Vinterstevne på Loggane i kveld !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 28. Des 2017

Bilder:Naturfotograf Ronny Solheim

Mykje fin kasting i det siste kaststemnet dette året. Fleire nytta høvet til å setje pers, størst forbetring gjorde Håkon Litland, Laksevåg, som auka frå 55,35 til 57,88. Han hadde dessutan eit kast på 57,42. Håkon Hjelle Roset persa også, denne gong med 6 kg frå 51,04 til 51,93. Den tredje som persa var 13-årige Nikoline Thunem, Fiskå, som auka frå 30,93 til 31,82.

Thomas Mardal har denne hausten akklimatisert seg på heilt andre temperaturar enn minus 7, likevel sikker og fin kasting med 65,43 som lengst. Kristina Thunem, ein trufast Loggane Open-deltakar kasta opp mot persen(44,39) med 4 kast på 43-talet, lengst 43,72. Krinsrekorden for Møre og Romsdal til Silje Osnes(45,11) vil leve farleg i 2018!

Herman Aurdal fann seg ikkje heit til rette i flomlyset på Loggane i kveld, 54,71 er langt bak toppkapasiteten. Fysikken er i orden, men balansen i ringen var ikkje heit på topp.

Diskoskasting i mange kuldegrader er inga enkel sak, likevel kasta 14-åringen Steffen Melheim frå Olden heile 52,39, mindre enn 3 meter frå norsk aldersrekord og ca. 2,5m frå persen!

 

Neste gong kastarane møtest vert rett over nyttår på rekruttlandslagssamling i Oslo.

 

 

 



Hans studerer i Bergen !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Des 2017

Hans Sande er av våre erfarne sleggekastarar med JrNm Gull på heimebane i 2015. Han har dessverre vore skada siste halvåret og har slete med å få fullført den treninga han har planlagt. Han har mange jarn i elden, foruten å vere sleggekastar er han ein særdeles god vektløftar og handballspelar. Vi håpar han kjeme seg føre og blir skadefri og i toppslag til sesongen 2018. Les helsinga frå Hans under bildet.

Her har vi to strame kara frå Sørstranda, IL Brodd og Gloppen FIL - Hans og Evald på Jr NM i Harstad 2017.

Er no igong med mitt tredje år her i Bergen. Etter semesterets siste eksamen no på fredag er eg komen halvvegs på ei bachelor grad innan marinteknikk som eg studera på høgskulen. Har slått meg godt til ro i løftelokala til AK Bjørgvin. Det er ein stor gjeng med vektløftara som bidrar til mykje glede på trening. Har i den siste tida slitt med skader i begge låra som eg pådrog meg sommaren 2016. Slegga har vist seg å være noko av det værste for låra, så det blir dessverre mindre kasting enn kva eg hadde håpa på. Sørgar for å få meg ei økt ein gong i blant for å ikkje miste «feelingen» heilt.
Mykje av tida går no med til behandling og rehabiliteringstrening for å forhåpentligvis være klar til NM neste år!

Sportsleg helsing

Hans



Helsing frå Trude i Bergen !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Des 2017

Trude har etablert seg i Bergen og har Fana stadion som treningsaren.  Det er kjekt for klubben å få fortelje litt om kva utøvarane våre styra med, spesielt kjekt no i vinterhalvåret. Trude er kjempemotivert for sesongen 2018 !  Nm på heimebane blir spennande. Vi gledar oss !(Foto :Caroline Dokken Wendelborg). Bildet er frå Deaflympics 2017. Helsing frå Trude kjem under bildet :)

Ei lita helsing frå Bergenby!

Tida fyk avgarde, og eg har snart budd i Bergen i to år. Her trivst eg veldig godt!

Dagane går med til jobb, trening og studie. Eg jobbar 100 % stilling som miljøterapeut på Signo Konows Senter, eit bufellesskap for døve og døvblinde som har ei psykisk utviklingshemning. I fjor tok eg 30 studiepoeng i spesialpedagogikk på høgskulen i Sogndal, noko som var interessant og aktuelt i høve til jobben min. Eg ønskte å bygge vidare på dette, og tek i år eit deltidsstudie som heiter ”åtferdsvanskar” på høgskulen i Bergen.

Samtidig satsar eg for fult mot neste sesong der NM på heimebane er eit av dei store høgdepunkta! Eg har hatt ein fin treningshaust, med lite skade. Kastar på Fana stadion i lag med Hans og Bergensargjengen. Det er lite snø og kulde i Bergen, og vi har dermed fine kastforhold året rundt.

Det er snart juleferie, og eg gler meg til mykje god trening heime med GFIL gjengen!

Ønsker alle ei riktig god jul og eit godt treningsår J

Trude  



Marte Rygg Årdal og Richard Villanger har busett seg i Førde !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 3. Des 2017

Marte Rygg Årdal og Richard Villanger har flytta til Førde. Då blei det slik at Richard meldte overgang frå ASK til Gloppen FIL. Det sette vi stor pris på. Endå ein 60 meters mann i klubben !! Sleggepersen hans er 62,58m frå 2014. Marte har sin pers også frå 2014 på heile 63.05m  Då skulle vel alt ligge til rette for at det var muleg med litt fellesøkter med fire gode GFIL kastarar med base i Førde og omegn, Magnus Rygg Storsletten, Steinar Kleppe og dei to nytilflytta Marte og Richard. Vi ynskjer lukke til utover vinteren. Husk at Loggane er klar uansett veir og føre !


Hei! Her kjem ei lita oppdatering frå Førde:

I sommar flytta vi til Førde som nyutdanna tannlege og økonom. Marte har fått jobb på den offentlige tannklinikken, og Richard jobbar på kundesenteret i Gjensidige bank. Vi har kjøpt oss leilighet og trivst svært godt! Richard har meldt overgang til Gfil, og vi har begge tenkt å kaste langt under neste års NM på Byrkjelo! Styrketreninga går bra på Spenst, men kastfasilitetane i Førde kan ikkje måle seg med storanlegget på Loggane! Heldigvis er det berre ein kort køyretur unna...

 Marte og Richard :)



Evald har starta på studier i Sogndal !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Nov 2017

I vår serie om våre utøvarar som har flytta ut i verda og i heimlandet elles er turen komen til Evald. Han starta hausten 2017 på Idrettstudier ved Høgskulen i Sogndal. Alltid spennande å kome til ny plass. Spennande å finne ut om forholda for friidrett er brukande. No har ikkje Sogndal tilrettelagt for kastøvingar, men all styrketrening skulle ha flotte forhold. Vi ynskjer lukke til med treninga utover vinteren !

Treninga går svært fint i Sogndal. Har komt inn i eit godt miljø med målretta og dedikerte styrkeløftare! God stemning på treningane og god pushing på kvarandre. Fasilitetane er akkurat passe. Får trent det eg har behov for av styrke og basis. Den store mangelen er selvfølgeleg ei skikkelig friidrettsbane. Reiser stort sett heim i helgene for å jobbe og kaste. Det funkar heilt grett. Skulemessig så har eg komt i ei kjekk klasse. Alt vel - Evald



Rapport frå Thomas Mardal i Florida

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Nov 2017


Thomas reiste over "Dammen" til Florida i midten av August for å trene og studere på Universitet der borte. Han har stipend og skal etter planen vere der i 4 år. Det går veldig fint med Thomas og han fortel litt om korleis det går med treninga.

No har eg budd i Florida i over 2 månader og er godt inne i trenings og skule rutiner. Treninga her borte er ganske annerledes enn den var heime, mest fordi vi trener ganske lange økter på ettermiddagen (ofte mellom 2-4timar) 4 dagar i veka, og so har vi ei rolig laurdagsøkt i tillegg. Vi blir også godt fulgt opp av både kast-trenar og styrke-trenar som lagar program til oss og hjelper oss på øktene. No har vi hatt en ganske tung treningspdriode for å gjere oss klare til første innendørs konkurransen i begynnelsen av Januar. Treninga har gått fint so langt, uten skadeavbrekk, og eg har blitt godt vant til å lese og snakke engelsk overalt. Ser fram til å komme heim og trene godt i juleferien min (17.Des-2.Jan) . Sportsleg helsing Thomas.



Rapport frå Simon Lidal i Halden !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2017

Bildet er frå JrNm i Harstad i sommar der han tok bronse i U20

Eg heiter Simon Lidal og kastar spyd. Eg har alltid likt å kasta. Dette førte til at eg  kasta liten ball og seinare spyd for Årdalsklubben Jotun (i tillegg til fleire idrettar som handball og symjing). For å utvikle meg som spydkastar, søkte eg og kom inn på Idrettslina på Firda Vidaregåande Skule. Her hadde eg tre kjekke og lærerike år . Eg blei teken godt vare på i kanskje Noregs beste friidrettsmiljø i GFIL. Det blei mykje trening både på skulen og i GFIL om kveldane. På treningane var det alltid seriøse og gode trenarar som inspirerte meg til å bli betre. Noko som førte til 3.plass og personleg rekord under JNM i Harstad.

Eg bur no i Halden, der går eg på årsstudium i kroppsøving og idrett på HiØ. Eg valde Halden fordi der er eit godt spydmiljø. Jørund Årdal hjelpte meg med å få kontakt med Halden Idrettslag og dei har teke godt imot meg. Alle eg trenar saman med kastar spyd. Det syns eg er veldig bra, for eg vil utvikle meg som spydkastar og ynskjer å satse på det. No er treningane veldig fokusert på spydkast, og dei beste spydkastarane i landet kjem for å trene med oss. Det synest eg er heilt optimalt for å bli betre. Nett no har eg diverre fått ei kneskade, men eg kjem til å stå på lika hardt med treningane og trene alternativt, for å kome strekt tilbake. Eg håpar eg rekk å kvalifisere meg til NM på Byrkjelo 2018! 

Sportsleg helsing
Simon
 



GFIL inviterer til treningslaurdag den 11 november !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Okt 2017

Tradisjonen tru inviterer vi også i haust til treningslaurdag. Datoen er 11 november. Oppmøte kl 1000 ved Firdahallen. Vi møter i utekle alle. Aldersgruppe frå og med 13 år. Det blir to økter denne dagen. Det blir både kast på Loggane, høgde/lengde i hallen og løp ute. Ei basisøkte vert det vel plass til også. Håpar vi får til god lunsj på hotellet og middag i Stilstova.  Nøyaktig plan kjem vi tilbake til. De må følgje med på heimesidene og facebook. Vi ber moderlaga ta i mot påmelding og få den vidare til GFIL innan 7 november. Det vil bli sendt ut arbeidsliste for kveldens middagsmåltid + aktuelle trenarar. Dette blir kjekt. Bildet er frå i fjor. Bakkeløp i den bratte reina på Samestad. Som vi ser var det frost og kaldt. På Loggane er straks ringane klare med varme så alt er i rute. Laksevåg kjem som vanleg oppover med sine kastarar denne helga. Dei kjem fredag og blir til søndag. Laurdag midt på dagen vert det stevne på Loggane. Velkomne alle !



Gloppenkalenderen 2018 er i trykken !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Okt 2017

Eit flott produkt som i desse dager går i trykken. Salget av kalenderen er verdt netto 40 000,- for Gloppen FIL. Ei stor inntektskjelde for laget. Siste åra har Dagfinn vore bildeansvarleg. Han har eit godt nettverk av fotografer og resultatet blir alltid flott. Slik også i år. Som alltid er der fotografer som debuterer. Gled dokke. Rundt 1 november ligge kalenderen for sal på Sporten. Framsidebildet her er tatt av Birger Berge.



Takk for all støtte !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Okt 2017

Sesongen 2017 er over. Vi kan sjå tilbake på mange flotte stunder på friidrettsbana. Internasjonal deltaking for våre beste juniorar, krinsrekorder, gull i døve OL, Nm medaljer og UM medaljer. Våre aktive, trenarar og leiarar er dei beste ambassadørar for idretten vår, sponsorane og Gloppen Kommune. Vi har ei rekke sponsorar og samarbeidspartnarar som stiller opp for friidretten år etter år. Vi er dei stor takk skuldig !. Det er ikkje sjølvsagt at bedrifter og organisasjoner bidrar med slik støtte. Vi har eit nært samarbeid med alle våre sponsorar. Dei kjenner oss og vi kjenner dei ! Også i år håpar vi at dei er nøgde med profileringa og gjenytingane. Komande sesong er det Hovud Nm på heimebane. Dette er eit meisterskap det er vanskeleg å greie krava. Er vi heldige kan vi greie å få nokre nye kvalifiserte, men då må alt klaffe. Vi er godt i gang med neste års treningsarbeid, planlegging av treningsleir, bestilling av overnatting rundt i forskjellige byer til sommarens stevner og litt fagleg påfyll på trenerseminar no i november er også viktig. Takk for støtta og velkomne inn i 2018 sesongen !



NM terrengløp komande helg !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Okt 2017

For første gang i GFiL historien har vi deltakarar på Nm terrengløp lang løype. To glopparar stiller på startstreken på 4km. Det er Kaya Van Hulst, BBIL  (G15) og Adrian Solvang Lothe, GFIL (G17). Desse to er i første konkurranseåret sitt og har hatt flott framgang på mellom og langdistanse i løpet av våren og sommaren 2017. 4km har dei testa ut på Gloppetrimløypa i Bukta og veit at dei står distansen. På bildet har vi løpsgruppa som har trent godt ilag heile sommeren på Byrkjelo. Håvard Klakegg frå Jølster (G15) stiller også til start på 4km. Dei andre på biletet er Elias Slåtten, Jølster  og Tobias Fuglestrand, STIL.  Nm skal arrangerast i Vik komande helg. Vi ynskjer lukke til.

Forrige helg var Jr Landslaget samla i Skien. Biletet syner sleggegruppa til Jørund (minus Beatrice Nedberge Llano og Thomas Mardal - begge i USA) under ei kastøkt utendørs i fineveiret. Det vart rapportert om ei vellukka samling der alle øvingsgruppene var samla.

Nyeanlegget på Loggane er flittig brukt. Biletet syner gjengen samla måndag i det flotte veiret . Sesongen 2018 er i gang !



To aktive og ein trenar på Rekrutteringslandslaget i kast 2018 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Sep 2017

Tradisjonen tru er GFIL  godt representert på rekrutteringslandslaget i kast. Slik blir det  også i 2018.

Vi gratulerer Thomas Mardal(20) og Håkon Hjelle Roset(17) med plass på Rekrutteringslandslaget. Thomas har lang fartstid på Jrlaget og har delteke i tre internasjonale meisterskap, to i diskos og det siste i år i slegge. Han er Jr U23 både i 2018 og 2019 før han kan bli rullert over på seniorlandslaget.  No er han i USA og har topp oppfølging der borte , men vil delta på den/dei  samlingar som vil vere aktuelle når han kjem tilbake til sommaren. Evald hadde sitt siste år som JrU23 på dette laget i år og er komande sesong seniorutøvar. Likevel vil han kunne møte på enkelte av juniorsamlingane for å vere mentor til dei yngre utøvarane.  Det er svært gledeleg at det er funne plass til ein ny sleggekastar frå gloppemiljøet. Håkon Hjelle Roset er treningsvilleg og har ein godt utvikla sleggeteknikk innlært av Jørund. Vi er sikre på at han vil ha stort utbytte av samlingane på rekrutteringslandslaget.

Miljøet greier år etter år å produsere talent som hevdar seg i landstoppen. Vi har gode trenarar og gode kastanlegg i kommunen vår. Dette betyr alt for framgang, miljø og engasjement.

Jørund Årdal er blitt sleggeansvarleg på rekrutteringslandslaget. Dette er ei fjør i hatten for vår gode trenar i kast. Han har i mange år produsert kastarar for landslag og får no anledning til å påverke heile sleggegruppa med sin kunnskap. Vi gratulerer med vervet ! Første samling er allereie no 6-8 oktober i Skien. Der samlast alle øvingsgruppene. Vi meiner dette er ein flott måte å presentere Norsk friidrett. At alle øvingsgruppene er samla gjev felleskap og lagfølelese. 

For ytterlegare kommentarer kontakt Jørund på 41631280 

 

Her presenterer vi heile rekruttlandslaget i kast for 2018, dei med stjernemerke er såkalla prioriterte utøvarar.

Kule:

*Marcus Thomsen (98), IK Tjalve, Vesteinn Hafsteinsson Matias Melheim (99), Olden, Hans-Petter Galtung

Diskos:

Mathilde Roe (96), IL Fri, Ingunn Gatland Jacobsen Berit Stunes Isene (98), Sturla, Thomas Rosvold Erik Johannes Rosvold (98), Asker Skiklubb friidrett, Thomas Rosvold Torkel Bjørbæk (99), Bodø, Øystein Bjørbæk Fabian Weinberg (01), Kristiansand IF, Michael Weinberg Hedda Hauge Aasgård (01), FIL Aks 77, Vidar Aasgård/Jørund Årdal Elisabeth Thon Rosvold (02), Asker Skiklubb, Thomas Rosvold Lotta Fallum Fallingen (02), Brandbu Vebjørn Sæten Skre (02), Asker Skiklubb, Thomas Rosvold Erlend Bergfjord Næss (02), Ask, Edgar Henriksen

Slegge:

*Beatrice Nedberge Llano (97), (USA) Laksevåg, Harald Heier Thomas Mardal (97), Gloppen FIL, Jørund Årdal /Ole Martin Mardal/Steve Lemke Helene Ingvaldsen (96), Norna-Salhus, Robert Ingvaldsen Vilde Ingvaldsen (99), Norna-Salhus, Robert Ingvaldsen Martin Kornerud (98), Sturla, Jon Kornerud Herman Aurdal (99), Sykkylven, Thomas Sletvold Helle Henriksen Hvidsten (01), Modum FIK, Nils-Gunnar Henriksen Oda Marie Myklebust (01), Bergens Turnforening, Bjørge Pedersen/Jørund Årdal/Harald Heier Sarah Mikkelsen (02), Brevik, Peer Olav Moen Kristen Brosvik (00), Ask friidrett, Harald Heier Håkon Hjelle Roset (00), Sandane TIF, Jørund Årdal

Spyd:

*Arianne Duarte Morais (99), BUL, Åsmund Martinsen Marie-Therese Obst (96), IK Tjalve, Håvard Johansen Stella Weinberg (98), KIF, Michael Weinberg, Sondre Høyland (98), Tyrving, Jo Nesse Kasper Sagen (99), Tyrving, Jo Nesse Kaja Mørch Pettersen (2001), Larvik Turn Friidrett, Dag Inge Hansen Bendik Espenes (01), Strindheim, Stig H. Lien Vibeke Engen (02), Oppegård, Aina Engen



Gloptimisten er i rute !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Sep 2017



Dugnadsgjengen til Gloppen Friidrettslag !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 7. Sep 2017

Her ser de ein glad gjeng som brukte forrige laurdag på dugnadsarbeid for Gloppen Fil. Ein fantastisk positiv samling av aktive/leiarar og trenarar. Ein av samarbeidspartnarane hadde arrangement og vi hjelpte til. Godt veir, god mat og kjekt arbeid. I tilegg til desse deltok også Ole Morten og Johannes. Som de ser er vi godt profilerte !!!!



Friidretten i Gloppen hjelper til med integrering !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Sep 2017

GFIL har i mange år hatt eit glimrande lavterskeltilbod gjennom Gloppetrimmen. I år har vi arbeidd aktivt for å integrere våre nye innbyggarar. Det er viktig å trivast i lokalsamfunnet. Gjennom trim og aktivitet får ein kontakt med nye mennesker. Slik er det på Gloppetrimmen. God søje og god trim hand i hand. Fast busette somaliarar, eritrearar og syrarar har hatt oppmøte på Gloppetrimmen nokre gonger. Dei ser ut til å trivast. GFIL stiller med transport og trimselskap rundt den 4km lange løypa. Håpar det fell i smak ! Gjensidigestiftinga bidrar inn i prosjektet. Kjekt at Gjensidige også er blitt ein av Norsk friidrett nasjonalt sine største bidragsytarar. Dei er der både lokalt og nasjonalt. Heilt topp ! Han karen med GFIL drakt heiter Jan Otto Aae og skal ha æra for at vi har fått så mange med oss.



Sølv til Steinar Kleppe i slegge

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Aug 2017

Steinar Kleppe (Gloppen Friidrettslag) tok sølv i slegge med resultat 62,69meter. Vinnar vart Eivind Henriksen med resultatet 74,27meter. Tredjeplassen gjekk til Kjetil Røste Ringen med resultat 61,12meter. 
Evald Osnes Devik (Gloppen Friidrettslag) kom på fjerdeplass med resultatet 60,01 meter. 


Foto: Eigil Instebø





Marte Rygg Årdal nr fire i slegge

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Aug 2017

Marte Rygg Årdal tok ein fjerdeplass i slegge under NM i Sandnes 2017. 



Sølv til Trude Raad

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Aug 2017

Trude Raad tok sølv i slegge med resultat 63,56meter. Gullet gjekk til Beatrice Nedberget Llabo med 64,65 meter. 

Vi gratulerer så mykje!



GULL til Merete Helgheim

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Aug 2017

Merete Helgheim tok nok ei NM medalje på 3000meter kappgang. Tida vart14.00,75 min. Vi gratulerer så mykje!



Senior-NM Sandnes

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Aug 2017

No står nok eit NM for tur, denne gang i Sandnes. Vi ser fram til ei spennande helg med mykje god friidrett, og mange gode resultat! 

Vi ynskjer alle vore utøvarar lykke til. Resultat vil bli oppdatert her omgåande, så følg med. :-)



JrNm i Harstad - Gull til Evald, Bronse til Hans og Magnus !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Aug 2017

Ein fantastisk dag på Stangnes Idrettspark. 3 medaljer til GFIL på ettermiddagsøkta. Evald Osnes Devik tok gull i eldste herreklasse U23 med eit lengstekast på 59.07m. Nr 2 blei Jon Nerdal, 58.40m. Hans Sande tok bronsemedalje med 52.96m.

U20 klassa vart programmessig vunne av Martin Kornerud på 59.45m, Kristen Brosvik tok bronsen på 55.55m. Så kom jammen vår eigen Magnus Rygg Storsletten og tok bronsen med 55.15m . Fantastisk flott prestasjon. Vi gratulerer med utruleg medaljefangst til Gloppen FIL. På plassane bak desse kom nr 4 Hermann Aurdal med 54.46m, nr 5 Håkon Hjelle Roset 50.61m, Håkon Litland 45.13, Håkon Fjellestad 40.57m og Steffen Fjellestad med 39.79m.

Vi kan vel seie at Gloppen dominerte i sleggeringen denne kvelden. Gratulerer alle saman !



2 bronsemedaljer til Gloppen FIL under JrNm i friidrett første dag

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Aug 2017

Harstad og Ik Hind har arrangert ein flott første dag av årets jrNm. Prikkfritt frå ende til annan. Gode funksjonærar og hyggelege folk overalt. For Gloppen starta dagen med 100m forsøk U20 der Robert Andre Moldestad hadde fjerde heat og bane 8. Han hadde som vanleg ein kanonstart og var faktisk heilt framme i feltet til 60-70 meter. I god medvind (+3.6)sprang han inn til 11.69 sek. Vi meiner det var eitt av årets beste 100m løp av Robert. Dessverre ikkje semi, men likevel nøgd og har nytt løp i morgon på 200m.

På ettermiddagen var Vincent Sondre Førde i klasse U23 klar på 3000mh. Med berre eitt løp i beina på hinder denne sesongen var vi alle spente på om han ville greie ein medalje. Han holdt fint skjema på 75 sek i 5 runder med fekk så 6-700m med litt for svak fart så ein svært god siste 300. Det betyr at han hadde litt for mykje krefter att. Men han har fleire muligheter seinare i sesongen. Vi gratulerer med flott bronsemedalje.

Samstundes gjekk Hans Sande i diskosringen i klasse U23 og tok ein flott bronsemedalje med resultatet 37.71m. Vinnaren var ikkje noko mindre enn Vm deltaker Sven Martin Skagestad. Nr 2 vart Thor Olav Rosvold. Vi gratulerer med flott bronsemedalje.

I morgon skal Robert Andre springe 200m og heile slegge gjengen i U20 og U23 i ringen på kvelden.

Som bilda syner så har det vore regn på slutten av dagen, men formiddagen var flott !



GFIL klare for JrNm !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 8. Aug 2017


Vi gledar oss til å representerer Gloppen under årets JrNM i Harstad. Fredag fyrstkomande starter meisterskapen på IK Hind sitt nye anlegg i Harstad. Det blir spennande å reise nordover. Veirmeldingane er gode og alle er i godt slag. I år har vi dessverre ikkje med oss Thomas som i desse dager reiser over til USA. Desse stiller for Gloppen Fil :
U23 - Hans Sande (diskos og slegge), Vincent Sondre Førde(3000mh og 800) og Evald Osnes Devik (slegge)
U20 - Magnus Rygg Storsletten (slegge) , Håkon Fjellestad (slegge),Simon Lidahl (spyd),  Steffen Fjellestad (slegge), Robert Andre Moldestad(100 og 200) og Håkon Hjelle Roset (slegge)
Lagleiarar: Jørund Årdal mobil 41415380, Reidar Moldestad, Else Lundestad Bakkelid og Nils Ove Roset. 



I morgon kastar Trude i døve OL !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Jul 2017

I morgon kastar Trude Raad slegge i Døve OL i byen Samsun i Tyrkia. Ho har to sigrar i dette meisterskapet. Både i 2009(Taipei) og 2013(Sofia). Vi ynskjer ho lukke til. Jørund er med som trenar og er å nå på mobil 004741631280

Sjå innom heimesidene til meisterskapen

http://deaflympics.com/athlete...

Vi gledar oss til å rapportere i morgon og ynskjer lukke til !.



Thomas og Evald - gode som GULL !!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Jul 2017

Gfil er veldig stolte av våre Em deltakarar

I desse dagar går EM U23 av stabelen i polske Bydgoszcz.  Både i går og i dag har det vore flotte idrettsopplevingar for alle som har interesse for friidrett. Thomas kvalifiserte seg til finalen i går med fantastiske 68.34m, ny krinsrekord og personleg rekord i viktigaste konkurransen så langt i karrieren. I dag gjentok han det same i første kast i finalen med heile 68.28m. Hans to lengste kast i karrieren i det viktigaste stevnet . Berre å ta av seg hatten når ein greier å vere best når det gjeld. Han har no delteke i sitt tredje internasjonale meisterskap i ein alder av 20 år. Første var i U20 EM i Eskilstuna i 2015, andre var i VM U20 i Polen i 2016. Begge desse meisterskapa i diskos. Sesongen 2017 gjekk han for fullt inn for slegge med stor hell. 10 konkurransar sidan i fjor haust har han kasta over EM kravet på 63.50 med seniorslegga. Så toppa han det foreløpig i går med 68.34m og i dag i finalen med 68.28m. Det heldt til ein fantastisk 10 plass. Vi gratulerer så mykje !

Evald kvalifiserte seg til EM med ein kjempekonkurranse i Halle i Tyskland tidlegare i vår. Der persa han til 64.92m. Gjennom vinteren har han forbetra seg med over 3 meter frå sesongen 2016. Det var ein utruleg glad utøvar som kom heim frå Tyskland og hadde greidd kravet til sitt første internasjonale meisterskap. Han har til liks med Thomas lagt ned eit stort stykke arbeid for å greie desse prestasjonane. Vi kan vel godt seie at dei har fått betalt for det dei har lagt i potten. Tre konkurransar har Evald hatt over EM kravet på 63.50m. No hadde Evald ein vanskeleg konkurranse under kvaliken i EM torsdag formiddag. Buret bles ned og konkurransen vart avbroten. Han fekk ikkje vist seg fram slik han hadde sett føre seg, men ingen sure miner. Det er berre å komme seg vidare. Mange konkurranser gjenstår utover ettersommaren.

Mange harde økter i vektrommet på Rygg og like mange våte og sure kastøkter på Loggane har vore gjennomført. Likeeins sprintøkter ute heile vinteren i billysa frå ivrige trenarar. Loggane med skjul for veir og vind, varme i ringen og flomlys gjere det muleg å oppnå toppresultat. Vektrommet på Rygg med skikkeleg utstyr og alltid tilgjengeleg er heilt avgjerande for å få framgang. Når ein så i tillegg har eit trenar /støtteapparat/sponsorar og god klubbdrift med seg så er det berre opp til utøvarane å gjere den nødvendige jobben. Mange har lært av desse to og dei andre i idrettsmiljøet i GFIL. Det er slik vi greier å produsere toppresultat.   Fleire unge satsar mykje på friidretten i kjølevatnet av våre beste og er villege til å legge ned den treninga som krevst. Det er svært viktig å ha slike som Thomas og Evald som førebilete.

No reiser dei siste idrettsutøvarane av denne aldersruppa frå Sandane til utdanning andre stadar og vi her heime må fortsette arbeidet med å rekruttere nye til friidretten.  Her er både løparar/hopparar og kastarar som kan stå klare til å ta over.

Vi gratulerer EM fararane med super innsats og håpar de fortset i mange år med toppidrett. Nok ein gong ein ekstra gratulasjon til finalisten og 10 plassen.

NOR.



Thomas Mardal finaleklar i Em U23 med resultatet 68,34m !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Jul 2017

Under dagens kvalifisering i slegge sette han like godt ny krinsrekord med det flotte resultatet 68,34m. Han oppnådde dette i første omgang og var dermed klar for finalen. Grensa var sett til 67.50m for direkte finale. Gfil gratulerer med flott resultat og vi ser med glede fram til finalen.

Evald Osnes Devik kasta i gruppa før og vart utslått med resultatet 59.97m





Trude, Evald og Thomas kaster på Boysen Memorial i kveld.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Jul 2017

I ettermiddag kl 1700 kaster alle våre tre beste utøvarar på Boysen Memorial på Bislett stadion. Thomas og Evald møter landets beste sleggekaster , Eivind Henriksen og Trude møter Beatrice Llano også ho er pr no landets beste så langt.

For våre to gutta er dette stevnet er ein del av oppkøyringa til EM U23 der sleggekonkurransen går om akkurat ei veke. Trude skal til Døve OL som går i slutten av månaden. Vi er sjølvsagt veldig spente på korleis formen er no like innunder EM. Jørund er ringside og vil rapportere undervegs.



Sommarstevne på Byrkjelo torsdag 13 juli kl 1800

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Jul 2017

I ei elles litt stille tid inviterer vi til kveldsstevne på Byrkjelo etter same mal som i fjor. Då fekk vi eit kjempefelt på 1500m. Håpar på det same i år. Velkomne !



EM U23 uttaket er klart !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 3. Jul 2017


GFIL gratulerer Thomas og Evald med uttaket til EM U23 i Polen. Dette er Thomas sitt tredje internasjonale Jr meisterskap. Evald sitt første. Kjempeflott med to frå Gloppen FIL. Jørund skal sjølvsagt avgårde også. Alle tre reiser på precamp allereie no torsdag. Vi ynskjer lukke til med meisterskapen.

Sjå link til friidrett sine heimesider.


https://www.friidrett.no/nyheter/uttak-em-u23-bydgoszcz/




Resultater frå Gøteborg fredag og laurdag !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Jul 2017

VU spelen på Nya Ullevi er ei oppleving !. Mange utøvarar frå mange land og stor stemning på ein flott arena. Fredag kasta Simon Lidahl 50,85 med seniorspydet. Han blei nr 4 med det resultatet. Samstundes fredagskvelden sprang Vincent Førde sin første skikkelege hinderkonkurranse for sesongen. Han vart nr 4 med tida 9.33.10 min. Ein stykke bak pers. Alle fekk fredag erfare at vind ikkje er alltid like enkelt å handtere. Men det er likt for alle.

Laurdag har vore strålande på veirfronten. Sol, 25 varme og pålag vindstille. Håkon Hjelle Roset var oppe før fuglane i dag og var klar på kastbana til konkurransestart i slegge 5kg kl 0900. Han vart nr 4 med resultatet 60,28m. Like bak pers men vart henvist til den litt sure fjerdeplassen. Vi fekk ei oppvisning i sleggekast av Ragnar Carlsson. 17 åringen frå Falun kasta heile 83,17m med 5 kg slegga. Det skal nemnast at han i år også har over 66m med seniorslegga.

Robert Andre Moldestad var klar til 100m på føremiddagen. Med tida 11.76 (+1,8) vart det ikkje finaleløping på Robert. Han måtte hatt 11,56 for å fått finaleplass. Uansett er han nøgd så langt og er klar for 200m i mårå søndag.

Matias Førde, Jølster IL sesongdebuterte på 1500m i kveld. Det vart ein tøff oppleving for han. Men han kjem sterkare tilbake.

Vi har hatt ei strålande helg ilag. Reidar, Sølvi og Nils Ove har serva utøvarane etter beste evne.



VU- spelen i Gøteborg komande helg !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Jun 2017

Det går mot ei flott friidrettshelg i Gøteborg og Nya Ullevi. Vel framme i i dag føremiddag har vi gjennomført trening på Slottskogvallan og i Friidrottens hus. I morgon kveld(fredag) skal Simon Lidahl kaste spyd klokka 1810 og Vincent Sondre Førde skal springe 3000mh klokka 1835.
Laurdag morgon grytidleg (0900) skal Håkon Hjelle Roset kaste slegge på kastarenaen ved Friidrottens hus på Slottskogvallan. Eit lite stykke frå Nya Ullevi. Skal ein vere konkurranseklar kl 0900 bør ein stå opp 0500. 4 timar er ein god regel her. Robert Andre Moldestad springe 100m laurdag formiddag klokka 1030. Matias Førde springe 1500m klokka 1655. Vincent springe også 1500 klokka 1710.

Søndag skal Robert Andre Moldestad avslutte helga med 200m klokka 1345. Vi vil halde dokke oppdaterte på facebook.

Lagleiarar Reidar Moldestad/Sølvi Sunde/Nils Ove Roset

Følg linken under for info og resultatservice. Stevnet er streamet. Det er berre å benke seg foran datamaskina så kan de følge direkte.

http://www.vuspel.se/index.php



Thomas Mardal - 68.15 og ny krinsrekord i slegge!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Jun 2017

Det vart ein svært god sleggekonkurranse for 20-åringen, som fyrst denne sesongen har satsa for fullt på sleggekast. Den 7.26kg tunge slegga gjekk lenger og lenger utover i konkurransen, før han i 5.omgang kasta heile 68.15 meter. Han hadde også eit kast til over den gamle rekorden, og han har med dagens resultat flytta den tidlegare rekorden til Ove Farsund med nesten 4 meter!

Kastet plasserar han på ein 8.plass i Norge gjennom tidene.




Stor tropp til Tyrvinglekene på Nadderud komande helg !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Jun 2017

Nadderud stadion er arena for dei tradisjonsrike Tyrvinglekene.

Bilderesultat for bilder av nadderud stadion

Gloppelaga stiller stor tropp til årets Tyrvingleker på Nadderud stadion komande helg. Stevnet har også status som Norwegian Grand Prix med øvingane innlagt i Tyrvingleikane. Vi skal bu på Emma Gjestehus i Sandvika. Utruleg kjekt at så mange kan samlast. Det betyr mykje for miljøet. Vi gledar oss til tur ! Bilder og resultater vert lagt ut fortløapande på Facebook eller her på nettsida. Lagleiarar vert Else Lundestad Bakkelid og Nils Ove Roset.

Startlister/ tidskjema finn de her:

http://tyrving.idrett.no/10/tlute/

Fredag:

Else Lundestad Bakkelid, GFIL– Diskos - GP øvelse

Håkon Fjellestad, Fj.V – diskos G17

Kaia Van Hulst, BBIL – 2000m G15

Adrian Lote, GFIL – 3000m – G17

Vincent Sondre Førde, GFIL– 3000m MS

Matias Førde, Jølster - 3000m MS

Laurdag:

Håkon Hjelle Roset, STIL/ Håkon Fjellestad , Fj.V– Slegge G17

Evald Osnes Devik/Hans Sande /Thomas Mardal, alle GFIL – slegge GP Øvelse

Trude Raad , GFIL– slegge GP øvelse

Simon Lidahl , GFIL- spyd. G18/19

Søndag:

Robert Andre Moldestad, BBIL- 100m G17

Matias Førde, Jølster – 800m

.




Gloppenmeisterskap på Byrkjelo torsdag 8 juni 2017

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Jun 2017

Ope Gloppenmeisterskap 2017
Arr: Gloppenalliansen

Byrkjelo torsdag 8.juni kl 18.00

G/j 10 – 12: 60 m – 600m – lengde –høgde – kule

G/J 13 -14: 60m -600m –lengde –høgde – kule – slegge – diskos –spyd

15 år og oppover, alle klasser: 100m – 800m – diskos – kule – slegge – spyd – høgde – lengde.

Påmelding på tribuna frå kl 17.00 – 17.45

Ca. tidsskjema kjem vi tilbake til seinare.

Arbeidsfordeling:

Stemneleiar: Jørund Årdal

Sekretariat: Linda van Hulst.

El. Tidtaking: Birgit Hjelle Roset og Ingrid Hjelle Roset.

Speaker: Dagfinn Nyhammer

Startarar: Arne Klakegg og Nils Ove Roset.

Startordnar: Reidar Moldestad.

Overdommar: Gunnar Hole/Odd Raad/Ole Morten Mardal.

Vindmålar: Olav Holvik og Marcus Røed Frøyset/Jan Otto Aae

Ordonans: Marcus Røed Frøyset

Moderlaga må ha kontroll med kvar sine øvingsgrupper. Bør helst vere tre på kvar øvingsgruppe.

Ansv. lengde: STIL

Ansv. høgde: Hyen

Ansv. diskos og slegge: Breimsbygda.

Ansv. kule: Brodd

Ansv. spyd: Fjellhug/Vereide

Håpar dette høver for alle. Også her ein felles dugnad for friidretten i Gloppen!

Mvh Jan Otto Aae

Tlf 97528090



Tidskjema søndag

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Mai 2017



Toppresultater i Halle !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Mai 2017

Med resultata 66,64 på Thomas og 64,92 på Evald har GFIL to kvalifisert for EM-U23 i slegge. Evald sette pers med over 2 meter og no kasta også han lenger enn Ove Farsund sin gamle krinsrekord på 64,20 frå 1980. For å setje resultata litt meir i historisk perspektiv kan det nemnast at Thomas er nr. 11 gjennom alle tider i Noreg, Evald nr. 15. Begge er enno i eldste juniorklasse!

I EM i Polen i juli vil dei møte hard konkurranse. Vi har sjekka etter litt, grensa for å nå finalen var på 66 m både i 2013 og i 2015. I alle fall Thomas kan ha håp om å nå finalen, men Evald er sterk konkurransemann, også han vil kunne snuse på finaleplass med full klaff. Medaljane vil nok gå på over 70 m, så det er nok litt for langt fram til det. Thomas kan vere med i den same meisterskapen om to år, med to gode treningsvintrar i USA kan vi kanskje ha ein medaljekandidat i 2019 i Sverige.

Thomas vert i år med i sitt 3. internasjonale meisterskap, dei to føregåande i diskos, denne gongen i slegge. For Evald er det første gong han er kvalifisert, som 18-19 åring var han ca. 5 meter bak kravet. Dei to siste åra har han auka persen med heile. 8 meter med seniorslegga, det har gjeve kraftige byks på statistikkane. Til dømes løfta rekordkastet i Halle han frå 30. til 15. plass på historisk landsstatistikk


Frydenbø Bilsenter trufast sponsor til Gloppen FIL

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Mai 2017

Fantastisk flott støtte frå vår gode lokale bilforhandler Frydenbø Bilsenter. Også denne sesongen er dei på plass med "sesongbil" til bruk til og frå stevner utover sommaren. I år er det Nissan Pulsar som er kledd opp i Gfil reklame. Den reiste av garde med ein gong til Flesland der sleggegutane skulle med fly til Tyskland.



Thomas og Evald deltek i Tyskland i helga.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 18. Mai 2017

Zurück zur Startseite.

Gloppen Fil ynskjer dei lukke til. Under kan de lese litt frå omtalen av stevnet på friidrett.no


Hallesche Werfertage:

Mange av våre mest lovende kastere tester formen i tyske Halle i helgen. Her får de matching på høyt nivå i det som er Europas største spesialkonkurranse i kast. Totalt er 12 nordmenn påmeldt, der ti av disse tilhører rekrutteringslandslaget.

Osterøys Sigrid Borge skal i aksjon i spyd i U23-klassen. Borge slo gjennom i fjor med 59.33m, mens hun denne sesongen har 56.65m som sitt lengste kast.

Marcus Thomsen har først og fremst fokus på Junior-EM denne sesongen og bør ha gode muligheter i kule i U20-klassen. Tjalve-karen har støtet 20.19m med 6kg-kulen i år, som bare er fire centimeter bak hans norske juniorrekord fra i fjor.

Gloppens Thomas Mardal har fokusert mer på slegge i år og det har gitt umiddelbare resultater. Han har perset til fine 66.70m i år og her skal han stille i den øvelsen i U23-klassen. Her stiller også Mardals klubbkompis Evald Osnes Devik.

Matilde Roe kom seg over 50 meter i diskos for første gang forrige helg og Fri-utøveren har muligheter til å forbedre dette her.

Tre blad Weinberg fra Kristiansand stiller til start i Halle. Storesøster Stella er endelig kvitt skadeproblemene og sølvvinneren fra Ungdoms-VM i 2015 perset til fine 52.47m i spyd forrige helg og har nok enda bedre lengder inne. Myron Weinberg stiller i spyd i U20, mens yngstebror Fabian er påmeldt diskos og kule. Han har klart kravet til EYOF i begge øvelsene og kastet strålende 57.20m i diskos og satte aldersrekord i G16 for et par uker siden.





Karabinlekene på Fana stadion komande helg

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Mai 2017

Karabinlekene på Fana komande helg. Evald angriper EM kravet på 63,50m med seniorslegga. Trude starter sesongen her heime og Hans sesondebuterer. Konkurransen starter 1730 komande fredagskveld. Oppdatering på Facebook.



Lag til Breimstafetten komande søndag

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Mai 2017

Damer:
Julia Jordanger
Olina Roset
Kristine Strøm
Merete Helgheim
Johanna Roset
Thea Malen Fuglestrand

Herrer:
Andreas Rauset
Eirik Rauset
Oscar Fjelldal
Robert Andre Moldestad
Kristen Ravnestad
Samson Steindal Vonen

Defilering klokka 1300. Vi møter til defilering med Gfil overdel. Dei som mangler får tak i på Sporten. Kvite eller blå t skjorter er der også. Dei som har dei langarma kan springe i dei. Merete er lagleiar for damene og hjelper dei unge med å gå gjennom etappane etter defileringa. Start damer er 1510. Lagleiar for herrane er Andreas Rauset. Nils Ove blir der heile tida og trer støttande til der det trengst. Det blir sjølvsagt lagbilde etter stafetten.





Sponsortreff på Gloppen Hotell - kjempeflott oppmøte og fin markering av sesongstart 2017

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Apr 2017

Over 60 deltok på Sponsortreff i dag på Gloppen Hotell. Nesten samtlege sponsorar var representert. Våre beste aktive var på plass saman med trenarar, foreldre og leiarar. Ekstra kjekt å sjå at tre hovedlagsleiarar samt leiaren i GIR var tilstades. Viktig for GFIL å formidle kva vi styra med både sportsleg og økonomisk. Preben Moen tok oss gjennom hotellets historie, sin forretningsfilosofi og mange av oss fekk ny kunnskap om ei bedrift i sterk vekst. SFE formidla nysatsing av FLIKK - smarte tenester i heimen. Vi kan snart styre mykje meir gjennom mobilen om vi ynskjer det. Nordfjord Skifer fortalde om ei bedrift med leveransar og oppdrag langt utom eige fylke. Sparebanken gav oss god informasjon om ny mobilbank med enklare innlogging samt at dei er i forhandlingar omkring VIPPS løysingar. Kortreist sportsmat, spekemat og knallgode karbonader stod på menyen. Fantastisk kjøkken og service. Til slutt var det bildetaking og blomsterutdeling til sponsorane, kjekt å sjå at interessa for friidrett er stor i Gloppen. Aktiviteten, arrangementa og velviljen blant sponsorane er heilt på topp. Der er alltid utfordringar og forventningar, eitt område er vedlikehald og utvikling av anlegg. Dei næraste åra er avgjerande på dette området om friidretten skal greie å halde fram utviklinga. Takk for flott og triveleg ettermiddag på hotellet vårt.




Sparebankleikane 2017 vert arrangert 26., 27. og 28. mai

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Apr 2017

Merk deg siste helg i mai til friidrett på Byrkjelo Stadion, då vert det arrangert Sparebankleikane. Gloppealliansen er arrangør og vi er klare for fine dagar med friidrett. Følg med på Sparebankleikane si Facebook-side for oppdateringar framover.



Oldenstafett søndag 30 april

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Apr 2017

Herrelag:
Andreas Rauset
Henrik Førde
Vincent Førde
Kristen Ravnestad
Eirik Rauset

Damelag:

Sandra Kleppenes Sårheim
Olina Roset
Merete Helgheim
Thea Malen Fuglestrand
Julia Jordanger

Oppmøte til defilering klokka 1300. Starten for herrer går 1505, damene før dei. Husk GFIL drakter - blå overdel. Kvite t skjorter med rett reklame. Om de ikkje har så er der skjorter og jakker på Sporten. Lagleiar er Andreas Rauset mobil 91591106 for herrelaget . Nils Ove vert der der også, men vil nok ha mest med damelaget å gjere.



Thomas Mardal (20) med krinsrekord i slegge!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Apr 2017

dag var det sesongstart for kastarane under Loggane Open på Rygg. I seniorklassa i slegge var det duka for rekordjakt, med tre kastarar kapable til å tukte Ove Farsund sine 64.20 frå 1980.

Thomas Mardal (20), fekk opp heile 66.70m i 2.omgang, ei forbetring av rekorden med heile 2.5m! Evald Osnes Devik (22) sette personleg rekord med flotte 62.85m, mens Steinar Kleppe var like bak med 62.58m. Fantastisk flott sesongstart for alle tre, og Gloppen FIL har med dette fleire medaljekandidatar til NM i sommar. For Thomas var dette også godt over kravet til U23-EM i Polen i Juli (kravet er 63.50), men Evald er også svært nær! Kanskje har klubben to deltakarar i same øving i EM?

F.v; Evald Osnes Devik, Thomas Mardal og Steinar Kleppe


I same konkurransen slo Håkon Hjelle Roset (17) til med solid pers og fyrste gong over 60m med 5kg-slegga. 60.48m er den nye persen, og fører han opp på toppen av landsstatistikken for aldersklassa.




Flotte dager med mykje trening i Portugal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Apr 2017

Her er heile gjengen både utøvarar og støtteapparat samla foran hotellet. Vi har mange gode økter med løp og kast. Kjekt å vere på treningsleir. Plassen vi er på heiter Alfamar og er like i nærleiken av Faro. Veiret er upåklagelig med 23 grader og sol. Alle er i rute med trening og ingen har blitt skada så dette lovar godt. Beste påskehelsing Gloppen Fil.



Knalltilbod til deg som vaskar bil i vaskehallen hos Best

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Mar 2017

Gfil har nyleg inngått eit sponsorsamarbeid med Best i Gloppen. I høve dette tilbyr vi eit knalltilbod på vask av bil, i vaskehallen til Best. Dette er vinn-vinn-vinn-situasjon. Du som kjøper vaskekortet får ein unik sjanse til ein billeg vask av bil, friidretten får ein sum per selde kort og Best får gjenyting i avtalen med Gfil. Saman støttar vi kvarandre! Ta vel i mot seljarane som vil besøke deg i desse dagar.




Jørund tildelt forbundets gullmedalje !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Mar 2017

UNDER KVELDENS FESTMIDDAG I BERGEN I HØVE FRIIDRETTSFORBUNDET SITT TINGSETE FEKK JØRUND ÅRDAL TILDELD FORBUNDETS GULLMEDALJE.

Dette er ei utmerking som heng svært høgt. Her er begrunnelsen som vart lesen opp under kveldens utdeling. Gloppen Fil gratulerer !

NFIF sin gullmedalje for 2016 går til ein person som har hatt mange ulike roller i idretten både som aktiv utøver, trener, leder og har i tilleggvertinnom kommunestyret en periode. I tillegg til det VI definerer som idrett har han også vært aktiv bridgespiller og har til og med bridgefinale på timeplanen denne helgen i tillegg til å være på friidrettstinget.

Innenfor idretten har han hatt tillitsverv innen ski, vektløfting og håndball men det er i friidretten han har lagt ned mest tid både som aktiv utøver og som trener og leder. Klubber som har nytt godt av medaljevinneren sin kunnskap og entusiasme er : Jølster IL , T&IF Viking, Dale IL, BroddIL og Gloppen Friidrettslag.

I disse klubbene har han vært em inspirator som er faglig dyktig som trener og har en har sett at når han har kommet til nye steder der det kanskje ikke har vært stort friidrettsmiljø har hans entusiasme bidratt til at aktiviteten har økt og nye gode treningsmiljø blir skapt.

Og leder for norske lag ved mange ulike internasjonale mesterskap for junior, ungdom og senior. Et av hans store høydepunkter som trener var når hans elev tokgull i OL for døve i Taiwan i 2009 og mottok internasjonal pris under åpningen av mesterskapet foran 60.ooo på tribunen.

Hans varemerke er å hjelpe alle utøvere som vil bruke tid på idretten tilå utvikle seg og nå nye mål. Dette har ført til at utøvere fra andre fylker drar til hans hjemsted i ferien for å få trent to økter daglig med hans veiledning.

Det kan også nevnes at han selv bidrog med krapse og spade for å få støpt den første kastringen i sitt fylket med varmekabler, det måtte kastes også om det var vinter og snø. I disse dager er dette anlegget under utbygging til et rent kastanlegg med to fullverdige kastbur med varmekabler.

Han har også hatt en sentral rolle under arrangement i egen klubb. På nasjonale mesterskap på Byrkjelo har han hatt ansvar for alt med påmeldinger, resultater, lister ogdata på alle kategorier nasjonale mesterskap som UM, junior NM, NM hovedmesterskapet og veteran NM i tillegg til utallige lokale stevner.

Det er vanskelig å sette tall på timer og årsverk som er lagt ned som frivillig innsats for friidretten på alle disse områdene helt tilbake til 70 tallet. Vi snakker her om en virkelig ildsjel som har gitt mye til friidretten. Nå vil friidretten gi heder tilbake og det er en glede å tildele forbundets gullmedalje 2016 til Jørund Årdal , Gloppen Friidrettslag.

Her er de som har fått siden 1992.

1992 Svein Arne Hansen, IF Kamp-Vestheim

1993 Bo Berndtsson, FIK Ren-Eng

1994 Jan Jørgen Moe, IK Tjalve

1995 Unni Helland, IL i BUL

1996 Odd Bergh, Tønsberg FIK

1997 Kjell Grøndahl, Kongsberg IF

1998 Lars-Martin Kaupang, Larvik FIK

1999 Dag Rasmussen, Fana IL

2000 Trygve Bjark, Lillehammer IF

2001 Anne Thidemann, IK Tjalve

2002 Jo Nesse, Stabæk IF

2003 Marius Rooth, Bøler IF

2004 Anne Sofie Dreyer Skre, Bergens TF

2005 Knut Alme, Oslo Politis IL

2006 Arild Kjæreng, Lillehammer IF

2007 Inger Brit Steinsland, Kristiansands IF

2008 Oddfrid og Rune Osa, Florø TIF

2009 Olav Aaboen, IL i BUL

2010 Tore Hordnes, IL Bjarg

2011 Paul Undheim, Porsanger IL

2012 Odd Bratt, Oppsal IF

2013 Bjørn Bergh, IF Minerva

2014 Olav Hansen, Dimna IL



Årsmelding 2016

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Mar 2017

Gloppen Fil avvikla årsmøte i går kveld måndag 13 mars med godt oppmøte. Fyldig årsmelding vart lagt fram og eit rekneskap i balanse. Årsmeldinga finn de på pdf fil i menyen øvst på heimesida. God lesnad. Vi kjem som vanleg til å sende årsmeldinga til moderlaga, Idrettsrådet og avisene. Der er mykje godt stoff om friidrett og all aktivitet laget driv med gjennom eit heilt år. Vi hadde rekordomsetning på ca 870 000,- så det er etter kvart blitt mykje å halde styr på. Jon R Hauge takka for seg etter 9 år i styret. Inn kom Even Rønnekleiv frå Hyen. Elles blir styret uforandra i 2017. Vi ynskjer 2017 sesongen velkomen !



Årsmøte mandag 13 mars klokka 1930 i SFE kantina i Bukta

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Mar 2017

Alle med friidrettsinteresserte i Gloppen er velkomne til årsmøte i GFIL. Vi er overbygningsklubben som skal syte for gode vilkår for junior og seniorfriidretten i Gloppen. Det har vi gjort i 27 år. Så langt med suksess og glede. Vi har ingen store saker på agendaen. Vanlege årsmøtesaker. Vi orienterer møtelyden om aktuelle saker som er omtalt i årsmeldinga. Som vanleg er det ei grundig årsmelding som vert lagt fram. GFIL har også eit samfunnsengasjement. Ikkje minst som pådrivar for gode anlegg og trening for alle. Velkomne til eit positivt og hyggeleg årsmøte.

Først er det sesongopning for Trude, Evald og Thomas på Gran Canaria komande helg. Jørund sesongopnar også som trenar for alle tre. Vi håpar og trur på ei pangopning på utandørssesongen 2017. Følg med på nettsider og Facebook på direkte oppdatering frå stadion i Las Palmas og Vecendario.

Bildet er frå årsmøtet 2016.



GFIL med tre deltakarar til EUROPEAN THROWING CUP

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Mar 2017

ÅRETS FØRSTE REPRESENTASJONSOPPGÅVE FOR VÅRE BESTE - EUROPEAN THROWING CUP, GRAN CANARIA, SPANIA LØRDAG 11. OG SØNDAG 12. MARS 2017

Evald Osnes Devik, slegge
Trude Raad, slegge
Thomas Mardal, slegge og diskos.

Jørund Årdal er hovedleiar. GFIL gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til !



Innandørs NM - Gull til Merete og bronse til Thomas

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Feb 2017

GFIL gratulerer begge to med flotte resultater !! Merete Helgheim tok sin 14 Nm gull på ulike kappgangdistanser ute og inn. I dag fekk ho tida 13.42,62 min på distansen 3000m. Ho pleier å ligge rundt desse tidene på denne distansen.

Thomas Mardal (20) tok sin første seniormedalje i NM samanheng. Det vart ein flott bronsemedalje i kule. Her persa han med 20 cm til 16.14m. Sven Martin Skagestad tok førsteplassen og Ola Stunes Isene andreplassen.

Ytterlegare kommentarer frå Jørund på mobil 41631280

Flotte representanter for friidretten !!!



Årsmøte i GFIL mandag 13 mars klokka 1930 i SFE kantina i Bukta.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Feb 2017

I fjor hadde vi rekordoppmøte.Håpar på godt oppmøte i år også. 2016 er nok GFIL sitt beste år både sportsleg og administrativt. Det er kjekt å legge fram årsmelding med mykje godt stoff. Der vert servering og ei overrasking er også i vente !

Saker som ein ynskjer å ta opp må vere styret i hende måndag 6 mars. Vi vil kunngjere i Firda Tidend to gonger før den 13 mars. Bildet er frå ei av dei siste treningane på Byrkjelo før Nm vekene 2016.



Kastsamling på Toppidrettsenteret

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Jan 2017

I helga gjennomførte Jr.landslaget årets første samling i 2017. "Veteranane" Evald Osnes Devik og Thomas Mardal har lang fartstid på Jr. Landslaget og begge er i god trening foran U23 EM til sommaren. Jr.landslaget i kast har tradisjon for å invitere talent til ei av samlingane i løpet av vinteren. Dette for å lære dei kva som krevst for å bli blant landets beste kastarar. I helga fekk Magnus Rygg Storsletten (17) og Håkon Hjelle Roset (17) delta som læregutar i slegge. Det er også kjekt at våre beste utøvarar med EM,VM og Nordisk mesterskapserfaring kan vere mentorar. Med Jørund som trenar og pådrivar i miljøet vert tradisjonane vidareførte.

Vi ser på resultatlista at Thomas Mardal persa med seniorkula frå 15.30m (hoved NM 2016) til 15.94m. Gratulerer ! Han handterer alle kastdisiplinane meisterleg. Dette lovar godt.



Glimt frå treningsveka !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Jan 2017

Litt bilder frå veka som er gått ! 20 morgonfriske ungdomar i dag tidleg klokka sju. Ein god gjeng på løpsøkt i Ulsteinhallen forrige fredag og siste bildet (om enn litt dugg på linsa) av dei sterkaste i vektrommet på Rygg i kveld. Kjekt å drive idrett !







God nytt friidrettsår 2017 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Jan 2017

Godt nytt friidrettsår i Gloppen ! Alltid kjekt å sjå i bildearkivet. Mykje idrettsglede og flotte opplevingar både for utøvarar og leiarar. Det øvste bildet er frå no nyleg. Siste helga før jul var der solid bergensrepresentasjon på Loggane. Laksevåg, AKS og Fana var på plass med utøvarar, trenerar, foreldre og leiarar for å trene kast. Berre så det er nevnt, ho ute til venstre på bildet er U20 verdsmeister i slegge i 2016 . Elles er det våre tre blide karar frå JrNM på Brandbu og Sølvmedaljøren i slegge frå Hoved NM på Askøy som er avbilda.

Vi avslutta året med mange gledelege nyheter til klubben. Gjensidigestiftinga har tildelt ein ikkje ubetydeleg sum til GFIL og trimprosjektet "Gloppetrimmen". Verkeleg gledeleg at vi kan vere tilstades på grunnplanet i folkehelsearbeidet i kommunen. Med 13 onsdager med trim gjennom vår, sommar og haust gjev vi eit viktig tilskot innan lavterskeltilboda.

Vi kan også med stor entusiasme melde at Gloppen Hotell ynksjer å vere med GFIL ytterlegare i åra som kjem. Kontinuitet og evnen til å innfri er stikkord som vege tung blant alle sponsorane.

Det vert svært viktig no i åra som kjem at rekrutteringsarbeidet i klubbane vert vidareført og fleire får muligheten til å drive friidrett.