Gode tider for friidretten !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Des 2015

Bildet er frå Portugal 2015. Vi har akkurat 3 månader no med hard trening før vi sit på flyet og då er våren i anmarsj ! Kjekt å sjå på bilder med sol og varme no i mørketida !

Snart er 2015 historie ! Nyleg gjennomførte vi samling med over 30 friidrettsungdomar. Gloptimisten er ute i postkassene og kalendaren er straks utseld. Det er aktive tider. Nok eit år med gode resultater og god deltaking på friidrett. Dei aktive presterer godt og det er bra rekruttering. Det siste kunne alltid vore betre og svingningane føle som oftast enkelte eldsjeler sin inntreden (eller motsett) i friidrettsgruppene. No er det BBIL som har blomstra mest siste åra med Reidar og Ola i spissen. Det er den type eldsjeler som gjev aller mest att for ungdomen som vil yte og lære på idrettsbana. Ungdomen er idrettens grunnpilar ! I åra som kjem er vi avhengige av gode rekrutteringstiltak i form av samlingar og stevner for ungdomen. I snart 26 år har Gfil vore ein samlande faktor for aktiv friidrett i kommunen. Vi var vel av mange dømde nord og ned i starten, men vi har stått av dei fleste stormar og klubben framstår i dag som solid og med klare målsettjingar om å drifte godt i åra som kjem. Klubben vert dreven av eldsjeler utan noko form for godtgjersle.

Ei spesiell takk til våre økonomiske støttespelarar. SPAREBANKEN er generalsponsor, SFE, RETURA NOMIL, NORDFJORD SKIFER og GLOPPEN HOTELL er hovedsponsorar. Vidare har vi med oss G-Sport og Craft samt Kavli. Oppatt på alt dette har vi annonsørar i både Gloppenkalenderen og Gloptimisten. Utan desse støttespelarane som gjev oss tryggleik ville ikkje utøvarane hatt mulighet til å trene og konkurrere på toppnivå. Komande år starter med landslagssamling den 8-9 og 10 januar. Vi ynskjer alle ei god høgtid med mykje trening !



Trening i Jula !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 15. Des 2015

Endeleg snart juleferie ! Det betyr ekstra fritid og ekstra tid til å trene godt ! Vi trenar slik i jula.

Treningane neste veke frå 21 des til Veslejulafta går som vanleg.

27 des klokka 1530 - fellesøkt 3 juledag møtes vi til sirkeltrening på Byrkjelo i gymsalen.

28 des klokka 1200 løpsøkt kondisjon i Bukta. Kast på Loggane og styrke på Rygg skule

29 des klokka 1600 fellesøkt i Trivselshallen

30 des klokka 1200 Intervall i Bukta - kast på Loggane og styrke i Rygg skule





30 aktive på samling på Loggane og i Trivselshallen

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Des 2015

Flott treningslaurdag er gjennomført. 30 aktive og 10 trenarar / leirarar stod for ein aktiv og innhaldsrik dag i går. Loggane med diskos og slegge, Firdahallen med spyd og buktaveiene med korte og lange løp var formiddagsøkta. Flott lunsj på Gloppen Hotell med mykje egg og bacon. I fem tida hadde vi sprint / litt kast og ei basisøkt i hallen før vi avslutta med middag i Stil stova.

Laksevåg og Gfil har etter kvart tradisjonar på å trene i lag. Eit flott samarbeid. Utøvarar frå heile Gloppen deltok. Dette er viktig tiltak for godt friidrettsamarbeid i kommunen. Takk til alle som hjalp til med å få dette gjennomført !



Hans Sande, Thomas Mardal og Evald Osnes Devik på Rekrutteringslandslaget i 2016 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Des 2015

Våre jr kastarar er klare for nok ein sesong på jr.landslaget. Gloppen fil gratulerer ! Første samling i 2016 vert allereie 8-9 og 10 januar på TIS. Dette er viktige treffpunkt for å sikre vidare framgang.

Norges Friidrettsforbund har tatt ut rekrutteringslandslag for 2016.

Over 150 utøvere i alderen 16-25 år og 111 personlige trenere er tatt ut på Norges Friidrettsforbunds rekrutteringslandslag for 2016. Det første tiltaket skjer allerede til helgen når 64 utøverer og trenere på rekrutteringlsandslaget i mangekamp og hopp møtes på samling i Oslo.

Målet med rekrutteringslandslaget er å bidra til å skape flest mulige finale- og medaljekandidater i seniorklassen. Delmål på veien kan være å kvalifisere seg til internasjonale junior- og ungdomsmesterskap.

Rekrutteringslandslaget er et tiltaksbaert prosjekt der en søker å utbre "best practice" innenfor trening i hver øvelsesgruppe. Alle utøvere inviteres inn i prosjektet sammen med trener.

Aktivitetene som tilbys og oppfølgingen deltakerne får, er et supplement til den viktige daglige treningen. Når de beste utøverne og trenerne deres samles, er det en god arena for erfaringsutveksling og nettverksbygging. Rekrutteringslandslagene drives noe ulikt fra øvelsesgruppe til øvelsesgruppe.

Her kan du lese mer om rekrutteringslandslaget og under er linkene til uttaket:

Rekrutteringslandslaget kast

Rekrutteringslandslaget mangekamp og hopp

Rekrutteringslandslaget Holta sprint og hekk med stafett

Rekrutteringslandslaget Holta Runners, mellom- og langdistanse



Mange flotte resultater av glopparar 11-19 år !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Des 2015


Robert Andre Moldestad; BBIL er ein flott representant for dei unge lovande friidrettsutøvarane. Med 11,65 sek på 100m er han kvalifisert til neste års jr.Nm i Brandbu. Her fotografert etter bronseløpet på 100m under UM som gav solid pers !

10 på topp Noreg 11-19 år 2015

Plass

Namn, lag

Øving

Resultat

Stad

Dato

1

Magnus Storsletten, Hyen G15

Slegge(4)

54,67

Hyen

10.09.

1

Thomas Mardal, STIL G18/19

Kule(6)

16,73

Lillehammer

212.06.

1

Thomas Mardal, STIL G18/19

Diskos(1,75)

56,57

Loggane

01.10.

1

Vincent Sondsre Førde, G18/19

3000 m H

9.31,31

Byrkjelo

14.08.

2

Ørjan Rygg, Hyen G14

Slegge(4)

49,82

Byrkjelo

26.06.

2

Kristine Rustøen, STIL, J13

400 m

1.09,58

Byrkjelo

26.06

2

Thomas Mardal, STIL, G18/19

Slegge(6)

64,82

Loggane

31.10.

2

Steffen Fjellestad, Fj/Ver G15

Slegge(5)

44,34

Lillestrøm

12.09.

2

Håvard Hetle, BBIL G12

Slegge(3)

22,52

Byrkjelo

26.06

3

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Liten b.(150g)

34,73

Stord

16.08.

3

Arne Osnes Devik, Brodd G14

Diskos(1)

36,11

Byrkjelo

27.06

3

Robert Andrè Moldestad, BBIL G15

100 m

11,65

Lillestrøm

11.09.

3

Håkon Hjelle Roset, STIL G15

Slegge(4)

51,92

Loggane

31.10.

3

Hans Sande, Brodd G18/19

Diskos(1,75)

44,66

Loggane

04.07.

3

Hans Sande, Brodd G18/19

Slegge(6)

64,68

Byrkjel0

15.08

3

Lisa Selsvik, Fj/Ver J16

Slegge(3)

45,94

Lillestrøm

12.09.

4

Arne Osnes Devik, Brodd G14

Slegge(3)

45,71

Loggane

21.06.

4

Robert Andrè Moldestad, BBIL G15

60 m

7,61(+0,7)

Fana

30.05.

4

Håkon Fjellestad, Fj/Vereide G15

Slegge(4)

45,57

Loggane

04.10.

4

Håvard Hetle, BBIL G12

Kule(3)

9,81

Byrkjelo

27.06

4

Vidar Hatlem, GFIL G18/19

Lengde

6,39(+0,7)

Byrkjelo

28.06.

4

Hans Sande, Brodd G18/19

Kule(6)

13,18

Lillestrøm

12.09.

5

Jon Rolf Skamo Hope, Hyen G17

1500 m

4.06,35

Byrkelo

28.06.

5

Jon Rolf Skamo Hope, Hyen G17

3000 m

8.48,69

Hyen

22.07.

5

Johan Lothe, Brodd G16

Diskos(1,5)

30,21

Byrkjelo

27.06.

5

Lisa Selsvik, Fj/Ver J16

Diskos(1)

29,00

Byrkjelo

27.06

6

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Kule(2)

8,38

Ulsteinvik

20.09.

6

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Spyd(400)

21,65

Ørsta

23.08.

6

Jon Rolf Skamo Hope, Hyen G17

800 m

2,00,33

Byrkjelo

28.06

7

Ørjan Rygg, Hyen G14

Kule(4)

11,55

Byrkjelo

05.09.

7

Magnus Storsletten, Hyen G15

Kule(4)

11,89

Fana

30.05.

7

Håkon Hjelle Roset, STIL G15

Diskos(1)

38,89

Lillestrøm

11.09.

9

Thomas Mardal, STIL G18/19

100 m

10,97(-0,5)

Byrkjelo

28.06.

9

Håkon Fjellestad, Fj/Ver G15

Diskos(1)

37,40

Byrkjelo

01.10.

9

Ingeborg Raftevold, GFIL J17

Høgde

1,50

Byrkjelo

27.06.

10

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Høgde

1,25

Byrkjelo

28.06.



11-19 år - mange flotte resultat av gloppenutøvarar i 2015 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Des 2015

Robert Andre Moldestad; BBIL er ein flott representant for dei unge lovande friidrettsutøvarane. Med 11,65 sek på 100m er han kvalifisert til neste års jr.Nm i Brandbu. Her fotografert etter bronseløpet på 100m under UM som gav solid pers !

10 på topp Noreg 11-19 år 2015

Plass

Namn, lag

Øving

Resultat

Stad

Dato

1

Magnus Storsletten, Hyen G15

Slegge(4)

54,67

Hyen

10.09.

1

Thomas Mardal, STIL G18/19

Kule(6)

16,73

Lillehammer

212.06.

1

Thomas Mardal, STIL G18/19

Diskos(1,75)

56,57

Loggane

01.10.

1

Vincent Førde, GFIL G18/19

3000 m H

9.31,31

Byrkjelo

14.08.

2

Ørjan Rygg, Hyen G14

Slegge(4)

49,82

Byrkjelo

26.06.

2

Thomas Mardal, STIL, G18/19

Slegge(6)

64,82

Loggane

31.10.

2

Steffen Fjellestad, Fj/Ver G15

Slegge(5)

44,34

Lillestrøm

12.09.

2

Håvard Hetle, BBIL G12

Slegge(3)

22,52

Byrkjelo

26.06

3

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Liten b.(150g)

34,73

Stord

16.08.

3

Arne Osnes Devik, Brodd G14

Diskos(1)

36,11

Byrkjelo

27.06

3

Robert Andrè Moldestad, BBIL G15

100 m

11,65

Lillestrøm

11.09.

3

Håkon Hjelle Roset, STIL G15

Slegge(4)

51,92

Loggane

31.10.

3

Hans Sande, Brodd G18/19

Diskos(1,75)

44,66

Loggane

04.07.

3

Hans Sande, Brodd G18/19

Slegge(6)

64,68

Byrkjel0

15.08

3

Lisa Selsvik, Fj/Ver J16

Slegge(3)

45,94

Lillestrøm

12.09.

4

Arne Osnes Devik, Brodd G14

Slegge(3)

45,71

Loggane

21.06.

4

Robert Andrè Moldestad, BBIL G15

60 m

7,61(+0,7)

Fana

30.05.

4

Håkon Fjellestad, Fj/Vereide G15

Slegge(4)

45,57

Loggane

04.10.

4

Håvard Hetle, BBIL G12

Kule(3)

9,81

Byrkjelo

27.06

4

Vidar Hatlem, GFIL G18/19

Lengde

6,39(+0,7)

Byrkjelo

28.06.

4

Hans Sande, Brodd G18/19

Kule(6)

13,18

Lillestrøm

12.09.

5

Jon Rolf Skamo Hope, Hyen G17

1500 m

4.06,35

Byrkelo

28.06.

5

Jon Rolf Skamo Hope, Hyen G17

3000 m

8.48,69

Hyen

22.07.

5

Johan Lothe, Brodd G16

Diskos(1,5)

30,21

Byrkjelo

27.06.

5

Lisa Selsvik, Fj/Ver J16

Diskos(1)

29,00

Byrkjelo

27.06

6

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Kule(2)

8,38

Ulsteinvik

20.09.

6

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Spyd(400)

21,65

Ørsta

23.08.

6

Jon Rolf Skamo Hope, Hyen G17

800 m

2,00,33

Byrkjelo

28.06

7

Ørjan Rygg, Hyen G14

Kule(4)

11,55

Byrkjelo

05.09.

7

Magnus Storsletten, Hyen G15

Kule(4)

11,89

Fana

30.05.

7

Håkon Hjelle Roset, STIL G15

Diskos(1)

38,89

Lillestrøm

11.09.

9

Thomas Mardal, STIL G18/19

100 m

10,97(-0,5)

Byrkjelo

28.06.

9

Håkon Fjellestad, Fj/Ver G15

Diskos(1)

37,40

Byrkjelo

01.10.

9

Ingeborg Raftevold, GFIL J17

Høgde

1,50

Byrkjelo

27.06.

10

Anne Lovise Indrebø, BBIL J11

Høgde

1,25

Byrkjelo

28.06.




Gloppen Fil inviterer til treningslaurdag den 12 desember

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Nov 2015

Aldersgruppene f.o.m dei som fyller 13 år i 2016. Påmelding samla frå moderlaga ei veke før. 100 pr person. Vi får besøk frå Laksevåg IL. Det blir kjekt ! Foreldre må stille med bilar så vi kjem oss lettvint att og fram til Loggane og Bukta.

0930 Oppmøte Firdahallen. Inndeling i grupper: Sprint,mellom/lang og kast.

10.00 – 12.00

Sprintgruppa: Bakkesprint. Ansv.Reidar,Jan Otto

Mellom/lang: Interv. Ansv: Harald,Nils Ove

Begge gruppene i Bukta på grusvegane.

Kast Loggane: Slegge: Ansv Jørund

Diskos: Ansv: Ole Morten ,Else

Kule: Jørund, Ole Morten

12.30- 1330 Felles mat på Gloppen Hotell

1700- 1900 Trening i Firdahallen

Mellom/lang: Langkøyring ca 1 time.

Sprint: Drill/teknikk/ flytsprint/fotocelleløping.

Kast: Drill/slegge/diskos i kastburet/med. ball.

Felles basisøkt til slutt ca 20 min.

Ansv. på dei forskj. disiplinane som første økt.

1930 (ca) Fellesmiddag i Stilstova

Dette er noko vi gledar oss til. Eit møtepunkt i mørkaste tida på året er viktig. Til felles inspirasjon og framgang. For ytterlegare info kontakt gjerne Gfil på 41415380 eller gloppen.friidrettslag@enivest.net



Gloppenkalenderen 2016 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2015

Gloppenkalenderen 2016 er i sal ! Årets kalender har uvurderlege bidragsytarar ! Fotografer som gjev sine blinkskot til friidretten gratis. Gode annonsørar og ikkje minst gode hjelparar på Sporten, Sparebanken og Rønnekleiv eftf. Desse sel Gloppenkalenderen over disk gratis til inntekt for ein aktiv idrett som på alle måtar markerer seg både lokalt og nasjonalt. Så kjem våre aktive og leiarar litt rundt på dørene og sel. Ta godt i mot dei ! Prisen er den same som den har vore i alle år - 100 kroner. På bildet reklamerer vår gode utstyrsleverandør G-Sport Sandane både for sitt gode utval av joggesko samt den flotte kalenderen som er å få kjøpt i butikken. Ho på biletet er den alltid blide og hjepsomme Ingrid Sundal Søreide !



Flotte resultater på Byrkjelo denne veka !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Okt 2015

Siste seriestevner på Byrkjelo denne sesongen vart gjennomført tysdag og torsdag kveld. Opplett, men litt plagsom sørleg vind, særleg for løp. Småkjøleg, ca 10°C begge kveldane.

Tysdag kveld sprang Vincent Førde (18), GFIL 2000m hinder (91,4)på den gode tida 6,14,94 min som er pers med over 3 sekund.

Torsdag var fleire i elden.

Thomas Mardal (18), STIL,
sette to nye personlege rekordar i diskos, fyrst med 1.75kg med resultatet 56.57m, før han sende 2kg-skiva over 50m for fyrste gong (50.52m). Med dette sletta han Øystein Bjørbekk sin «uslåelege» aldersrekord med seniordiskosen for 18-åringar med over meteren! Resultatet med 1.75kg er forbetring av jun.krinsrekorden, og 3.plass på Norgesstatistikken gjennom tidene for 18-åringar. Gratulerer, Thomas!

Jens Christian Andenæs (22), GFIL,var endeleg tilbake på bana, for å gjere ein seriedugnad for GFIL. I høgde gjekk han lett over 1.85m, og i spyd kasta han 49.74m. I høgde u.t. vart resultatet 1.55, og i lengde u.t. strekte han seg til 2.97m. Alle resultata er særs viktige for GFIL sitt herrelag som no aspirerar til opprykk frå 2.div til 1.div! Godt jobba, Jens!

Vincent Førde (18), GFIL, debuterte på 5000m, og kom i mål på tida 16.12,03 min. Med ein siste 1000m på 3.03 og ein sisterunde på 68 sek så synte Vincent at det bur ein svært god distanseløpar i han. Også dette eit resultat som inngår i lagserien. I same løpet sprang 13 år gamle Håvard Klakegg (Jølster) inn til den glimrande tida 18.20,29 min.

Elles må det nevnast at det i diskos vart flott ny pers på Håkon Fjellestad (g15) 1kg, 37.40m. Han vart slått med knepne 36cm av Håkon Hjelle Roset (15), så her ligg det an til mange flotte duellar i åra framover.



Um - Lillestrøm - oppsummering !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Sep 2015

Ungdomsmesterskapet er oppdelt i aldersklassane G/J 15-16-17 og 18/19 år.

Thomas gjorde det spennande
Thomas Mardal, Sandane T&IL var førehandsfavoritt til gull i diskos. Fram til siste kast låg han på ein andreplass eit godt stykke bak personleg rekord på 56,26 meter.

Thomas viste sterk vinnarvilje då han klemde til med 56,02 i siste kast og sikra dermed gullet med solid margin. Dette resultatet er inne på topp 20 i Europa på juniorstatistikken i år og 4 beste i Norge gjennom alle tider i klassa.Thomas hadde frå før sikra gull i kule med god margin. (saksa frå SFFIK)

Fredag 11.sept:

G15 diskos (1kg)

Håkon Hjelle Roset (STIL) tok ein sterk 4.plass med resultatet 38.89m, ein snau meter frå medalje. Dette var samstundes ny pers! Håkon Fjellestad (Fj./Ver.) vart nr.7 med 35.46m og Håvard Kolbotn (BBIL) vart nr.10 med 32.41m. Alle tre var debutantar i eit mesterskap, og gjorde ein strålande innsats!

G15 100m

Her kom ein av dei store overraskelsane resultatmessig: Robert Andrè Moldestad (BBIL) kom til meisterskapen med ein pers på 11.82, og kom seg greitt til finalen. I finaleløpet dundra han inn til bronsemedalje på tida 11.65 i lett medvind!! Fantastisk flott løp som utløyste stor jubel blant glopparane på tribuna.

G18/19 100m

Vidar Hatlem (GFIL) sprang forsøksheatet på tida 11.87 i motvind 0.7, dette heldt dessverre ikkje til avansement. Persen frå framoleikane er på sterke 11.35 sek.

Diskos J16 (1kg)

Lisa Selsvik (Fj./Ver.) hadde ikkje heilt dagen i «buret» og tok den litt sure 4.plassen med 25.75m, eit stykke bak persen. Hadde ho kasta opp mot årsbeste (29.00) hadde det helde til bronsemedalje (sølvet gjekk på 29.00..).

Slegge G18/19 (6kg)

Her hadde vi med to gutar: Hans Sande (Brodd) kasta 62.25m, likt med vinnar Jon Nerdal. Han «tapte» dermed gullet på kortare nestbeste-resultat, 7 cm var marginen.. Allikevel flott sølvmedalje på Hans, som kasta heilt opp mot sitt beste. Thomas Mardal (STIL) tok bronsemedaljen med resultatet 58.40m.

3000m G17

Jon Rolf Skamo Hope (Hyen) er i full trening mot skisesongen, men deltek også på baneløp sommarstid. På 3000m vart han nr.5 med tida 8.52,67, snaue 9 sek frå medalje. Han måtte dermed persa med 5 sekund for å ha kjempa om bronsen. Flott løp av Jan Rolf.

Lengde G18/19

Vidar Hatlem (GFIL) var også med i lengde, der han kunne kjempe om bronsemedaljen. Litt kluss med tilløpet gjorde at han ikkje rakk heilt opp denne gongen, men sistehoppet på 6.11m gav 4.plass, berre 7cm opp til 3.plassen.

400m J18/19

Ingrid Hjelle Roset (STIL) åpna forrykande i det siste og beste heatet på 400m, og leia ut av fyrste sving. Åpningsfarten fekk nok konsekvensar, og i mål var ho nr.7 på tida 61.36 sek. Dette gav 9.plass totalt, men tida var årsbeste. Neste gong står ho betre inn!



Laurdag 12.sept

Slegge J16 (3kg)

Lisa Selsvik (Fj./Ver) var nok ivrig etter å vise seg fram etter ein litt skuffande dag i diskos, og sleggetreninga tidlegare i veka hadde vist at ho var i form. Her klaffa det mykje betre, og med eit bestekast og ny pers, 45.94m vart det sølv på Lisa, under ein meter frå gullet!

200m G15

Robert Andrè Moldestad (BBIL) er nok fyrst og fremst ein kortsprintar, men klarte seg fint i forsøksheatet på 200m. Med tida 24.83 sek fekk han 5.plass i heatet og dermed ikkje vidare til finalen. Persen er på 24.60 frå Sparebankleikane tidlegare i sommar.

Slegge G15 (4kg)

Også her hadde vi med tre gutar frå kommunen: Magnus Rygg Storsletten (Hyen) hadde tidlegare i veka sett årsbeste i landet med 54.67, og gjorde ein knallgod konkurranse, der fem av kasta var over 51 m. Bestekastet vart målt til 52.69m, berre 16cm kortare enn vinnaren. Flott sølvmedalje til Magnus! Håkon Hjelle Roset (STIL) tok ei flott bronsemedaljen med eit kast på 47.50m, også det eit resultat heilt opp mot årsbeste! Håkon Fjellestad (Fj./Ver) vart nr.4 med ny pers, 40.48m! Tre gutar frå heimbygda blant topp fire viser at Gloppen er kastkommunen i Norge, i alle fall i slegge!

Slegge G16 (5kg)

Steffen Fjellestad (Fj./Ver) tok sølv i UM i fjor, og det same vart det i år! Med eit bestekast på 44.34m sette han samstundes ny personleg rekord!

200m J18/19

Etter eit 400m-løp dagen før, var Ingrid Hjelle Roset (STIL) klar for 200m i dag. I sitt forsøksheat vart Ingrid klokka inn på 27.56 sek, og 5.plass (14.plass totalt). Tida var årsbeste for Ingrid.

Spyd G17 (700gr)

Sjølv om han ikkje er gloppar, er Simon Lidal (Jotun) ein del av treningsmiljøet her heime som elev på idrettslinja på Firda. Han er ein lidenskapeleg spydkastar, som på UM fekk sin livs spydkonkurranse: med ny pers på over fem meter, 52.10m, vart det ein flott 4.plass.



Høgde J17

Gloppen har tradisjon for å stille med høgdehopparar, men under UM var Ingeborg Raftevold (GFIL) einsleg svale. Ho fekk det ikkje til å klaffe denne gongen, og med tre riv på 1.51 vart ho ståande med resultatet 1.41 og 7.plass.

2000m hinder G18/19

Under jr.NM på Byrkjelo fekk vi sjå årets komet på friidrettsbana lokalt: Vincent Førde (GFIL) tok der ei knallsterk bronsemedalje på hinder. Han er elev på idrettslinja på Firda, og fersk som løpar på friidrettsbana. Men talentet er uomtvisteleg, og det viste han også i starten på dette løpet. Dessverre surra han det til med å gløyme vasshinderet på 1.runda, noko som gjorde at han måtte springe tilbake, og tapte minimum 15 sekund. I mål var han nr.4 på tida 6.23,14, knappe fire sekund frå bronse (og 13 bak gullet..). Kva som hadde skjedd utan glippen kan ein berre spekulere i.. Tida var 5 sekund bak pers.



Kule G18/19 (6kg)

Her var Thomas Mardal (STIL) kandidat til gullet, og innfridde med 16.12 i 1.omg. Hans Sande (Brodd) vart nr. 4 med 13.18 som bestestøt, ny personleg rekord.



Søndag 13.sept

800m G17

Matias Førde (Jølster) er også elev på idrettslinja på Firda, og gjorde eit godt løp på 800m. Han kom i mål på 6.plass med tida 2.01,76 min, like bak persen.

Diskos G18/19 (1.75 kg)

Eit av dei store høgdepunkta med lokale deltakarar kom i den siste øvinga . Thomas Mardal (STIL) var nok på førehand knapp favoritt, etter gull i Jr.NM på heimebane. Men det var venta hard kamp, særleg frå Thor Olav Rosvold som i sommar var med på Jr.EM ilag med Thomas. Rosvold leia konkurransen til siste omgang, etter eit kast på 52.52m, Thomas låg litt bak med sine 51.21m. Men så snudde Thomas dette på hovudet etter eit fantastisk sistekast på heile 56.02m, eit strålande resultat mtp litt vanskelege vindforhold. Dermed var gull nr.2 for Thomas i boks, og tre medaljar på tre øvingar. Hans Sande (Brodd) fekk ikkje fullklaff, og tok 4.plass med 42.17m.



Medaljeoversikt lokale utøvarar:

Plass

Utøvar

Klasse

Øving

Resultat

Gull

Thomas Mardal, STIL

G18/19

Diskos 1.75kg

56.02m

Gull

Thomas Mardal, STIL

G18/19

Kule 6kg

16.12m

Sølv

Magnus Rygg Storsletten, Hyen

G15

Slegge 4kg

52.69m

Sølv

Lisa Selsvik, Fj./Vereide

J16

Slegge 3kg

45.94m

Sølv

Steffen Fjellestad, Fj./Vereide

G16

Slegge 5kg

44.34m

Sølv

Hans Sande, Brodd

G19/19

Slegge 6kg

62.25m

Bronse

Håkon Hjelle Roset, STIL

G15

Slegge 4kg

47.50m

Bronse

Robert Andrè Moldestad, BBIL

G15

100m

11.65 sek

Bronse

Thomas Mardal, STIL

G18/19

Slegge 6kg

58.40m



Totalt 2 gull, 4 sølv og tre bronse = 9 medaljar til Gloppen, litt m



Årets siste meisterskap - Ungdoms NM !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Sep 2015



Hallo alle saman! Som tidlegare år har GFIL tinga ein del senger til meisterskapen. I år på Thon Hotell Lillestrøm i sentrum. Romma er frå torsdag til søndag og det skal ikkje vere langt til stadion. Moderlaga er ansvarlege for utøvarane på dette stevnet og vi håpar at kvart lag har med seg leiar/forelder/trenar og syter for transport. Vi vil bidra til felleskap med at vi bur mange ilag på same plass, ete ilag og har felles samlingsplass og yter sjølvsagt alt vi kan til alle.

Vi har med eit stort telt som vi set opp ved bana allereie torsdag kveld. Der har vi mulighet til å slappe av og ha det tørt om det skulle bli nedbør. Asle Førde, far til Vincent Sondre Førde vert med på turen. Han er fysioterpeut og vil ta seg av såre armar og bein !

Om de lurer på kvifor enkelte utøvarar representerer GFIL så er det fordi at dei dette gjeld er dei som kjem frå andre kommunar. I våre tilfelle Bremanger, Stryn og Hyllestad. Dei kan ikkje ha vår dobbelrepresentasjon slik alle har i vår kommune. Det er viktig at moderlaga har lagsdrakter slik at vi får fram kor mange lag vi har i Gloppen som driv friidrett. UM er eit utruleg kjekt stevne. Mange øvingar og kjempesosialt på alle måtar. Gå innom heimesidene http://www.umfriidrett2015.no/der er mykje fint å lese. Vedlagt dagsprogrammet for stevnet. Les dette og vent på tidsskjemaet som kjem dagane før. Nærmare presentasjon av utøvarane kjem etter kvart.



Thomas Mardal med sølvmedalje i diskos under Nordisk U20 mesterskap !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Aug 2015

Thomas slo til med 54,99m i diskos i Finland i ettermiddag. Med dette resultatet fekk han sølvmedalje bak Oscar Paralampi, Finland. Han oppnådde 57,58m. Bronsemedaljen gjekk også til Norge. Thor Olav Rosvold oppnådde 54,46 m. 4 plassen gjekk til ein finne på 54,21m. Flott kasting av Thomas ! Hans Sande kasta slegga 60,67m og fekk 6 plassen bak ein annan nordmann, Jon Nerdal som greidde 62,88m. I slegge mått ein over 70 meter for å få medalje og vinnaren hadde heile 77,60. Det var Hilmar Jonhson frå Island. Thomas Mardal deltok i kule også. Der vart han nr 4 med resultatet 16,49m. Vinnaren i kule var frå Norge, Marcus Thomsen. Han kasta heile 18,68m.
Gloppen Fil gratulerer Gloppen karane med flott innsats !.



Hans og Thomas til U20 Nordisk i Espoo, Finland

Postet av Gloppen Friidrettslag den 27. Aug 2015

Hans Sande og Thomas Mardal, Gfil representerer Norge i U20 Nordisk jr landskamp i Espoo, Finland 29 og 30 august. Hans i slegge og Thomas i kule og diskos. Norge skal kjempe mot Sverige, Finland og Island/Danmark. Vi gratulerer med uttaket og gledar oss til å følge med !



Gratulerer Gloppen med eit flott JrNM !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Aug 2015

Etter lang tids førebuing både av dei aktive, leiarar og arrangørar kunne ein endeleg starte på JrNm på heimebane. Byrkjelo stadion synte seg fram frå si beste side denne helga. Eit flott anlegg som var strigla til norges fremste juniorar. Eit framifrå funksjonærkorps under myndig leiing av Knut og ein uvurderleg Jørund i "hjertet" av arrangementet. Vi har ei flott ramme i den storslåtte naturen vår. Ungdomane stogga opp og tok bilder av anlegg og natur og fekk med seg minner for livet.

Gloppen har eit særs aktivt friidrettsmiljø og var under Nm representert med 8 utøvarar. 4 løparar og 4 kastarar. Alle innfridde ut frå eigne målsettjingar og presterte optimalt ut frå det ein kunne forvente. Betre kan det ikkje bli! 5 medaljar til Gloppen er fantastisk - 2 gull, 1 sølv og 2 bronse. Det tyder på at vi gjere mykje rett og vil fortsette treningarbeidet i den retning vi har staka ut vidare. Alle er hjerteleg velkomne på trening og vi tilrettelegge på alle nivå.

Byrkjelo stadion er viktig for Norsk friidrett. Difor vedtok GFIL på forrige årsmøte å delta i ei arbeidsgruppe for utbygging/rehabilitering av Byrkjelo stadion. Dette for å sikre at anlegget også i framtida kan vere eit toppanlegg for friidrett. Åra set sine preg på bana allereie. Det vil vere svært viktig for friidretten at anlegget kjem inn i kommunale planer. No vert Flora stadion utbygd med 8 baner framfor neste sesong. Det er viktig at Byrkjelo stadion føl med i tida og at neste generasjon aktive og arrangørar har eit anlegg som er oppgradert.

Til lukke med vel gjennomført arrangemet !

Nils Ove Roset

-leiar Gloppen friidrettslag-





Vi gledar oss til NM på heimebane !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Aug 2015




Jr Nm på Byrkjelo 14 – 16 august

Det blir kjekt med Nm på heimebane. Vi har mange deltakarar og blant dei 3 debutantar. Det er veldig bra.

Jon Rolf Skamo Hope, 800 - 1500

Lisa Selsvik, diskos

Vincent Sondre Førde, 1500 – 3000m hinder



Ellers har vi dei erfarne som har vore med på fleire JrNM og NM

Hans Sande, slegge,diskos og kule

Evald Osnes Devik, slegge

Vidar Hatlem, 100m og lengde

Ingrid Hjelle Roset, 400m

Thomas Mardal, slegge, diskos og kule

Ein flott gjeng - 4 løparar og 4 kastarar!


Hovedleiar: Jan Otto Aae, 97528090

Trenarar: Ole Morten Mardal, 90053143, Else Lundestad Bakkelid, 47661220, Nils Ove Roset, 41415380, Jørund Årdal, 41631280

Fredag kveld under meisterskapen har Gloppen Fil fellesmiddag for utøvarar/trenarar/leiarar/styre/foreldre.

SFE KANTINA I BUKTA FREDAG KVELD KLOKKA 2030

Velkomne til Nm på heimebane







Merk deg denne oversikta/tidsskjema over Gfil sine utøvarar

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Aug 2015

Denne oversikta er gull verdt å ha for både utøvar, foreldre, media og andre som vil følge med Gfil under Jr. NM på Byrkjelo denne helga.






Så nær, så nær for Trude Raad !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Aug 2015

Trude Raad gjennomførte sin beste konkurranse nokon gong og fekk med det sølvmedalje! Med resultatet 65,03m sette ho ny seniorkrinsrekord og lagsrekord for Gfil. Ho hadde serien, 63,41. 64,07. 65,03. Dødt i fjerde og 64,94 og dødt i sist omgang. Beatrice Llano frå Laksevåg vann med 67,05m som er ny norsk juniorrekord. Gloppen fil gratulerer. Tredjeplassen gjekk til Katja Vangsnes på 58,45m



Sølv i slegge til Steinar Kleppe !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Aug 2015

Steinar Kleppe oppnådde 63,79m i første omgang i slegge under dagens konkurranse i Nm. Med det tok han Gfil sin fjerde medalje under årets Senior Nm i friidrett. Han persa også med 48 cm. Ein kjempegod konkurranse. Vinnaren var Eivind Henriksen med 70,65 m. Evald Osnes Devik vart nr 6 55,84 m som er pers med 1,20m. Hans Sande nr. 7 med resultatet 52,25m. Det er pers med 2 cm. Ein flott konkurranse. Gloppen Fil gratulerer. !



Ny medalje til Gloppen Fil - Bronse i kule til Elin Isane

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Aug 2015

Elin kasta 12,60 m i andre omgang og sikra seg bronsemedaljen i kule under årets Nm. Vinnaren var som vanleg Kristin Sundsteigen, Tyrving med resultatet 13,39 m. Nr 2 vart Matilde Roe, FRI med 12,70m. Gloppen Fil gratulerer !



Thomas med flott løp også i semifinalen på 100m !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Aug 2015

Thomas Mardal er vidare til semifinale på 100 m i dag med tida 10,79 sek. Dessverre med 2,1 i medvind. Semifinalen går klokka 1540 i ettermiddag. Som vanleg kom Thomas sterkt på slutten av løpet. Han kom inn som tredjemann og gjekk vidare på tid. Vi gleder oss til semifinale. Gratulerer med sterkt løp !! I ettermiddag sprang Thomas semifinale på 10,82 sek og blei nr 8 i sitt heat. Vinden var +5,7 m/s. Dermed har Thomas prestert det ingen andre frå Gloppen nokon gong har gjort ! Han har gått vidare frå forsøket i ein kortsprintdistanse i Hoved Nm !Og han satsar på kasting !,,



Nm medalje nr 29 til Elin Isane !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 31. Jul 2015

Elin Isane, Gfil tok i kveld sin 29 Nm medalje. Det vart ny sølvmedalje for Elin i Diskos som vanleg etter Grete Etholm. Denne gongen kasta Elin heile 49,09m. Gfil gratulerer !Grete greidde 50,34m. Else Lundestad Bakkelid oppnådde 43,21m som var eit resultat opp mot det ho har kasta i år.
Thomas Mardal deltok i Diskos og oppnådde 43,61m med seniordiskosen. Han blei nr 10 i konkurransen. Thomas har kasta 49,40m med 2 kg diskosen tidlegare i år og var ikkje heilt nøgd i dag. I morgon er det 100 m for Thomas.



Nm gull til Merete Helgheim !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 31. Jul 2015

Merete Helgheim, Gloppen Fil tok eit nytt Nm gull på 3000 m kappgang i dag under Hoved Nm i Haugesund. Ho oppnådde den gode tida 13,45,31 min. Utandørs har ho tidlegare oppnådd 14,00 min. Det var såleis personleg rekord utandørs. Eit flott løp der ho var over 1,5 min foran nr 2.

Gfil gratulerer.

Eivind Øygard, Jølster IL vart nr 10 på 5000m med den gode tida 14,45,67 min. Noko som er personleg rekord med 6 sekund og plasserer seg med dette løpet på 5 plass på adelskalenderen for Sogn og Fjordane.


Førehandsomtale hoved Nm i Haugesund 31 juli - 2 august

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Jul 2015

GFIL stiller i år med 8 deltakarar på NM, vi har følgjande tips:

Merete Helgheim 3000 m kappgang, gullfavoritt

Else Lundestad Bakkelid, diskos, 4.-8. plass

Elin Isane, diskos, medalje

Elin Isane, kule, 4.-8.plass

Trude Raad, slegge, medalje

Trude Raad, diskos, 4-8. plass

Steinar Kleppe, slegge, medalje

Evald Osnes Devik, slegge, 5.-10. plass

Hans Sande, slegge, 5.-10. plass

Thomas Mardal, diskos, 6.-12. plass

Thomas Mardal, 100 m, semifinale



I fjor hadde vi og tippa 4 medaljer, men Elin Isane overraska alle, inkludert seg sjøl, med å ta bronse i kule slik at vi enda på 5.

Elin jaktar sin 29. og 30. medalje i senior-NM, kan ho overraske også i år, diskosgullet er absolutt innan rekkevidde. Både Grete Etholm og Elin har kasta 52 m i år.

Vi har ein nykommar i GFIL-drakta i år: Steinar Kleppe. Han har vist enorm framgang denne sesongen, vi utropar han til sølvkandidat bak Eivind Henriksen. Den 35 år gamle krinsrekordenpå 64,20 lever farleg, NM i Haugesund hadde vore eit perfekt høve til på overta den.

Trude vil få hard kamp om NM-gullet av Beatrice Llano, som nyleg kasta over 66 m.

Juniorane våre vil få god meisterskapserfaring, og vil bruke NM som ein generalprøve framfor junior-NM på Byrkjelo 14 dagar seinare. Spennande å sjå kva Thomas kan klare på 100m, arrangøren har lova medvind.
For ytterlegare informasjon kontakt Ole Morten Mardal eller Nils Ove Roset.

GFIL ønskjer lukke til på NM!







NM Friidrett Haugesund 2015

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Jul 2015




Vi lader opp til NM helg i Haugesund 31 juli til 2 august 2015 ! Gloppen stiller i år med 8 seniorutøvarar. Hans Sande-slegge, Evald Osnes Devik-slegge, Thomas Mardal-diskos og 100m, Trude Raad- slegge og diskos, Else Lundestad Bakkelid- diskos, Elin Isane-diskos og kule, Steinar Kleppe- slegge og Merete Helgheim- 3000m kappgang. Sjølvsagt blir vi mange på tribunen ! Det er alltid eit høgdepunkt med Hoved NM. Utøvarane må meistre eit meir formellt og høgtideleg stevne som er sesongens hovedmål. Leiarar og trenarar treffer også mykje kjentfolk frå heile landet. Ein triveleg arena for både utøvarar og trenar/leiarar. Gfil vil legge ut ei pressemelding om dei forskjellige utøvarane med omtale. Denne vil komme måndag 27 juli. Vi har dessverre ingen debutantar på senior NM i år, men vi arbeider jamt og trutt. På JrNm derimot har vi inntil no 3 debutanter klare til start.

Klikk på logoen så kjem du direkte til heimesida til NM 2015


Resultatliste frå stevne i Hyen

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Jul 2015

Følg linken under bildet til komplett resultatliste.







https://content.bloc.net/files/1050/fba2d0d7dc26416...


Steinar Kleppe nærmar seg seniorkrinsrekorden i slegge !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Jul 2015



Under kveldens kaststevne på Fana stadion kasta Steinar Kleppe, GFIL heile 63.31m. Han nærmar seg den 35 år gamle rekorden på 64,20m tilhøyrande Ove Farsund frå Førde sett i 1980. På årets statestikk ligge Steinar framleis på ein klar 3 plass bak Eivind Henriksen (71,20m) og Kjetil Røste Ringen (64,58m). Det blir spennande Nm finale i Haugesund !


1 Kommentar

Gull til Trude i Polen !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Jul 2015

Med eit lengstekast på 63.03m vart det EM gull på Trude i dag. Gloppen Fil gratulerer !! Sølv til Ukraina og bronse til Russland.



Trude Raad deltek på døve EM i friidrett i polske Bydgoszcz

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Jul 2015




Komande tysdag den 21 juli går sleggekonkurransen av stabelen under EM for døve i polske Bydgoszcz. Trude Raad stiller som favoritt til å vinne konkurransen. Trude har 2 VM titlar og 2 OL titlar i sleggekast for døve men ingen EM titlar. Ho har verdensrekorden for døve med 64,23m. Tidlegare i sommar kasta Trude 64,03m under Sparebankleikane på Byrkjelo. Det betyr at Trude er tilbake i godt gammalt slag som ho var i 2012. Det lovar godt for EM og NM i Haugesund heilt i starten av August.

Hennar nærmaste konkurrent under EM er Rymma Filimoshkina, UKR som har pers på 58,60m. Jørund Årdal er på plass i Polen og "coacher" Trude ringside. Vi ynskjer Trude lukke til i Polen. Heimeside til

THE EUROPEAN DEAF SPORT ORGANISATION

http://www.edso.eu/

Her er startlister og etterkvar også resultatlister !
For ytterlegare info Jørund Årdal 004741631280.


Stevne i Hyen !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Jul 2015

Onsdag 22. juli, kl 17.00, er det start på det årlege friidrettstemnet i Hyen. Mange flotte øvingar, og stemnet går på ei av dei beste banene i fylket.

Påmelding innan i kveld søndag 19 før midnatt, om du ønskjer å bli med.



Innbydinga finn du her: Plakat nasjonalt stemne 2015.pdf


Thomas debuterte internasjonalt i dag !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Jul 2015

Saksa frå friidrett.no

EM U20 - Eskilstuna
Thomas Mardal fikk opp 52.31 som sitt beste resultat og blei nr 21 av totalt 29 stk. Lagkompis Thor Olav Rosvold i den andre gruppen presterte 53.47 og blei nr 17 av 29, begge må se finalen fra tribuneplass.
- Sånn passe fornøyd. Et greit resultat, men det kunne gjerne ha gått et par meter til. Jeg er fornøyd med en jevn serie, men de andre fikk det ene treffet jeg ikke fikk, sa Mardal.
- Rett på treningsbanen, smalt det fra Rosvold, lett irritert over at finaleplassene omtrent gikk på billigsalg. – Til vanlig hadde dette gått greitt.

For å nå finale(blant dei 12 beste) måtte det kastast over 54,66m. Lengst av alle i kvaliken var over 64m , totalt var 4 stk over 60 m.

Gloppen Fil gratulerer Thomas med innsatsen og vi ser no fram mot senior NM i Haugesund der Gloppen Fil stiller som vanleg med fyldig tropp. Vi kjem tilbake i løpet av komande veke med omtaler og anna førehandstoff.








Troppen til U20 EM i Eskilstuna er klar - Thomas Mardal skal representere Norge !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 7. Jul 2015




Gloppen Fil gratulerer med laguttaket og vi gledar oss til Thomas sitt fyrste internasjonale meisterskap. U20 EM går av stabelen 16-19 juli i Eskilstuna. Thomas hadde sin fyrste konkurranse over EM kravet allereie under Gloppenmeisterskapet i andre halvdel av mai med resultatet 55,37m. Seinare hadde han gode 53.78m på Veidekkeleikane på Lillehammer og toppa foreløbig med 55,48m og pers under Sparebankleikane på heimebana Byrkjelo stadion. Han har dokumentert stabil og stigande form siste vekene. Ikkje minst ved å krype under 11.00 grensa på 100m med resultatet 10.97 sek som er tangering av Magnus Kleppe sin lagsrekord og ny jr. krinsrekord U20 for Sogn og Fjordane. Det blir spennande dagar i Eskilstuna. Jørund reiser som kasttrenar for landslaget og Ole Morten tar også turen. Vedlagt lista over utøvarar som skal delta. God tur og lukke til !


Utøver

Klubb

Øvelse(r)

Klubbtrener

Emily Rose Norum

Steinkjer FIK

400m og 4x400m stafett

Eirik Røe

Sara Dorthea Jensen

Bryne

400m og 4x400m stafett

Atle Aarre

Mathilde Skjærdalen Myhrvold

Raufoss

800m, reserve 4x400m

Jan Richard Myhrvold

Ingrid Halvorsen Folvik

Gular

1500m

Arne Risa

Elisabeth Angell Bergh

Haugesund IL

1500m

Randi Bergh

Live Solheimdal

Steinkjer FIK

3000m og 5000m

Henrik Sandstad

Synnøve Bjørgo Adam

Fagernes

100m hekk

Kåre Strande

Lene Retzius

IL i BUL

Stav

Anker Thomsen

Helene Sofie Ingvaldsen

Norna Salhus

Slegge

Robert Ingvaldsen

Beatrice Nedberge Llano

Laksevåg

Slegge

Harald Heier

Matilde Roe

Fri

Diskos

Ingunn G. Jakobsen

Marie-Therese Obst

Tjalve IK

Spyd

Håvard R. F. Johansen

Caroline Fleischer

Ski

Sjukamp

Adrian Proteasa

Ingrid Linn Nordahl

Fredrikstad

4x400m stafett

Bo Breigan

Karoline Daland

Sørild

4x400m stafett

Frank Otto Meinseth

Jonathan Tetteh Quarcoo

Orion

100m, 200m og 4x100m

Mette Karin Ninive

Even Meinseth

Sørild

100m, 200m og 4x100m

Sølvi Meinseth

Sondre Loftås Kåstad

Osterøy

4x100m

Arne Reigstad

Øystein Klareng

Orion

4x100m

Mette Karin Ninive

Sebastian Guillen Perez

Norna Salhus

4x100m, reserve

Fernando Ramirez

Josh-Kevin Ramirez Talm

Norna Salhus

400m, reserve 4x100m stafett

Fernando Ramirez

Karsten Warholm

Dimna

400m og tikamp

Arve Hatløy

Markus Einan

Ullensaker/Kisa

800m

Hans Jørgen Borgen

Edvard Kamperud Nygaard

Tjalve

800m og 1500m

Knut Kvalheim

Sigurd Blom Breivik

Ullensaker/Kisa

800m og 1500m

Hans Jørgen Borgen

Markus Borge Harbo

Skjalg

5000m

Albert Mosdal og Asle R. Tjelta

Lars Lunde

Stord

5000m

Nils Hetleflåt

Alexander Kirkeberg

Malm

10 000m

Fredrik Vaeng Røtnes

BUL Tromsø

10 000m kappgang

Mats Lundin

Ingar Kiplesund

Trondheim

Lengde

Frank Brissach

Thomas Mardal

Sandane

Diskos

Jørund Årdal

Thor Olav Rosvold

Asker

Diskos

Thomas Rosvold

Jon Nerdal

Norna Salhus

Slegge

Aage Odfjell






Nm kappgang 2015 - Merete Helgheim GFIL

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Jun 2015

10 km kappgang NM landevei - 13 juni 2015 - Gullvinnaren Merete Helgheim på tida 49.03 min. Flott innsats. Kjekt å få tak i eit flott bilde !



Sparebankleikane 2015 på Byrkjelo stadion !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Jun 2015


på Byrkjelo stadion fredag 26. juni – laurdag 27. juni - søndag 28. juni

Klassar/øvingar:

Hekkehøgd/avstand og vekt på kastredskap i samsvar med NFFIF sitt øv.utval

Klasse: Fredag(frå kl 18:00) Laurdag(frå kl 13:00) Søndag(frå kl. 11:00)

Rekrutt 8-9 år 60m, lengde

G10/G11/G12/J10/J11/J12 60m, lengde, kule, 60m hekk

(11-12), høgde, 600m

G13/G14/J13/J14 Stav, tresteg, slegge, 200m
60m, høgde, kule,
diskos

G15/G16/G17/J15/J16/J17 Stav, tresteg, slegge,
200m, 1500 mh, 800m, diskos, spyd

MJ18-19/KJ18-19/MS/KS Stav, tresteg, slegge,
200m, høgde, kule, spyd
100m, 1500m, høgde,
diskos, 5000m, 400m

Påmelding via MinIdrett(individuelt) eller SportsAdmin(klubbvis):
via NFIF sine terminlister:

http://friidrett.forbundetonline.no/stevner/termin...
NB! Påmeldinga stengjer onsdag 24.juni kl. 23:59

Startkontingent: Rekrutt: kr. 50 samla for begge øvingane

10-14 år: kr.50,- pr. øving

15år * kr.70,- pr øving

betalast samtidig til konto 3710.30.47375



Tidsskjema/deltakarliste vil bli lagt ut på SFFIK sine heimesider: http://www.sffik.no/
og på Gloppen FIL sine sider: http://www.gloppenfil.no/



Kontaktpersonar: Dagfinn Nyhammer, Fj/Vereide, tlf. 41 22 79 68
Jørund Årdal, IL Brodd, tlf. 41 63 12 80

Overnatting
: Byrkjelo camping(400m frå stadion), tlf 57 86 74 30
Gloppen camping og fritidssenter(20 km frå stadion) tlf. 57 86 62 14

Vel møtt!

Breimsbygda IL IL Brodd Gloppen FIL Hyen IL Fjellhug/Vereide IL STIL








Over 70 påmeldt til Gloppen Handball og friidrettskule !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Jun 2015

Kjempeflott påmelding til aktivitetane neste veke. Det vert varierte dagar med handball i hallen, friidrett på idrettsplassen og kunnskapsdel i Newtonrommet. Denne kombinasjonen meiner vi at vi er ganske åleine om. Så produktet er absolutt interessant. Her får ein både fysisk aktivitet og anledning til å lære noko nytt. Vi har no sett strek for påmelding og gledar oss til aktive dagar. Plan for dagane vert publisert i løpet av helga !



Elin med 50,85m i diskos !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Jun 2015

Elin Isane er i ferd med å finne superformen igjen. Ho oppnådde heile 50,85m i diskos under eit stevne i Heggedal i Asker i kveld. Kjempegreier ! Vi fann eit arkivbilde frå fjorårets Nm !



Mange Gloppe-drakter å sjå under friidrettsfestivalen !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Jun 2015

Hans Sande sette personleg rekord med seniorslegga med resultatet 52,05m, Thomas Mardal sette personleg rekord med seniordiskosen 49,40m (pers med 5 m frå i fjor), Steinar Kleppe oppnådde 58,85m i slegga, eit stykke bak pers. Trude Raad og Marte Rygg Årdal kasta hhv 59,83m og 58,17m i slegge. Ein fin dag i sola på Florø stadion. No skal anlegget fullrenoverast.



Elin slo til med 48.18m i diskos i kveld !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 28. Mai 2015

Elin fekk opp 48,18 m i kveld i Heggedal i Asker. Kjempeflott så tidleg i sesongen. Når vi veit at Else Lundestad Bakkelid allereie har kasta 43.92m og dei andre damene på bildet ikkje har prøvd endå har vi mykje moro framfor oss ! Trude Raad og Marte Rygg Årdal sesongdebuterer på Fana komande helg. Det blir spennande ! Stor tropp frå Gloppen reiser til Bergen i mårå og laurdag. Bilder og reportasjer vil bli publisert. !





Resultat frå Gloppenmesterskapet 21. mai 2015

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Mai 2015

2015 - Gloppenmesterskapet 21. mai.pdf


Bildet er frå Sandane friidrett si facebookside og viser jenter 12 år i aksjon på 60m.


Thomas Mardal med kjempekast i diskos -greidde kvalik kravet til U20 EM

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Mai 2015




Under årets Gloppenmeisterskap kasta Thomas Mardal(18), Gloppen Fil 1,75kg diskosen heile 55,37m. Han greidde dermed kvalik kravet (53,80m) til U20 EM i Eskilstuna 16 - 19 Juli. Gloppen Fil gratulerer og kan med dette konstatere at Thomas vert første mannlige friidrettsutøvar frå Gloppen i internasjonale meisterskap sidan 1997 (Kjell Ove Hauge VM1997). Diskos og sleggekonkurransen gjekk av stabelen i Hyen då kastanlegget på Byrkjelo er under rehabilitering. Hans Sande, Gloppen Fil sette personleg rekord med 6kg slegga med resultatet 60,98m. Karane er i rute ! Vi kjem tilbake seinare med fullstendig resultatliste frå stevnet. Det skal nemnast at veiret ikkje var særleg godt under stevnet !


TILBAKEBLIKK - GLOPPARAR I INTERNASJONALE MEISTERSKAP


Arne Indrebø, Breimsbygda FIL, U20 VM 1988

Kjell Ove Hauge, Gloppen FIL, VM senior 1997

Elin Isane, Gloppen Fil, U23EM 1997

Cecilie Riise, Gloppen Fil, U23EM 1999

Kristin Roset, Gloppen Fil, EM senior 2002

Trude Raad, Gloppen Fil, U18VM 2005

Trude Raad, Gloppen Fil, U18VM 2007

Trude Raad, Gloppen Fil, U20VM 2008

Trude Raad, Gloppen Fil, U20EM 2009

Marte Rygg Årdal, Gloppen FIL,U18VM 2009

Marte Rygg Årdal, Gloppen Fil, U20EM 2011

Trude Raad, Gloppen Fil, U23EM 2011

Marte Rygg Årdal, Gloppen Fil, U23EM 2013





Tidsskjema Gloppenmeisterskap på Byrkjelo torsdag 21 mai kl 1800

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Mai 2015


KL.G10-12J10-12GJ13-1415 og eldre
18.1060mBallLengdeSpyd/høgde
18.30Kule60m.BallLengde
18.50HøgdeKule60m.
19.20BallLengdeHøgde100m./kule
19.50LengdeHøgdeKule400m.
20.10600m.600m.600m.
20.301500m.
Påmelding på tribuna innan kl. 17.50.







Sparebanken Gloppen Friidrett og Handballskule 2015.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Mai 2015

Sparebanken Gloppen Friidrett og Handball skule 2015.



23 – 24 og 25 juni på Sandane



No kan du melde deg på! I år skal Gloppen Friidrettslag og Gloppen Handballklubb med Ragnhild Ryssdali spissen vere arrangør av handball og friidrettskule for born. Det vert aldersgruppa 1.-7. klasse som skal få delta, 23 – 25. Juni. Påmeldingsfristen er satt til mandag 15. juni.

Prisar: kr. 700,- p.p. Søskenrabatt: 2 born kr. 1300,- og 3 born 1900,- Alle får frukt og drikke alle dagar, samt grilling siste dag. Alle får deltakarpremie for gjennomført Handball- og friidrettskule. No er det berre å melde på.

Påmelding med namn til deltakar, alder, namn på føresette, mobilnummer og e-post adresse til niovero@online.no eller på mobil 41415380.



Velkomne!



Gloppenmeisterskapet i diskos og slegge flytta til Hyen onsdag 20 mai kl 1900 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Mai 2015

Kastanlegget på Byrkjelo er under rehabilitering og kan ikkje nyttast fyrstkomande torsdag på Gloppenmeisterskapet. No er vi så heldige at Hyen IL har seriestevne og har tatt på seg å arrangere slegge og diskos på kastanlegget i Hyen. Start klokka 1900 i morgon onsdag 20 mai. Det er berre å beklage kort varsel. Vi håpte i det lengste at dei skulle bli ferdige på Byrkjelo. Håpar flest mogeleg kan ta turen til Hyen i morgon.



Moderlagsmøte i Trivselshallen tysdag den 26 mai klokka 2000

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Mai 2015

Vi kallar inn til moderlagsmøte tysdag 26 mai klokka 2000 i undervisningsamfiet i Trivselshagen. Innkalling ligg i posten næraste dagane. GFIL styret + trenarar og leiarar i friidrettsgruppene - dei som driftar friidretten til dagen !
Saker: Rekrutteringstiltak utover sommaren - arrangement på Byrkjelo i åra som kjem - val av representantar til arbeidgruppe for utbygging/rehab av Byrkjelo Stadion. Denne siste saka vart godt diskutert under Gfil årsmøtet og styret fekk fullmakt til å velje to til denne arbeidgruppa. Vi treng personar med uthald og interesse !




GFIL utøvarar med gode 3000m løp i dag !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Mai 2015

Marius Vedvik saman med Rune Osa organiserte ein topp 3000m under Flora-Førde kampen på Flora stadion i ettermiddag. Med 1500 på tribunen fossa Sondre Norstad Moen, Vidar inn til 8.06.17 min foran Marius Vedvik, Gular som fekk tida 8.09.28 min. Eivind Øygard, Jølster vart nr 3 med den sterke tida 8.40.46 min. Jon Rolf Skamo Hope, Gloppen Fil fekk 9.05.00 min, Vincent Sondre Førde, Gloppen Fil greidde jrNm kravet U20 i sin første 3000m med tida 9.12.79 min. Vetle Uhre Hammersvik, Førde 9.13.47 min, Matias Førde, Jølster 9.13.81 min, begge desse greidde også JrNM kravet U20 på 9.14.99. Det skal nemnast at desse unge karane la seg på hjul litt bak teten i eit par runder og det vart ein veldig tøff start på løpet. Flott reklame for friidrett og fin start på banesesongen.



Thomas Mardal med 52,34m i Halle !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Mai 2015

Under vanskelege forhold i dag kasta Thomas Mardal 1,75kg diskosen 52,34m. han blei nr 7 i konkurransen . Thomas fekk plassen foran Tor Olav Rosvold. Han greidde 51,96m. Vi gratulerer Thomas med debuten internasjonalt.



Diskos i Halle i Tyskland og 3000m i Florø laurdag 16 mai

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Mai 2015

Thomas Mardal debuterer internasjonalt i diskosringen i Halle. Målet er EMU20 kravet med 1,75kg diskosen på 53,80m. Han kastar 1145. Vi ynskjer lukke til og er "online" så følg med på sidene.

Det blir ein kjekk opplevelse å få vere tilstades på Førde -Florø kampen i mårå på sjølvaste 16 mai. Rune Osa har organisert 3000m i pausen på kampen. Starten på 3000m går ca klokka 1645. Marius Vedvik og Sondre Moen er primus motor for opplegget som er glimrande reklame for friidretten. Det skal går fort. Kanskje vi får sjå sju talet på dei fremste!. Frå GFIL stiller med Vincent Sondre Førde og Jon Rolf Skamo Hope - frå Jølster stiller Eivind Øygard og Matias Førde. Vi veit kva desse karane er gode for så det blir spennande.



Gloppenmeisterskap på Byrkjelo 21 mai klokka 1800

Postet av Gloppen Friidrettslag den 15. Mai 2015


Gloppen Fil og moderlaga arrangerer det årlege Gloppenmeisterskapet på Byrkjelo stadion torsdag 21 mai med første start klokka 1800. Syner også til annonse i Gloptimisten no nyleg. Det vil også bli annonsert i Firda Tidend, facebook Gloppen friidrett, samt heimesidene til laga.

Øvingar 10-14 år: 60-600-Lengde, høgde, liten ball, kule , diskos
15 år og oppover: 100-400-1500, lengde, høgde, kule, diskos, slegge

Påmelding frå 1700 på tribunen. Ingen avgift.

Laga har fått tilsendt oppsett over kva øvingar dei har ansvar for. Tysdag den 19 mai frå 1830 møtes flest mogeleg for å få ut stavmatte og høgdematte. Vi må også rydde i utstyrsbua. Tidtakeanlegget er testa og fungerer. Vi gledar oss til lokalt stevne og aktivitet. Dette er viktige stevner for rekrutteringa. Håpar moderlaga mobiliserer til deltaking !

Bildet er tatt ein av treningskveldane i fjor. Blir kjekt med ein aktiv sommar på stadion !






Junior landslaget i kast i Gloppen !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Mai 2015



God aktivitet på Loggane og Byrkjelo 1 mai - Gruppebilder slegge(litt blanding) og diskos.

Flott dag på Loggane og Byrkjelo med vårstevne for Jr.landslaget i kast. Alle er innlosjerte på Gloppen Hotell og har full forpleining der. Vi har arenaer på Loggane og Byrkjelo, Rygg skule og Trivselshagen. Nokre var også innom 123 anlegget for litt styrke fredag kveld. No står videoanalyse og middag for tur. Første økt starter kl 1000 i mårå. Diskos på Byrkjelo og Slegge på Loggane.
Her er resultat frå dagens stevner.

Slegge Loggane stadion
J16 Vilde Ingvaldsen 50.17m - J18 Betrice Llano 59,81m - J19 Helene Ingvaldsen - G16 Hermann Aurdal 51,58m- G17 Martin Konnerud 50.79m - G19 Hans Sande 60,02m - U23 Evald Osnes Devik 50,17m - U23 Jørgen Austnes 58,79m - U23 Markus Villanger 51,22m

Diskos Byrkjelo Stadion
J17 Berit Stunes Isene 42,07 - J18 Beatrice Llano 32,75 - U23 Mona Jaidi 43,65 - U20 Matilde Roe 43,98m - KS Else Lundestad 43,06m - G17 Michael Anderlich 45,02 - G17 Erik Johannes Rosvold 49,77m - G18 Thomas Mardal 49,75 - U23 Ola Stunes Isene 53,38m - U23 Sven Martin Skagestad 57,51m.











Lag til Breimstafetten !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 28. Apr 2015





Førre helg fekk mange prøvd seg på stafett i Olden. Det har vore sjukdom blant fleire siste to vekene og endå ekje alle klar til dyst. Då er det endå meir gledeleg at vi likevel greier å stille på start. Fjellhug Vereide stiller eige herrelag og det same gjere nok Hyen IL.

Herrelag frå STIL området: Martin Svarstad, Andreas Rauset, Eirik Rauset, Vidar Hatlem, Vincent Førde og Anders Frøyen

Damelag: Sandra Kleppenes Sårheim, Sirianne Hellerud, Ingrid Hjelle Roset, Merete Helgheim, Olina Roset og Kjersti Hjelle Eide.

Desse to laga har Jan Otto Aae (97528090) som lagleiar og det er oppmøte på Reed Stadion kl 1230 søndag 3 mai.


















Flott dag på Loggane - Thomas Mardal imponerte i diskos !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Apr 2015

Årets første Loggane Open vart avvikla i strålande veir.

Thomas Mardal kasta 1,75kg diskosen heile 52,49m. Det er berre 1,31m frå EM U20 kravet. Vi kan vel seie at han har fått ein pangstart på sesongen 2015. Vi gledar oss til fortsettjinga. Neste kast stevne vert 1 mai på Byrkjelo stadion.

Resultata vart elles slik:
G14 Arne Osnes Devik, diskos 32,68(1kg) Slegge 42,05m(4kg)
G15 Håkon Hjelle Roset, diskos 34,60(1kg) slegge 41,25m (4kg)
G15 Håkon Fjellestad, diskos 32,26m (1kg) slegge 35,97m (4kg)
J15 Lisa Selsvik, diskos 27,91(1kg) slegge 38,92 (3kg)
G16 Steffen Fjellestad, slegge 38,11m (5kg)
G18/19 Thomas Mardal, diskos 52,49m (1,75kg) slegge 56,06m (6kg)
G18/19 Hans Sande, diskos 44,52m (1,75) slegge 58,82m (6kg)
KS Else Lundestad Bakkelid, diskos 1kg 43,92m, slegge 4 kg 38,57m
















Gloppen Fil - lag til Oldenstafetten søndag 26 april

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Apr 2015

Då er laga klare for komande helg !

Damer:
Julie Kandal, Sandra Kleppenes Sårheim, Sirianne Hellerud, Olina Roset, Kjersti Hjelle Eide.
Lagleiar Nils Ove Roset.

Herrer: Even Nesgård, Robert Andre Moldestad, Andreas Hetle, Reiel Felde, Håkon Hjelle Roset.
Lagleiar Eivind Rauset

Herrer:
Vincent Førde, Thomas Mardal, Andreas Rauset, Kent Ove Sæten, Vidar Hatlem
Lagleiar Ole Morten Mardal

Reserve: Jon R Hauge.

Herrer veteran: Jan Erik Roset, Eivind Rauset, Jon R Hauge, Nils Ove Roset, Dagfinn Nyhammer.


Det vert avreise frå stilstova klokka 1100. Dei som vil kan møte direkte til defilering klokka 1300. Om nokon treng lagskle så kontakt N.O.Roset 41415380.

Stafett er kjekt. Velkomne !













Flott oppmøte på årets første Gloppetrim

Postet av Gloppen Friidrettslag den 15. Apr 2015

Over 20 stk på startstreken og velding mange på trim rundt på veiene i Bukta. Flott tiltak for god folkehelse. Sjå nettsidene til Fjellhug Vereide





Gloppetrim oppstart onsdag - Loggane Open og KM terrengløp komande søndag

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Apr 2015

Onsdag 15 april er det oppstart av Gloppetrimmen 2015. Vi ynskjer velkomne til ny sesong. IL Brodd arrangerer årets fyrste kaststevne på Loggane komande søndag - kule -diskos og slegge står på programmet. Fjellhug Vereide arrangerer KM i terrengløp i barkeløypa i Åsen. Aktiv søndag med andre ord.


Oldenstafett søndag 26 april !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Apr 2015

Det er ikkje lenge til Oldenstafetten. Vi tek sikte på å stille eitt damelag og to herrelag frå kommunen. Veteranlag har vi endå ikkje oversikt over. Moderlaga har ansvaret for gute og jentelaga. Deltakarane på seniorlaga får info i posten i dag eller i mårå. Vi set opp laga på nettsida i løpet av næraste dagane.

Kl 13.00-Defilering

Kl 13.30-Ministafetten

Kl 14.00 -Gutestafetten

Kl 14.20-Jentestafetten

Kl 14.35-Veteran og Open klasse

Kl 14.50-Damer

Kl 15.05-Herrar

Kl 15.20-Premieutdeling

ETAPPAR VETERAN, DAMER OG OPEN KLASSE
1.610m 200m asfaltert landeveg, 240m unna gardsveg/terreng, 170m svak stigning.

2.440mTilnærma flat gardsveg.

3.805m Lett kupert gardsveg/grasmark 470m, så stigning 250m, unna 85m til slutt.

4.440m 100m landeveg svakt unna, 340m flat asfaltert landeveg.

5. 380mAsfaltert landeveg med litt stigning siste 100 m mot mål.

ETAPPAR HERRAR
1.825m 375m asfaltert landeveg, 280m unna gardsveg/terreng, 170m svak stigning.

2.440mTilnærma flat gardsveg.

3.805m Lett kupert gardsveg/grasmark 470m, så stigning 250m, unna 85m til slutt.

4.750m100m landeveg svakt unna, 300m stigning gardsveg/grasmark, 350m unna.

5.340mAsfaltert landeveg med litt stigning siste 100 m mot mål.



Steinar Kleppe med ny lagsrekord i slegge !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Apr 2015

Gloppen Fil gratulerer Steinar Kleppe med ny lagsrekord i slegge med heile 59,37m under eit stevne på Skansemyren i Bergen no i helga. Evald Osnes Devik hadde den gamle lagsrekorden på 52,85m sett under Nm i 2014. Steinar er nyinnmeldt i GFIL denne sesongen. Han tok ein flott 5 plass på Hoved NM i 2014 med 58,33m plassen føre Evald Osnes Devik. Vi gledar oss over Steinar sitt flotte resultat så tidleg i sesongen.



Rapport frå treningsleiren på Alfamar i Portugal !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Apr 2015




18 aktive friidrettsutøvarar, 8 leiarar/trenarar har vore på treningsleir på Alfamar sidan tysdag 31 mars. Vi har endå ei veke att av opphaldet før vi vender nasa heimover søndag 12 april. Her har vi tilgang på alle treningsanlegg rundt hotellet der vi bur. Friidrettsbane, eigen kastarena med 4 diskos/sleggeringer, stort vektrom til frivektsløfting og milevis med stier og grusvegar. Det er eit eldorado for friidrett. Vi har det kjempefint her og alle kosar seg. Her er mange nasjonar samla og sjølvsagt andre norske klubbar. Vi har hatt jamt rundt 20 grader og blitt solbrende. Litt støle er vi og blitt etter mange løpemeter og mange kast, men det er no slik det skal vere :) Treningsresultata lovar det aller beste for sesongen.


Godt frammøte og god innsats

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Mar 2015

Fredag var der flotte forhold på Loggane. Fin blanding av unge og erfarne utøvarar. Dette skapar godt miljø og gode prestasjonar. Godt oppmøte har det vore i heile vinter på basistrening fredagsmorgon. Jamt over mellom 20 og 30 utøvarar frå handball friidrett og fotball. Ingrid hadde si første økt som instruktør no på fredag. Flott !



Gloppen Hotell - ein framifrå bidragsytar til friidretten !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Mar 2015

Gloppen Hotell har vore samarbeidspartner med Gloppen Fil heilt tilbake til midten av 90 talet. Då var klubben innleigt som ansvarlege for uteområdet heile sommarsesongen. Vi hadde to personar på plass kvar veke og slo plenane inkludert kantslått. Rydding rundt huset var også ein del av arbeidet kvar veke. Mang ein gong var det ein klippar som ikkje var i stand og vi trilla klipparen ikkje lange vegen bort til Flølo Maskin for reparasjon. Meina vi hadde denne jobben i 8 år. Vi la då grunnlaget for eit svært godt forhold til bedrifta. Dette har vi bygd vidare på og vi har i dag ei flott avtale med Hotellet. Kvar torsdag har vi middagsservering til aktive servert i Trivselshagen. Forrige veke hadde vi klubbkveld med pizza. Før jul hadde vi samling med både lunsj og middag om kvelden. Fyrste helga i mai er Gfil arrangør av storsamling og vi har sjølvsagt alle buande på hotellet. Alt til gode sportsprisar ! Bildet syner deler av gjengen som pleie ha middag på skulen torsdagane.



Treningstider vår 2015 - oppstart 13 april

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Mar 2015

Måndag:
Kl. 17-19: Loggane - kast og styrke

Tysdag
Kl. 18-20: Løpstrening Sandane Stadion

Onsdag
Kl. 15.15: Løpstrening frå Firdahallen, intervall i Bukta
Kl. 17-20: Kast på Loggane og styrke i Rygg Skule

Torsdag
Avreise kl. 17.30 frå Stilstova. Trening kl. 18.00 Byrkjelo Stadion, alle øvingar

Fredag
Kl. 07-08.15: Basis i Firdahallen

Laurdag:

Søndag:






Treningstider vår 2015 - oppstart 13 april !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Mar 2015

Måndag:
Kl. 17-19: Loggane - kast og styrke

Tysdag
Kl. 18-20: Løpstrening Sandane Stadion

Onsdag
Kl. 15.15: Løpstrening frå Firdahallen, intervall i Bukta
Kl. 17-20: Kast på Loggane og styrke i Rygg Skule

Torsdag
Avreise kl. 17.30 frå Stilstova. Trening kl. 18.00 Byrkjelo Stadion, alle øvingar

Fredag
Kl. 07-08.15: Basis i Firdahallen

Laurdag:

Søndag:









Stimulanseprisen 2015 til Thomas Mardal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Mar 2015

Gloppen Fil gratulerer Thomas med årets stimulansepris. Dette er ein pris som Gloppen Idrettsrådet årleg deler ut til framgangsrike unge utøvarar i Gloppen. Thomas er i høgste grad ein verdig vinnar. No står sesongen 2015 for døra og vi gleder oss til å sjå Thomas fortsette der han slapp i haust. Sjekken frå Idrettsrådet pålydande 10000,- vil garantert få bein å gå på utover i ein hektisk sesong.



Moderlagsmøte onsdag 25 mars kl 1930 i Firdahallen

Postet av Gloppen Friidrettslag den 17. Mar 2015

Det årlege moderlagsmøte vert onsdag den 25 mars klokka 1930 i auditoriet i Firdahallen. Kontaktpersonane i moderlaga er innkalla, trenarar og Gfil-styret. Det vert gjennomgang av aktivitet / treningar og arrangement utover våren og sommaren. Ei viktig sak vert å fordele arbeidsoppgåver under Gloppenmeisterskap og Sparebankleikar. Gfil har også i år søkt Sparebankleikar på vegne av alle laga i kommunen. Stevnet skal arrangerast siste helga i Juni.



Stemningsbilde frå Byrkjelo stadion !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Mar 2015

Ein flott dag på Byrkjelo. 8 grader, sol og vindstille !



Kjekk klubbkveld på Gloppen Hotell !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Mar 2015

Flott sosial Gfil kveld på hotellet. 25 aktive og utøvarar møttes etter trening i kveld. God pizza og god søje. Informasjon om treningsleiren i Portugal. No er det berre 19 dagar til avreise. Dette blir ein flott start på sesongen 2015 !. Else hadde regien for kvelden.



Klubbkveld på Gloppen Hotell onsdag 11 mars klokka 2000 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Mar 2015



Gloppen friidrettslag inviterar til pizzakveld på Gloppen hotell onsdag 11. mars kl. 20.00. Om du skal vere med på treningsleir i Portugal og ynskjer oppdatering om denne, eller har lyst til å vere med på ein triveleg sosial kveld så er alle hjarteleg velkomne! Send ei melding til Else tlf: 47 66 12 20 om du kan vere med eller ikkje slik at bestilling av pizza vert ordna utifrå kor mange vi blir.

Mvh styret GFIL




Årsmelding 2014

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Mar 2015

er kan du få nærare innblikk i året som har gått. Trykk på linken under og du kan lese årsmeldinga i sin heilhet.

Årsmelding 2014







Kjekt å samarbeide med GHK !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Feb 2015

I slutten av Juni skal vi arrangere Gloppen friidrett og håndballskule. Kjekt med samarbeid. Vi kallar det å gje rom for sportsleg framgang. Samarbeid og samtrening er viktig i ein liten kommune som Gloppen. Vi gleder oss. !



Jr.landslaget på samling i helga !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Feb 2015

Jr.landslaget avvikla samling på TIS , 20 - 22 februar. Thomas Mardal, Evald Osnes Devik og Hans Sande er på laget i høvesvis Diskos og slegge i 2015 sesongen. Jørund Årdal og Ole Morten Mardal er med som trenarar. Årets store mål internasjonalt er U20 EM i Eskilstuna. Nasjonalt er Jr Nm på Byrkjelo den store motivasjonsfaktoren. Det gleda alle seg til. Trude Raad er med i team DNB også i 2015. Team DNB er seniorlandslaget. Vi går no inn i ein ny treningsperiode før vi skal på treningsamling i Portugal i slutten av mars.



Gull til Merete Helgheim under helgas innandørs Nm

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Feb 2015

Gull på 3000 m kappgang til Merete Helgheim, Gfil. Tida blei 13,42,78 min. Gfil gratulerer.





Glimt frå treningsveka !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Feb 2015




Godt å ha kastringen i hallen på kalde dagar ! Tre nøgde kara onsdag kveld. Tidlegare på dag onsdag var det intervalltrening i Bukta. Godt feste i -4 grader og alle fekk tatt seg skikkeleg ut. Hans Sande syner stolt fram utbytte etter å ha greidd under 60 på 400m. Han kom heim frå skuletur på Lanzarote der han jammen vart lokka ut på runden. Flotte greier !































































































Årsmøte GFIL onsdag 4 mars klokka 1900

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Jan 2015

Vi avvikla årsmøte onsdag 4 mars klokka 1900 i SFE sin kantine på Strandtun i Bukta. Gloppen fil har hatt eit flott år i 2014 og alt tyder på at 2015 skal bli like flott. Laget har 25 årsjubileum i år. Bildet er frå ein av turane sommaren 2014, JrNm i Fredrikstad.



Mange på trening !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Jan 2015

Kjempeflott trening i kveld ! Supert oppmøte og god stemning. Topputøvarar og dei unge trenar ilag. God oppskrift på godt miljø 👍