osnes Devik 53,04m . Laksevåg IL og Gfil er samarbeidsklubbar og har ilag stått for denne treningshelga. Løparar og kastarar frå begge klubbane har bidratt til stor aktivitet . Når også Trude, Marte, Richard, Gaute og Eivind kjem frå Oslo blir det heilt topp.





Kast samling på Loggane

Postet av Gloppen Friidrettslag den 17. Okt 2014

Norges beste sleggekastarar er i Gloppen og på Loggane i helga. Fredag kveld var dei unge først i ringen og fekk topp rettleiing av Eivind Henriksen, Trude Raad, Richard Villanger, Marte Rygg Årdal og Gaute Myklebust( 64,08 i Diskos). Ei flott økt som vart avslutta i vektbua på Rygg ! Kan opplyse at det vart svært lange treningskast på Loggane i kveld. !



Flott start på treningssesongen !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Okt 2014

Mange på trening og topp innsats ! Mandag var det mange på Loggane og Rygg skule. No kan ein trene spenst på Rygg også. Aaen har fiksa alle hekkane i Firdahallen. Samtlege hadde fått hard medfart .No er der høgder for eitkvar smak. Gruppebildet er frå kveldens økt på Idrettsplassen. Sprintuthald stod på programmet. Alle vart utfordra både på intensitet og mengde ! Etterkvart vil denne økta bli i Eidsmona eller i Bukta. Men vi er på stadion iallefall eit par tysdager framover. Vektrommet i nyehallen er topp utstyrt med vekter. IL Brodd har utstyrt topp vektrom på Rygg skule. Siste tilskot på utstyrsfronten er innkjøp av 20m med matter til spenst etc som skal brukast til trening i nyehallen. Desse er til bruk for Gfil og friidrettsgruppene sine treningar. Mattene er på plass innan ei veke.



Gfil starter treningane mandag 13 oktober

Postet av Gloppen Friidrettslag den 5. Okt 2014

Etter ein litt roleg periode er vi i gang att med organiserte treningar frå mandag 13 oktober. Sjå på menyen under treningstider. Som i fjor vil Gfil organisere middag for våre utøvarar torsdagar. Middagen kjem frå vår gode sponsor Gloppen Hotell og vert servert i kantina 1530 kvar torsdag. Dette som eit viktig bidrag til at utøvarane skal yte på treningane, ha eit sunt og godt kosthold og vite at vi i Gfil bryr oss. Det blir nok ein artikkel om dette når vi har starta opp ! Vi går inn i eit supert år for gloppenfriidretten. JrNm på heimebana vår - Byrkjelo stadion ! Dette vert sjølvsagt tema utover treningssesongen. No går vi inn i ein viktig grunntreningsperiode. Fellestreningar er dei viktigaste suksessfaktorane for ein klubb. Treningane skapar lagfølelse og samhold. Velkomne til trening ! 
Bildet er frå ei av dei fyrste treningane i fjor i vår flotte Trivselshallen !


Kaststevne i Hyen i kveld - Ny U20 Krinsrekord i Diskos - Thomas Mardal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Sep 2014

Under kveldens kaststevne i Hyen sette Thomas Mardal ny U20 Krinsrekord i Diskos 1,75kg. Han kasta  49,52m og slo dermed Ørjan Vågane sin rekord frå 1997 med 2 cm. Ørjan var 18 år då han sette rekorden. Thomas er 17 ! Det må nemnast at Thomas også kasta 2 kg diskos i kveld. Den flaug 44,36m og pers ! Tidlegare i sommar sette Evald Osnes Devik U20 krinsrekord i slegge 6kg ,med 63,34m. Den gamle rekorden hadde Jostein Aukland på 61,36 frå 1974 ! Flotte prestasjonar. Gratulerer !


Gloppetrimmen - eit flott folkehelsetilbod

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Sep 2014

Årets siste Gloppetrim er avvikla med godt oppmøte. Mardal skule har vore base 13 onsdagar for 6 sesong på rad. I løpet av desse 6 åra har det blitt spunge og gått 24000 km på buktavegane. Slå den ! Eit supert tilbod som Gfil er stolte av. Takk til vår gode sponsor G- Sport Sandane som støttar dette trimtilbodet og støttar Gfil ellers også som utstyrsponsor. To av eldsjelene i prosjektet, Atle Søreide og Dagfinn Nyhammer har gjort ein kjempejobb. Tusen takk begge to !  Meir detaljerte data om deltaking og premiering er å finne på Fjellhug Vereide sine heimesider. 


Portrett : Evald Osnes Devik

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Sep 2014



Navn og alder

Evald Osnes Devik 19 år ung

utdanning: kva helde du på med og kva er du ferdig med. Kva tenke du deg framover av utdanning
Nett no så jobbar eg på Brødrene Aa. Der skal eg vere til eg skal i militæret i januar. Ellers er ferdig på Firda vgs der eg gjekk studiespesialiserande og tok realfag.
Kan i framtida tenke meg jobb innanfor idrett eller offshore.
Eller så får eg leve på pappa sine pengar

Like du deg på Firda
likte meg svært mykje på Firda! Fantastisk miljø og supre personar. Kan absolutt anbefale det.
Spesielt godt friidrettsmiljø ;)

yrkeserfaring (sommarjobbar etc)
har ikkje hatt så mykje sommarjobbar. Men har gjort ein del malingsarbeid og anna av den type arbeid.
Jobbar no på Brødrene Aa

idrettsbakgrunn i familien
ehhm... veit ikkje kva pappa gjor, men han var ihvertfall i aktivitet.
Mamma dreiv mykje med symjing og var nok god

persa i friidrett:
6kg 63,34 trur eg. Krinsrekord
7,26kg 52,85-> skal bli ein del lengre. Gfil rekord

persa ellers - stup (høgd) - fjelltoppar m.o.h - dykking ? m.under havet ? - etc Har du nokon spesielle persa ville det vore tøft.
ellers så har eg eit uoffisielt resultat i høgde på 1.50 og ein kompisrekord på å ete ei pølse i brød på 14 sek (meget stolt av den)

andre aktuelle idrettar
det må være maraton eller synkronstup

fritidssysler ellers
jobb, sove, ete, tv, ps3, skiturpåfjellemedtelemarkski og kompisar

favorittmåltid
biff med biff attåt og McDonalds jordbærmilkshake

Karakterestikk av deg sjøl .
Litt lubben i kantane og relativt pratsam

kva har idretten betydd for deg.
Det har bla hjelpt meg med og halde vekta(litt ihvertfall) og så er det jo selvfølgelig alle reisene, stevna og alt det sosiale vi har hatt. Det har vore fantastisk og eg er glad for at eg har kunne tatt del i det!. Satsar på mange fleire gode stunder!
Gfil miljøet / skulemiljøet på Firda Vgs
F.A.N.T.A.S.T.I.S.K
det er rett og slett knallbra. Godt samarbeid mellom skule og klubb og fantastiske folk

målsettjingar framover 
skal ta Steinar ( Kleppe) ned frå trona og overta «Sognekongen» tittelen. 

korleis forberedar du deg til konkurransar
mentalt/trening etc.
Eg og Hans pleier som regel å steike oss biff og potete før stevnet. Det funkar bra.
Ellers så går eg gjerne mange dagar før og tenker på korleis eg skal begynne kastet og stevnet. Eg fokusera på inngang og fart, alt skal stemme.
På konkurransedagen så er fokuset på og halde seg rolig og ikkje bli stressa.




Slik ser styret ut Gloppen Friidrettslag

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Sep 2014

  
Nils Ove Roset – leiar 414 15 380 niovero@online.no
Jørund Årdal – sportsleg leiar 416 31 280 jorund.ardal@sfj.no
Else Løkke – økonomileiar 907 07 858 else@viegarden.no
Ole-Bent Søreide – styremedlem 913 91 733 ole.bent.soreide@sfe.no
Jon R. Hauge – styremedlem jon.r.hauge@hotmail.com
Ragnar Eimhjellen – styremedlem 402 02 948 ragnar.eimhjellen@enivest.net
Else Lundestad – styremedlem 476 61 220 bakkelid@yahoo.no
Jan Otto Aae – repr. for trenarane 975 28 090 jan.otto.aae@enivest.net
Ole Morten Mardal - repr. for trenarane 900 53 143 ole.morten.mardal@sfj.no
ØKONOMIGRUPPE:
Gunnar Hole 995 24 242 g.hole@online.no
Helge Raad 995 53 353 helge.rad@enivest.net
GFIL-KONTORET:
Dag Fosstvedt 970 34 389 gloppen.friidrettslag@enivest.net


Treningsstevne på Byrkjelo søndag 28 september

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Sep 2014

På tampen av sesongen....

Klokka 1200  slegge
Klokka 1300  diskos, kule, spyd, høgde og lengde. 

Men vi kjem ikkje til å rigge stadion slik bildet syner. 





Tidspunktet for treningsleiren 2015 er klart

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Sep 2014

Neste års treningsleir i Alfamar Portugal er i planleggingsfasen. Tidspunktet vert frå tysdag den 31 mars       til laurdag 11 april. Gfil har tinga hotellrom og leiligheter, tre måltider kvar dag og transport til og frå flyplass. Styret skal i løpet av første del av oktober stake ut kursen for sesongen 2015 som har JrNm på heimebane. Klart Gfil skal markere dette gjennom heile treningssesongen. Vi kan avsløre at det blir to turar til Ulsteinvik og den nye friidrettshallen som straks står ferdig. Medan hausten tek tak kan vi sjå på bildet frå Alfamar mars 2014.


Merete Helgheim klar for Nordisk mesterskap i Kappgang.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Sep 2014

Norges Friidrettsforbund har tatt ut syv kappgjengere til å representere Norge i den nordiske landskampen (mellom Norge, Sverige, Finland og Danmark) og det nordiske mesterskapet i gang som arrangeres i København på Glostrup stadion, lørdag 13.9.2014.

Håvard Haukenes, TIF Viking MS 20000 m bane
Joakim Sælen, TIF Viking U23 20000 m bane
Fredrik Vaeng Røtnes, BUL Tromsø U20 10000 m bane
Merete Helgheim, Gloppen FIK KS 10000 m bane
Josefin Greiff, Tønsberg FIK U18 5000 m bane
Ellen Nordqvist Sjøblom, Moss IL U 16 3000 m bane
Vilde Lundin, BUL Tromsø U16 3000 m bane

Gloppen fil gratulerer med uttaket


Flott UM-helg for Gloppenutøvarane

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Sep 2014

Gloppenfriidretten hadde ei flott helg i Haugesund ! Mange gode resultat og kjekt å vere ilag. Håpa alle hadde eit godt opphold og at friidretten gav meirsmak for våre 4 debutanter på 15 år ! Mange flotte oppslag i media og intervju på radio gjev topp reklame for friidretten. Sjå innom laga sine heimesider og Facebook sider. Der er mykje god lesnad frå våre moderlag.



Flott UM helg for gloppenutøvarane

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Sep 2014

Gloppenfriidretten hadde ei flott helg i Haugesund ! Mange gode resultat og kjekt å vere ilag. Håpa alle hadde eit godt opphold og at friidretten gav meirsmak for våre 4 debutanter på 15 år ! Mange flotte oppslag i media og intervju på radio gjev topp reklame for friidretten. Sjå innom laga sine heimesider og Facebook sider. Der er mykje god lesnad frå våre moderlag. 




Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Sep 2014



Portrett: Jon Rolf Skamo Hope

Postet av Gloppen Friidrettslag den 3. Sep 2014

Jon Rolf er ein av dei mest målbevisste utøvarane i Sogn og Fjordane. Ein utøvar som har innsatsvilje og ellers alle eigenskapar som skal til for å bli topputøvarar. Vi bygger oss opp mot UM komande helg med portrett av Jon Rolf. God lesnad !



Jon Rolf Skamo Hope
Alder: 16 år
Bustadadresse: Geilo/Hyen


Idrettsbakrunn i familien:
Min far var ganske aktiv i både fotball, langrenn og friidrett i sin ungdom og konkurrerte ein del.

Persar i friidrett:
- 400m: 53 sek
- 800m: 1.59. 42min
- 1500m: 4.16. 23min
- 1500m hinder: 4.30.22min
- 3000m: 8:54 min
Slik som 1500m og 1500m hinder har eg ikkje deltatt i på eit år, so eg håpar og forbetre nokre av dei under UM i år.

Plassering i skiløypa:
- 1 og 11 plass under ungdommens holmenkollrenn i 2011
- 2 og 4 plass i samme renn eit år seinare i 2012
- 1 og 2 plass under hovudlandsrennet på savallen i 2013
- 82 og 11 plass under hovudlansrennet i 2014 her var eg veldig uheldig med både ski og væirforhold som ikkje gjorde det like rettferdig. Og det er ikkje å legge sjul på at vinteren her i gloppen ikkje var so opptimal for skisport i vinter.

Fritidssysler:
Eg likar veldig godt å hjelpe til heime på gården, når eg får tid.

Favorittmåltid:
Det er utan tvil hjortebiff.

Karakteristikk av deg sjølv:
Målbevist, strukturert og positiv.

Kva har idretten betydd for deg?
Den har betydd alt.

Målsetjingar framover dei komande åra?
I dei komande åra har eg som mål å hevde meg i Norgestoppen på ski, og det hadde vore veldig artig om eg klarte å få med meg ein medalje under ungdoms OL på lillehammer i 2016 . Også har eg planar om å drive med friidrett om sommaren og kvalifisere meg til NM om nokre år.

Kor mange timar trenar du i veka på det meste?
På det meste no i sommar har det vore rundt 25/30 timar i veka. So det blir ein del trening.

Skule på Geilo:
Skulen legger opp til at vi skal kunne få satse 100% på idretten . Det er eit veldig bra opplegg der vi på mandagar og fredagar har skule i 6 timar.Då har vi økter på ettermiddagen, mens på dei andre dagane går vi på skulen i 3 timar der vi både kan ha muligheten til å trene på morningen og på ettermiddagen. Når vi har samlingsveker som kan vare opptil 14 dagar går vi ikkje på skulen men har lekser og læremål som vi må gjere.

Korleis forberedar du deg til konkurransar?
Måten eg forbredar meg på til konkurransar er som oftast at eg ser for meg korleis løpet kan bli i hovudet. Og det kan eg gå igjennom kanskje 4-5 gongar før sjølve konkurransen.

Kva er målsetningane dine under UM i år?
Eg har som mål og kunne kjempe om seieren på 1500m hinder . So hadde det vore veldig artig å komt blandt dei 3 beste på 3000m, som er dei to løpa eg skal delta i.

Satsar du mot Nm på heimebane, evt kva distanse trur du vil vere?.
Nm på heimebane er heilt klart nåke eg ser framtil og har det som eit av dei store måla for neste friidretTs sesong. Nei, det hadde vore artig å prøvd seg på eit hinderløp og 3000m so får eg sjå om det blir andre løp eg spring.




Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Sep 2014



Ungdoms Nm i Friidrett komande helg i Haugesund

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Sep 2014



Ungdomsmeisterskapet (UM) er årets høgdepunkt for våre unge utøvarar. Komande helg reiser alle kvalifiserte ungdomar i alderen 15-19 år til Haugesund for å konkurrere om edelt metall i sine respektive alderskasser. Det blir spennande dagar. Øvingane starter allereie fredag formiddag og dei fleste er på plass torsdag kveld. Under dette mesterskapet konkurrerer alle for sine moderlag og ikkje for Gfil. Vidar Hatlem er frå Hyllestad og konkurrerer for Gfil. 

Breimsbygda:
Kjersti Hjelle Eide(17), tresteg

Brodd:
Evald Osnes Devik(18-19), slegge og kule
Hans Sande(18-19) , slegge, kule og diskos
Johan Lothe(15), diskos og lengde

Flellhug/Vereide:
Lisa Selsvik(15), slegge og diskos
Malin Isane Førde(15), slegge
Steffen Fjellestad(15), slegge

Hyen:
Marius Rygg(18-19), tresteg og 400m
Jon Rolf Skamo Hope(16), 3000m, 1500mh

STIL:
Thomas Mardal(17), lengde, kule, diskos, spyd, slegge, 100m
Ingrid Hjelle Roset(17), 200m, 400 m 

GFIL:
Vidar Hatlem(17), 100m, 200 m og lengde

Jølster IL:
Mathias Førde(16), 800m 3000m


Blant dei mange gode utøvarane våre er det nok Thomas Mardal som er det sterkaste kortet. Han stiller i 6 øvingar og er gullfavoritt i 3 av dei, slegge diskos og kule. Han er i tillegg medaljekandidat i dei tre andre. Elles må vi rekne Evald Osnes Devik som gullkandidat i slegge. Fjellhug/Vereide er "på bana" igjen, tre 15-åringar som har teke til med friidrett i år er alle kvalifiserte, alle tre kan vere med å kjempe om medalje. Jon Rolf Skamo Hope er mellom favorittane på hinder og 3000m, med Tjalveløparen Thomas Jefferson Byrkjeland vert vanskeleg å slå. Gledeleg at Jølster igjen er med på UM, 16-åringen Mathias Førde har gjort store framsteg i år, spennande å sjå kor han vil hevde seg i UM.


Lang fartstid i friidretten !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Aug 2014

Knut Lunde og Gunnar Hole har pålag 100 års fartstid til saman for friidretten i Gloppen. Vi er dei stor takk skuldig for alt dei har gjort og framleis gjere. Knut har alltid ei stø hand med alle stevner som stemneleiar. Gunnar er alltid ein av overdommarane og har også hatt sponsorarbeid for Gloppen fil siste året. No er Km i gang og over 120 deltakarar er på plass på Byrkjelo. ! 


Desse to har lang fartstid i friidretten

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Aug 2014

Nær 100 års rutine innan friidretten.  Alltid på plass når noko skjer på stadion. Km er i gang på Byrkjelo. Bbil er stevneansvarleg. Nær 130 deltakarar og flott veir. Stevneleiar som alltid Knut Lunde. 


Flott Peab samling på Byrkjelo i kveld.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Aug 2014

Sogn og Fjordane Friidrettskrins i samarbeid med Gfil og moderlaga i Gloppen arrangerte i kveld Peab samling på Byrkjelo stadion. Dette var eit tilbod til alle 13 og 14 åringene i fylket som var aktuelle for krinslaget til årets landsdelsfinale som går på Osterøy 13 og 14 september. 25 utøvarar møtte fram. Ein topp kveld som starta 1730 og vart avslutta kl 2000 med pizza til alle. Alle disipliner vart trent på. Viktig arbeid for rekruttering i åra som kjem. Friidrettsungdom frå fjærn og nær i fylket vårt! Utruleg kjekt å vere idrettslagsleiar med så mange interesserte og positive trenarar og aktive. 


Hoved Nm 2014 - 2 gull - 1 sølv - 2 bronse til Gloppen Fil

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Aug 2014

Gloppen Fil kan sjå tilbake på eit flott Nm på Jessheim. Stor medaljefangst og eit flott opphold for aktive,trenarar og leiarar. 

1 Kommentar

Gull og bronse i slegge. !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Aug 2014


Trude tok GULL i slegge under Norgesmesterskapet  Jessheim i dag. Med eit lengstekast på 61,46m. Marte Rygg Årdal tok ein flott bronsemedalje. To medaljer til Gloppen Fil. Ein fantastisk dag. 

Trude Raad 61,46m
Mona Holm.60,91
Marte Rygg Årdal 60,14
Beatrice Llano 59,90


Evald Osnes Devik med ny personleg rekord og lagsrekord i slegge

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Aug 2014

Med eit lengstekast på 52,85m vart Evald nr 6 i sleggekonkurransen på Nm. Tidlegare i år har Evald kasta 51,68m. Han fekk opp kastet i 3 omgang.Flott kasting. Gloppen Fil gratulerer. hans Sande kasta ikkje opp mot sitt beste i dag med eit lengstekast 47,17m. Konkurransen vart vunne av Eivind Henriksen vann på 72,78m. 


Bronsemedalje til Elin Isane i kule

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Aug 2014

Elin Isane tok ein flott bronsemedalje i Kule med eit lengstekast på 13.19m. Vinnaren vart Kristin Sundsteigen med 14.12m. Sølvmedaljen gjekk til Ida Marcussen på 13.22m. Elin var like ved å ta sølvmedaljen ! Gfil gratulerer med super innsats Elin !! 


Thomas Mardal med 11,17 sek på 100m

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Aug 2014

Thomas Mardal sprang ein flott 100m i dag tidleg. I 5 forsøksheat sprang han inn til 5 plass med tida 11,17 sek. 0,4 medvind. Han gjekk dessverre ikkje vidare til semifinale. Kun to plassar fram så hadde han vore vidare. Han blei nr 18 av 38 100m løparar. Gfil gratulerer med topp innsats. 


Sølvmedalje til Elin Isane i Diskos i kveld. !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Aug 2014

Flott sølvmedalje til Elin Isane i kveld. Like bak årsbeste. Ho hadde to kast over 50 meter. Stabil og god kasting under kalde forhold på Jessheim Stadion. Trude greidde ein flott 4 plass var ikkje heilt opp i mot årsbeste på 48,62. Likevel nøgd.  
Marit kom ikkje opp motvekt beste denne gongen. Else fekk det ikkje til å klaffe, men var likevel nær finalekasting. 

Gfil gratulerer med 4 damer blant dei 10 beste. !!!!

Grete Etholm, 53,55m
Elin Isane 51,13 m
Solveig Fredriksen, 48,97m
Trude Raad, 47,70

nr 8 Marit Årdalsbakke, 41,78m
nr 10 Else Lundestad Bakkelid, 37,30


Merete Helgheim tok gull på 3000m kappgang

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Aug 2014

Merete Helgheim tok gull på 3000m kappgang i år som i fjor. Tida vart 14,17,95 min. Flott innsats. Gfil gratulerer med gullet. !


Portrett: Hans Sande - årets Hoved Nm debutant

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Aug 2014



Alder - 18 år
Utdanning - Vidaregåande skule (Idrettsfagleg) 2 år skal til på 3.året.
Yrkeserfaring - Sommarjobb ved Sande Settefisk i 3 år

Idrettsbakgrunn i familien?
Finst ikkje spor av i næraste ledd. Ein onkel seiast å ha vore brukande innan sprint.

Persa i friidrett?
•diskos(1,75kg) 43,6m ca.•Kule (6kg) 12,6m ca.•Slegge (6kg) 59,96m

Persa i vektløfting?
•Rykk 92kg•Støt: 121kg

Antal starter NM i friidrett?
Jr.Nm 2012-2013-2014.

Medaljer?
Sølv slegge Jr.Nm Overhalla 2013

Andre aktuelle idrettar for Hans ?
Spelt ein del handball opp gjennom åra som eg har planar om å halde fram med i mindre grad enn før. Turnar ein god del, som ein del av treninga, men driv ikkje konkurranse innanfor turn.

Fritidssysler ellers?
Jaktar på hausten og surfar på sommaren!

Favorittmåltid?
1.plass: Mat
2.plass: Mat
3.plass: Mat
Et det som er etande, sett vekk ifrå Lutefisk.

Karakterestikk av deg sjøl ?
Ser på meg sjølv som ein rimeleg løysingsorientert person, og er slett ikkje redd for å seie kva eg meinar om saker og ting.

Kva har idretten betydd for deg.
Idretten har betydd mykje for meg gjennom åra. Har dreve med aktivitet så lenge eg huskar. No dei siste åra har den teke opp nesten all fritid, nåke eg er glad for. Ingenting er like tilfredsstillande som å sjå framgangen i det enn gjer !!

Gfil miljøet?
Gfil miljøet er eit artig og koseleg miljø å få ta del i. Ein liten og samansveisa gjeng som har mykje moro på trening og på turar til stevne, treningsleir osv.

Målsettjingar framover?
Neste store mål er Jr.EM i 2015 der er kravet 66m for å kome med, noko som er høgst oppnåeleg.

Korleis forberedar du deg til konkurransar?
Har ikkje spesielle rutiner eller ritual eg går gjennom. Men eg merkar at eg tenker mykje meir gjennom eit kast dagane før ein konkurranse. Når det kjem til trening framfor ein konkurranse, så har eg ei god styrkeøkt 5-6 dagar før eg skal konkurrere og deretter ingen tung styrketrening før stevnet. Kastøktene kan ofte komme nermare 2-3 dagar før konkurranse før eg «slepper opp».

Korleis er idrettsguten Hans om 10 år. Aktiv ? Trenar ? Leiar ?
10 år fram i tid har eg ingen ide om korleis eg påvirkar idretten. Men eg kjem til å vere aktiv så lenge eg synst det er kjekt og givande.

Gledar du deg til NM tur med GFIL?
Gfil tur er alltid god stemning, hotellhelg med gode kameratar er noko som ein ser fram til ! :)



Gfil stiller med 9 utøvarar til årets Hoved Nm på Jessheim

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Aug 2014


Gloppen FIL stiller med flg. deltakarar på senior-NM på Jessheim f.k. helg:

Merete Helgheim, 3000 m kappgang
Elin Isane, kule og diskos
Trude Raad, diskos og slegge
Marte Rygg Årdal, slegge
Else Lundestad Bakkelid, diskos
Marit Årdalsbakke, diskos
Hans Sande, slegge
Evald Osnes Devik, slegge
Thomas Mardal, 100m og 200m

Dei 4 førstnemnde er medaljekandidatar. Trude og Marte hadde dobbeltsiger i slegge i fjor, i år er det 5 jenter som kjempar om medaljene. Gfil vil ynskjer alle lukke til og vil dekke meisterskapen med jamnlege oppdateringer på nettsida. Vi ser fram til Nm helga. 


Evald nr 6 i Nordisk U20 i Kristiansand

Postet av Gloppen Friidrettslag den 17. Aug 2014

Evald kasta 6 kg slegge 58,39 og fekk med det 6 plassen i konkurransen. Flott for landslagsdebuanten !. Markus Willanger fekk 5 plassen på 58,91m. Vinnaren kasta heile 75,99m. Gfil gratulerer. For ytterlegare info kontakt Evald på 46890343 eller Jørund på 41631280


Marte Rygg Årdal kasta 59,60m på Bislett i dag under Tjalvelekene.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 15. Aug 2014

Marte synte stabil form under dagens sleggekonkurranse på Bislett. I siste kast kom 59,60m. Ellers i konkurransen hadde ho 56,72 og 57,76m. Trude fekk det ikkje til å klaffe i dag. På bildet er Marte og Trude ilag med Håkon Hjelle Roset, Stil  Matias Førde, Jølster og Robert André Moldestad, BBIL.


Thomas Mardal rykker oppover på adelskalenderen på 100 m i Sogn og Fjordane !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Aug 2014

No har underteikna vore så heldig å fått stå ringside på alle 100m startane til Thomas denne sesongen. Han har synt enorm konsentrasjon og veldig gode avslutningar i kvart løp. 11,07 sek på Nya Ullevi var den foreløpige toppen. Thomas har vist stor framgang også i år. 10,90 i 2,5 medvind under Jr.Nm kan vi berre spekulere kva det hadde enda i godkjent vind. Det skal bli spennande på Hoved Nm. 

Det spørs om ikkje lagsrekorden i Gfil til Magnus Kleppe frå 1997 lever farleg. Far til Thomas, Ole Morten er allereie distansert. Han sette sin pers i 1993.

Ajourført liste - adelskalenderen i Sogn Og Fjordane 100m -

Øyvind Strømmen Kjerpeseth, Florø 10,43 sek
Jostein Joshua Fossøy, Florø 10,80 sek
Eivind Stavang, Florø   10,93 sek
Kurt Hessvik, Svelgen 10,94
Atle Strandos, Førde,  10,97
Magnus Kleppe, Gfil  10,97
Henrik Holmberg, Vik 10,98
Sindre Rørvik, Kaupanger 11,03
Jøran Laukeland, Førde 11,06
Thomas Mardal, Stil 11,07
Ole Morten Mardal, Gfil , 11,11
Roger Edvardsen, Førde /Svelgen11,13
Arnfinn Grøneng, Førde 11,14
Frode Lillehauge, Førde 11,14

Nettskribent: Nils Ove Roset.



Evald Osnes Devik er tatt ut til Jr. landskamp komande helg i Kristiansand

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Aug 2014

Landskampen går i Kristiansand og er landskamp mellom dei Nordiske Landa og er også Nordisk Jr. Meisterskap. Jørund Årdal er med som landslagstrenar i slegge. Gratulerer og lukke til. 

Sjå link på friidrett.no 

http://www.friidrett.no/nyheter/Sider/uttak-nordic...



Flott bronsemedalje til Marit Årdalsbakke, Gloppen Fil, diskos KJ22

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Aug 2014

Marit Årdalsbakke kasta 43,10 i Diskos i dag og tok med det Gloppen Fil sin 4 medalje i årets mesterskap. Vinnaren vart Solveig Fredriksen på 48.94. Kristine Berge sølv med 45,14m . Gloppen Fil gratulerer. 


Kule MJ19 - 4 plass på Thomas Mardal og 5 plass på Hans Sande.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Aug 2014

Thomas kasta 13,16 og Hans 12,26m. Konkurransen vart vunnen av Sven Martin Skagestad med 18,59m. Gloppen Fil gratulerer med flott innsats av gutane. 


Sølvmedalje til Evald Osnes Devik, Gfil i slegge MJ19

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Aug 2014

Evald Osnes Devik kasta 6 kg slegga til sølvmedalje med 61,95m. Markus Willanger vann på 62,44m. Bronsen gjekk til Jon Nerdal på 60,27m . Hans Sande kasta 56.89m og blei nr 4. Gloppen fil gratulerer. Flott kasting og ein god konkurranse. 


200 m løparane utslegne i forsøk.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Aug 2014

Ingrid Hjelle Roset og Vidar Hatlem starta i hhv KJ19 og MJ19 200m. Ingrid kom inn på 5 plass i sitt heat med 27.38 sek. Eit stykke bak Persen frå tidlegare i år på 26.50sek. Vidar vart nr 8 i sitt heat på tida 24.53 sek. Også det eit stykke bak sitt beste frå tidlegare i sommar. For desse to blir UM i Haugesund neste mål. 


Marte Rygg Årdal, Gloppen Fil - Gull i slegge KJ22

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Aug 2014

Marte Rygg Årdal tok JrNm Gull i slegge i eldste kvinneklassen med eit lengstekast på 59.21m.Gloppen Fil gratulerer Marte med sitt første gull i JrNm samanheng. Marte er veteran i JrNm samanheng med sine 7 medaljer i løpet av 8 mesterskap. I år er hennar siste år som Jr og starta på NM som 15 åring og blei då nr 5 i sin debut i Tønsberg i 2007. Sidan har det blitt medalje kvart år. Ei flott friidrettsjente frå Gloppen og Gfil. Gratulerer så mykje !


Thomas Mardal med 100m finale på 11,18 sek 1,6 medvind

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Aug 2014

Thomas løp ein god 100m finale og kom inn til 11,16 sek i godkjent vind. Han vart nr 8 i det harde 100m  
feltet som vart vunne av Amund Høie Sjursen på sterke 10,45 sek. Gfil gratulerer med ein flott avslutning på ein flott dag. 


Diskos MJ19 - Thomas Mardal nr 4 og Hans Sande nr 5

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Aug 2014

Thomas persa med eit lengstekast på heile 48,75m. Hans Sande persa også med eit lengstekast på 43,68m. Med andre ord er dei best når det gjelder. Flott kasting av begge. Vi ser no fram til sleggefinalen med Marte Rygg Årdal som gullkadidat og deretter Thomas Mardal i 100m finalen. 


Bronsemedalje i kule til Vanessa Sunde Hoel, Gloppen Fil

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Aug 2014

Vanessa tok ein flott bronsemedalje i kule med 11,86m. Matilde Roe med 12,77. Mona Jaidi sølv på 12,23. Gloppen Fil gratulerer. 


Thomas til semifinalen på 100m.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Aug 2014

Thomas sprang ein flott 100 forsøk på 11,23. Lett vidare til semi på ein klar andreplass etter Even Meinseth. Vidar Hatlem sprang opp mot sitt beste på 11,82 men vart utslått i forsøket. Semifinale klokka 1405. Vi gleder oss. Vanessa Sunde Hoel er finaleklare i kule 1445.


Portrett: Thomas Mardal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Aug 2014

Startar i sitt tredje JrNM og skal delta i Hoved Nm på Jessheim om 14 dager. Deltok også på Hoved Nm i 2013. Svært allsidig og særs spennande utøvar.

Alder; 17 år

Kvar er du i frå:
Mardal (storegjerdet)

Yrkeserfaring;
Utplassering g-sport (i samband med skulen), har måla med Nilsen og jobba med diverse småjobbar heime.

Idrettsbakgrunn i familien;
Pappa (Ole Morten) var aktiv friidrettsutøvar som dreiv med lengde, men var også bra sprinter.

Persa i friidrett;
60m: 7.24sek
100m: 11.07sek
200m: 22.51sek
Lengde: 6.57m (16 år)
Høgde: 1.75m (15 år)
Diskos: 48.03m (1.75kg) 52.99m (1.5kg)
Slegge: 57.68m (16 år, 5kg)
Kule: 15.55m (16 år, 5kg) 13.67m (6kg)
Spyd: 57.10m (700g)

Fritidssysler ellers: Blir mykje trening på fritida, og lesing til skule. Men eg får og tid til å møte venner og slappe av.

Favorittmåltid: Det må være julemiddagen!

Karakterestikk av deg sjølv:
Sporty, allsidig, seriøs, når noko skal gjerast gjer eg det skikkelig! En god venn.

Kva har idretten betydd for deg:
Idretten er en stor del av kvardagen min. Når skulen kanskje blir litt stressande kan eg bruke idretten til å koble av og få tankane over på noke anna.

Gfil miljøet / skulemiljøet på Firda Vgs:
GFIL miljøet er veldig kjekt å få være en del av, vi ser kvarandre ofte og er veldig gode vennar. Skulemiljøet er også fantastisk bra!

Målsetjingar framover – friidrett:
Neste år er målet å gå en mangekamp og sjå om det er noko å satse på. EM kravet i diskos på 53.00m med 1.75kg diskosen er ikkje avskrekkande heller, mykje jobb skal gjerast og teknikken skal stemme maksimalt, men det er absolutt ikkje umulig! Ei anna målsetjing er å bli tatt ut til nordisk juniorlandskamp / juniormesterskap.

Korleis forberedar du deg til konkurransar mentalt/trening etc:
Før konkurransar er det viktig å prøve å få det største moglege overskotet,å kjenne at kroppen fungerer lettare og betre enn vanlig hjelper også psykisk. Dagane før konkurransen pleier eg å gå igjennom den ideelle konkurransen i hovudet mitt og tenker på kva eg kan gjere for at eg skal prestere best mogleg

Gledar du deg til NM tur med GFIL:
Turane med GFIL pleier alltid å være veldig sosiale og godt planlagde slik att utøverane får en best mogleg opplevelse.


Årets NM debutant - Vidar Hatlem

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Aug 2014

Alder:
16 blir 17 den15. August

Kvar er du i frå:
den idylliske bygda Lifjorden i Hyllestad kommune ytterst ved Sognefjorden.

Kva fekk deg til å søke Firda:
Eg fekk høyre at miljøet på Firda var svært bra, og at dei la til rette for svært mange ulike idrettar.

Yrkeserfaring (sommarjobbar etc):
Har hatt sommerjobb på Marine Harvest (fiskeoppdrett).
Eg er også oppvaksen på gard.

Idrettsbakgrunn i familien:
Pappa har både vore med aktivt på fotball og friidrett. Og dei aller fleste i familien min har vore innblande med idretten på ein eller anna måte.

Persa i friidrett:
100m - 11,75. 200m - 24,02. Lengde - 6,03

Andre aktuelle idrettar for Vidar:
Fotball har vore ein stor del av heile livet mitt, men eg har sette dette på vent, for å sjå kva eg kan prestere på friidrettsbana. Og fart er ein god eigenskap å ha med seg tilbake på fotballbana også!

På fritida likar eg einten å trene, eller vere med kompisar og finne på tull. Men eg har ikkje noko problem med å sige ned i ein stol etter ein lang dag.

Favorittmåltid må vere ribba på julafta, men sannheita er at eg nesten et alt eg kjem over.

Karakterestikk av deg sjøl : rolig, målbevisst, treningsnarkoman.

Kva har idretten betydd for deg:
Eg har vore i idretten så lenge eg kan hugse. Og den har gitt meg svært mange gode venner og opplevelsar.

Gfil miljøet / skulemiljøet på Firda Vgs:
Miljøet i GFIL er svært bra. Alle kjenner alle i GFIL og det er ikkje problem å spørre om noko, for det er så stor idrettskompetanse i gruppa. Skulemiljøet er svært bra. Idrettsklassen er ein godt samansveisa gjeng som finn på mykje gøy.

Målsettjingar framover - friidrett:
målet kommande sesong er å komme under 11,5 på 100 meteren. Med god trening denne vinteren trur eg det er eit mål eg skal klare å nå.


Korleis forberedar du deg til konkurransar
mentalt/trening: Eg gjer meg bevisst på kva eg må få til med teknikken. Og gjer meg mentalt forberedt på korleis startaren vil skyte startskuddet.

Gledar du deg til NM tur med GFIL: ja, å reise med GFIL er sosialt og kjekt.



GFIL stiller med ein sterk tropp på 8 deltakarar på NM-junior i Fredrikstad til helga:

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Aug 2014


Bilde: Lagleiaren (Ole Morten) til JrNm i djup konsentrasjon før meisterskapen

Ingrid Hjelle Roset, 200m
Vanessa Sunde Hoel, kule
Marit Årdalsbakke, diskos
Marte Rygg Årdal, slegge
Thomas Mardal, 100m, kule og diskos
Vidar Hatlem, 100m og 200m
Hans Sande, kule, diskos og slegge
Evald Osnes Devik, slegge

Fleire av desse er medaljekandidatar: Marte Rygg Årdal med fersk sølvmedalje frå Nordisk er nok vår sikraste gullkandidat. Marit Årdalsbakke, Vanessa Sunde Hoel og sleggekastarane Evald Osnes Devik og Hans Sande er også kandidatar til ein plass på pallen. Devik toppar i år den norske juniorstatistikken i slegge med 63,35m.

Dei tre 17-åringane Ingrid Hjelle Roset, Vidar Hatlem og Thomas Mardal vil måtte kjempe mot dei som er to år eldre, difor blir det vanskeleg å nå heilt til topps. Thomas Mardal er rett nok suveren i si årsklasse på lansdsbasis, konkurransen i NM-jun er hard og her må han m.a. konkurrere mot to VM-finalistar i diskos.


Sparebanken Sogn og Fjordane og GFIL har signert avtale.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Aug 2014

I dag signerte Generalsponsoren vår ny samarbeidsavtale med GFIL. Den varer nokre år framover og er avgjerande for drifta av klubben.  Gfil er særs nøgde med innhaldet i avtala og ser fram til samarbeidet.


Sparebanken Sogn og Fjordane og GFIL har signert avtale.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Aug 2014

I dag signerte Generalsponsoren vår ny samarbeidsavtale med GFIL. Den varer nokre år framover og er avgjerande for drifta av klubben.  Gfil er særs nøgde med innhaldet i avtala og ser fram til samarbeidet i åra som kjem.


Flotte resultat på Bislett i kveld

Postet av Gloppen Friidrettslag den 3. Aug 2014

Stabil og god kasting av alle våre i kveld under Elitestevnet på Bislett. Evald og Hans enda på hhv 51.21 og 49.80 med seniorslegga. Der Evald var nærmast sin personlege rekord på 51.68. Marte synte seg som den beste av våre to gode kvinnelege sleggekastarar i kveld med nok eit resultat over 60m. 60.14m vart resultatt. Trude kasta 59,21m. Elin Isane kastar seg inn mot senior NM form med eit kjempeflott diskoskast kast på 50,38m. Imponerande ! Trude kasta diskosen 43,61m eit stykke bak personleg rekord. Gfil gratulerer med innsatsen !


Portrett: Marit Årdalsbakke

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Aug 2014

Marit Årdalsbakke - Nm deltakar i Diskos.

Alder: 22 år

utdanning - så langt:
Idrett grunnfag. Begynner på 3. år på Fysioterapi - mensendieck.

Yrkeserfaring (sommarjobbar etc):
Sommarvikar på skei omsorgssenter i 6 år. Både på kjøkkenet og på avdelinga dei siste 4 åra.

Idrettsbakgrunn i familien:
Mamma var aktiv svømmer som ung. Pappa var aktiv friidrettsutøvar, seinare min første trenar i kast. Min eldste bror, Stian var også aktiv kastar.

Persa i friidrett: Diskos: 43.20

Persa i vektløfting:
Rykk: 75 kg, Støt: 93 kg.

Antal starter NM i friidrett:
I år blir det nr 4.

Medaljer:
2012: NM junior friidrett: Sølv i diskos
NM senior vektløfting: gull i 63 kg klassen
NM jr vektløfting: Bestemansspremie
2013: NM junior friidrett: Sølv i diskos.
2014: NM senior vektløfting gull i 63 kg klassen.

Andre aktuelle idrettar for Marit:
Eg er også aktiv vektløfter, det siste året har dette vert min "hovudidrett" og eg har ikkje kasta noko i vinter.

Fritidssysler ellers:
Elles så er eg opptatt med min kjæraste og sambuar. Er sjølvsagt glad i å vere med venner. Trening tar mykje tid så blir ikkje så mykje tid til anna enn skule og trening.

Favorittmåltid:
Trur eg må gå for taco altså, kjedelig men sant!

Karakterestikk av deg sjøl:
Strukturert, effektiv, blid, treningsglad, motivert.

Kva har idretten betydd for deg:
Friidrett er ein idrett som eg "alltid" har holdt på med. Frå eg var liten så var eg med på alt av hopp, sprang og kast. Den har gitt meg mykje glede og kjekke stunder. Få nye venner, nye perser og det gode miljøet i friidrettsnoreg gjer at ein har lyst å fortsette. Spesielt etter at eg har spesialisert meg innanfor kast og då diskos så er vi ein kastgjeng som er samla og godt kjent i oslo området, dette er veldig kjekt.

Gfil miljøet:
Hovudgrunnen til at eg skifta klubb frå Jølster til Gfil var på grunn av det gode miljøet og dei gode trenarane som fantest i klubben. Kastmiljøet er ekstremt bra og det er veldig kjekt å vere på tur med heile gjengen.

Målsettjingar framover - vektløfting og friidrett:
Målsettingar i vektløfting frammover er å stå på, bli sterkare og alltid få framgang. hovudmålet mitt er EM på heimebane i Førde i 2016. Eg håpar eg klarre å kvalifisere meg til det og at det er mange som kjem og ser på! :D Ellers før den tid så satsar eg på å få litt mesterskapserfaring internasjonalt, gjerne U23 EM neste år o.l. Innan friidrett så har eg ikkje sett meg nokon klare mål eigentleg, eg har ikkje visst om eg skulle vere med på nokre stevner i år før no i sommmar, så det blir å ta det litt på sparket, men er veldig kjekt å sjå framgang i kastinga og sjølv om det har blitt minimalt av dette i vinter. Det viser at ein god fysikk og styrke er viktig! Sjølvsagt hadde det vert kjekt med ein ny personleg rekord i sommar.

Korleis forberedar du deg til konkurransar
mentalt/trening etc.: Forberedelsane mine til ein konkuranse blir å prøve å få eit overskot, legge opp treninga med siste styrkeøkt to dagar før konkurranse og gjerne lettare trening enn vanleg heile veka. Så er det ein kviledag/oppladingsdag dagen før. Eg bruker ein del visualisering for å forberede meg mentalt på konkurransen. så har eg jobba ein del med pust og avspenningsøvingar for å ha kontroll på nervene.

Korleis er idrettsjenta Marit om 10 år. Aktiv ? Trenar ? Leiar ?:
Om 10 år så reknar eg med at eg er ein aktiv mosjonist. Fysioterapaut og trenar innanfor friidrett og/eller vektløfting.

Gledar du deg til NM tur med GFIL:
NM-tur med GFIL blir kjekt som alltid! :D



5 frå Gfil til Elitestemne på Bislett

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jul 2014

Laurdag 2.8. er det Elitestemne på Bislett, GFIL stiller med flg:

Trude Raad, slegge og diskos
Marte Rygg Årdal, slegge
Elin Isane, diskos
Hans Sande, slegge
Evald Osnes Devik, slegge


Elin er i fin trening framfor NM, ho jaktar også i år på 50-metersstreken. arte vil nok gje Trude hard kamp, 63-meterskastet i København var ei fin vitamininnsprøyting. Evald og Hans er på jakt etter å forbetre GFIL-rekorden på 51,68 med seniorslegga.

Vi ønskjer lukke til!


Generalsponsoren vår, Sparebanken Sogn og Fjordane

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jul 2014

Sparebanken Sogn og Fjordane har vore med oss sidan skipinga i 1990 og er vår viktigaste bidragsytar. Vi er stolte av å ha dei med på laget og set stor pris på støtta.


Viktig med profilering

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jul 2014

Sogn og Fjordane Energi og Kavli er to av våre viktigaste samarbeidspartnere. Ein del av avtala er å gjere desse to selskapa synlege og her monterer vi stadionreklame under Sparebankleikane.


Då Kavli hadde produktplassering under Sparebankleikane 2014

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jul 2014

Skyr-youghurt i fire variantar vart delt ut til deltakarar og publikum under stemnet i juli. Smørost og knekkebrød til alle deltakarane. God måte å marknadsføre ein god samarbeidspart på med gode produkt.


No kan du kjøpe Gfil-jakke hos G-Sport Sandane

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jul 2014

Jakkene kostar for medlemer kr. 639,- og er å få kjøpe i blå og rosa. Kvite t-skjorter er og å få kjøpt. Lisberh på "sporten" hjelper deg.


No kan Gfilmedlemer kjøpe jakke

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jul 2014

Jakkene kostar for medlemer kr. 639,- og er å få kjøpt i blå og rosa. Kvite t-skjorter er og å få kjøpt. Lisbeth på sporten hjelper deg.




Fellestrening torsdagar kl 1830

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Mai 2014

Det er avreise Stilstova kl. 18.00.



Framoleikane neste helg - mange frå Gloppen som skal til Bergen

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Mai 2014

Kjekt at mange er med på Framo-leikane, både yngre og eldre.


Gloppen friidrettskule 24.-26. juni 2014

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Mai 2014

No kan du melde deg på! I år skal Gloppen Friidrettslag med Irene Slagstad i spissen vere arrangør av friidrettskule for born. Det vert aldersgruppa 1.-5. klasse som skal få delta, 24.-26. juni. Påmeldingsfristen er satt til mandag 16. juni.



Gloppenmesterskap

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Mai 2014

Flott deltaking på torsdag, Byrkjelo Stadion