På slutten av året !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Des 2018




GODT NYTTÅR

Juleferie betyr mange treffpunkt med våre aktive som bur vekke. Det er utruleg kjekt å ha den gode praten med kvar og ein, både dei som bur i utlandet og dei som oppheld seg i heimlandet. GFIL har i alle år greidd å halde på utøvarane sine gjennom heile den aktive karrieren. Den nære kontakten er avgjerande uansett, det er tilrettelegging i praksis og er den beste løysinga over tid. Vi opplever at utøvarane er stolte av kommunen og klubben, det er veldig kjekt. Det er sjølvsagt avgjerande at vi har eit knippe trenarar og leiarar som tenker toppidrett.

Det er svært inspirerande å oppleve felleskap og engasjement til det beste for idretten. Kvar ettermiddag har vi treningar og aktivitet både for dei som berre er med for moro skuld og dei som er topputøvarar - det er ikkje få timar det går med . Og vi gjere det alle med glede. Utøvarane er i fokus og alt vi trenarane gjere er for at utøvarne skal få det betre. Som trenar og styreleiar er det ikkje berre direkte sportslege aktivitetar støtt. Tilrettelegging betyr også at Gloppen må utvikle seg på anleggsfronten.  Eg sikta då til gloppeidretten sitt kanskje viktigaste prosjekt på lang tid, Idrettsplassen. Foruten det daglege sportslege er dette noko av det kjekkaste vi som idrettsleiarar har bidratt med å få på eit rett spor. No er ei samla styringsgruppe beståande av skule/idrett samde om prosjektet. Idrettsplassen skal rehabiliterast som fort som mogleg. Firda Vgs og STIL er sentrale i styringsgruppa og er klare på at det hastar. Kommunen med teknisk etat i spissen har vore fantastisk imøtekomande og har fått sjekka grunnforholda i bana samstundes som der har vore gravearbeid på bortre langside. Ein kan få utretta så utruleg mykje når alle drar i same retning. Det blir ei spennande tid framover.  Tenk på at heile kommunen sine elevar i grunnskule og vidaregåande (ca 700 !!) endeleg får ein utandørsarena for fotball og friidrett og truleg også andre aktivitetar like i nærleiken. Og det kan nyttast heile året på dagtid og kveldstid. Friidretten gledar seg verkeleg – om få år kan vi trene alle øvingar i kommunesenteret. Idretten vår kan drive skikkeleg rekrutteringsarbeid til liks med dei andre idrettane. Det blir verkeleg kjekt å starte 2019 med slike forutsetningar og giv inn i framtida.

Ei anna gledeleg melding er at GFIL har bestemt seg for å stille juniorlag for herrar (15-22) på Holmenkollstafetten laurdag 11 mai 2019. Her er mange i kommunen som er godt trente , ikkje berre friidrett , som lett greier en krevjande etappe på Holmenkollen. 15 motiverte juniorer er allereie på papiret og fleire veit vi om. Vi har tinga overnatting og har starta å skaffe lagleiarar.  Stafett er alltid kjekt men kreve god planlegging og godt samspel. Dette er vi gode på og gleda oss til maihelga i byn. 

Komande sommar går dei norske mesterskapa på Hamar, Sigdal og Jessheim, U23EM i Gävle, U20EM i Borås og VM i Doha. Spennande å sjå kor mange som greier krava. No er vi i planleggingsfasen til årets treningsleir i Portugal, eit høgdepunkt før sesongen starter. Kjekt å vere ein del av eit slikt positivt miljø, der ein ikkje ser problem men berre muligheter.

Til slutt må vi berre nevne at det er gått to år sidan vi saman med Firda Vgs påpeika manglane med vektrom, høgdetilløp, løpebana , lengdegrop og utstyr etc i Trivselshallen. To år er lang tid utan at vi på nokon måte er informert om evt tankar om framdrift. Dette må vi ta att på nyåret og satse på at langsiktig arbeid mot målet også her gjev resultat. Det nyttar aldri å gje opp.  

Vi takker for eit flott år for friidretten og sender stor takk til våre aktive, trenarar, foreldre, styre og sponsorar som gjev klubben identitet og spreier «Gloptimisme».

Heilt i starten på nyåret, allereie 3-6 januar er jr.landslaget i kast på samling i Oslo. Ein av våre lovande hinderløparar i ungdomsklassen er på Tenerife med Landslina i Friidrett på Steinkjær, alle våre unge aktive i Sogn og Fjordane er i Ulsteinhallen i regi av kretsen. Thomas reiser tilbake til USA 7 januar og starter innandørssesongen med Vektkast . Det blir spennande å følge med utover. 

Takk for i år !

NOR


0 Kommentar

Gloppenkalenderen 2019

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Nov 2018

100 kroner pr stk - betal kontant eller på Vipps 139210

No er kalendaren i sal på Sporten og  i Sparebanken på Sandane, straks på Spar i Hyen og Best på Byrkjelo. I år har vi desse flinke fotografane representerte:

Randi Ryssdal
Jon Arne Pedersen
Benny Vassdal Aasen
Eigil Instebø
Dagfinn Nyhammer
Svein Hjelmeset
Tina Løkke Wie
Rune Sandal
Monica Frøyset

Annonsørar
Veidekke Entrepenør Sandane
Frydenbø Bilsenter
Evebø Blikkenslager
Bakaren
Sandane Gravferdsbyrå
Huseiernes Landsforbund
Vereide Blomster
Bygdeservice A/S
Rørlegger Mardal A/S
Brødrene Aa
Årdalsbakke Elektro A/S
Tannlege Øyvind Seim
Kiropraktor Eigil Instebø
Eikenæs Libris
Bakkelidgrenda Barnehage
Byggevaren Byrkjelo A/S
Rema 1000
Intersport

SFE - Retura NOMIL A/S - Nordfjord Skifer - Extra - Sparebanken Sogn og Fjordane - Gloppen Hotell

Tusen takk alle saman for bidraget - kalender kjem i posten !


0 Kommentar

Gloppenkalenderen 2019 i salg på Sporten

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Okt 2018

Vi er nok en gang i rute med salget av Gloppenkalender ! Når vi har eit godt styre og gode medhjelparar så går alt på skinner. No er kalendaren å få på Sporten til same pris som før - 100 kroner - og du kan betale med Vipps om du vil. Fotografer frå heile kommunen og som vi alle veit er her nok av flotte motiv å ta av. Ola Søreide og Karl Andre Eikenes på Sporten stilte villeg opp for fotografering for reklamere for produktet.


0 Kommentar

Jr landslaget kast 2019

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Sep 2018


Forrige veke vart Jr landslaget i friidrett 2019 kunngjort på friidrett.no - sjå link for uttaket. 

https://www.friidrett.no/nyheter/uttak-til-rekrutteringslandsslagene-i-2019/

GFIL har med 3 utøvarar. Alle i slegge. Thomas Mardal(U23), Håkon Hjelle Roset (U20 og Arne Osnes Devik (U20). Gloppen Fil gratulerer med uttaket !. Komande helg er det oppstartsamling i Skien der alle øvingsgrupper er samla. Thomas er som kjent i Florida og har dei beste treningsmuligheter der. Dei to andre reiser til Skien saman med trenar Jørund Årdal.


0 Kommentar

Eit fantastisk NM for GFIL

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Aug 2018

Denne fantastiske gjengen gjorde oss alle stolte ! Det er så utruleg kjekt å vere ein del av den aktive friidretten i Gloppen. Samhold, gode holdningar, idrettsglede og ikkje minst har vi trufaste Gloppen utøvarar. Gratulerer alle saman ! Komande helg reiser vi vidare til JrNM på Bislett. Alle foto:Ronny Solheim.


0 Kommentar

Gloppen Friidrettslag - NM deltakarar på Byrkjelo 2018

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Aug 2018

NM 2018 - bli kjend med Gfil-troppen her.

For første gong stiller GFIL utan deltakarar i løp eller hopp i NM, til gjengjeld har vi mange sterke kastarar som vil prege resultatlistene. Likevel er Merete Helgheim vår sikraste gullkandidat, ho held sitt stabile nivå og vil truleg gå inn til ei tid rundt 14 blank på 3000-meteren.

  I slegge har vi med fire i herreklassa og to i dameklassa. Thomas Mardal med fersk pers og krinsrekord på 72,81 er sølvkandidat bak EM-finalist Eivind Henriksen. Nivået er høgare enn i noko tidlegare NM, vi vil truleg for første gong sjå to herrar kaste over 70 m! Evald Osnes Devik ligg godt an i bronsekampen, etter to sure fjerdeplassar er den hans tur til å stige opp på pallen.  Steinar Kleppe med tre strake NM-sølv må sannsynlegvis bite i graset for Evald denne gongen. Hans Sande vil kunne kjempe om 6.-plass med kast rundt 55-56 m.

Trude Raad og Marte Rygg Årdal deltek i kvinneklassa, Trude har lyst på gullet, men Beatrice Llano vil nok prøve å ta heim sitt 4. gull på rad. Gullkampen vil stå på lengder rundt 65 m. Marte vil kunne kjempe om 4.-plassen med kast rundt 55 m.   I diskos har vi med Else Lundestad Bakkelid og Marit Årdalsbakke. Denne øvinga er veldig open, det er fem-seks jenter som vil kjempe om medaljene, blant desse er Else. Medaljenivået ligg på 47-50m, lengder som Else har kapasitet til.

I spyd har vi med ein debutant, Simon Hjelle Lidal. Han har hatt fin utvikling dei to siste sesongane og skal for første gong måle krefter med alle dei beste. Med eit bra kast rundt persen på 60 m vil han kunne klare ein 7.-8. plass  

For ytterlegare info kontakt Jørund Årdal 41631280


0 Kommentar

Nordisk-Baltisk U23 meisterskap starter i morgon !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Aug 2018


I morgon formiddag  kastar Thomas Mardal slegge i U23 Nordisk-Baltisk mesterskap  i Gävle i Sverige. Startlista teller 6 stk og Thomas har den nest beste personlege rekorden av dei som deltek. Fire av deltakarane er gode for over 70meter. Det betyr at det blir hard kamp om medaljane.  Gjeldande mesterskapsrekord i slegge har vår eigen Eivind Henriksen på 72,32m tilbake til 2012. Ser ein på personlege rekorder og årsbester på årets deltakarar kan denne rekorden vere i fare. Kjekt å sjå på mesterskapsrekordane at GFIL utøvar Kristin Roset forstsatt har mesterskapsrekorden på 800 – 2.06.03 min så langt tilbake som 2000. Kanskje ein ny GFIL utøvar kan hente heim siger og meisterskapsrekord ? Vi gledar oss til laurdag. Jørund er også på plass i Gävle så vi får direkte oppdateringer. Vi skal ikkje gløyme at Thomas kaster diskos søndag og har medaljesjanser også i den øvinga. Lukke til. Sjå innom heimesidene til arrangemetet der er startlister og tidskjema m.m følg linken under !

http://www.gefleiffriidrott.se...



0 Kommentar

Thomas klar for ett av sesongens høgdepunkt - Nordisk-Baltisk meisterskap

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Aug 2018

Thomas Mardal er utteken til Nordisk-Baltisk meisterskap i friidrett i Gävle i Sverige 11.-12. august. Han skal delta både i slegge og diskos. Medaljesjansane er utan tvil størst i slegge, men han får hard konkurranse av m.a. av finnen Kangas og islendingen Ørn Jonsson! Begge desse har pers på over 72 m. Det er også ein annan finne som har kasta over 70 i år. Krinsrekorden til Thomas frå juni i år er på 72,20, så han må nok opp mot slike lengder om han skal kunne hente heim gullet. Det kan og nemnast at meisterskapsrekorden er på 72,32 og tilhøyrer Eivind Henriksen. I diskos er det for langt fram til medalje for Thomas, men målet er nok å forbetre persen på 52,97. Gloppen Fil ynskjer lukke til !


0 Kommentar

Kveldstevne på Byrkjelo stadion torsdag 12 juli klokka 1800

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Jul 2018

Det har vore tradisjon siste tre åra å ha eit seriestevne på Byrkjelo midt i ferien. I år vert det torsdag 12 juli klokka 1800.

Øvingane vert 100, 800, 1500, diskos og spyd 
Om det er ynkjeleg med fleire kastøvingar så kontakt Jørund Årdal 41631280. Er det ynskjeleg med hoppøvingar må ein rekne med å måtte skaffe funksjonærar. Velkomne til ein fin sommarkveld på Byrkjelo.


0 Kommentar

Gloptimisten med sommarnummer "NM-spesial"

Postet av Gloppen Friidrettslag den 7. Jun 2018

No er det full fart med friidrett !. Onsdag kasta Thomas fantastiske 72,20m i slegge. Han er dermed oppe å lukta litt meir på EM kravet på 74m. GFIL gratulerer og ser fram til at han kjem heim neste fredag. Kjekt å følgje med på alle gode norske prestasjoner under Bislet Games. Sparebankleikane på Byrkjelo er over og vi fekk mange flotte prestasjoner. For GFIL var det godt å sjå at Trude, Else og Evald var i rute . Sparebankleikane er det viktigaste stevnet for friidretten i Gloppen og kanskje heile fylket. Det er også veldig godt at BBIL har fått på plass ny stavmatte. Det gjev oss muligheten til å gje utøvarar instruksjon også i den øvinga.

Om kort tid er Gloptimisten -"NM spesial" utgåve i postkassene, 20 sider fullspekka med friidrettstoff, førehandsomtale av NM utøvarane frå GFIL, tilbakeblikk "før i verda" frå Nm 1999 + mykje anna. Gled dokke ! 
 


0 Kommentar

OPPDATERT TIDSSKJEMA SPAREBANKLEIKANE

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Jun 2018

Her kjem oppdatert tidsskjema for laurdag og søndag. Endringane er laurdag der alle øvingar er flytta ein time tidlegare. Søndag: Lagt inn 3000m.

Velkomne til ei fin helg med friidrett.


0 Kommentar

Thomas klar for Nationals etter 70.26m i Tampa!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Mai 2018

                                                                                                 

Thomas Mardal kasta seg til NCAA Championships i Eugene/Oregon under Preliminary i Tampa/Florida. Med 70.26m vart han nr.6 av totalt 48 startande.

NCAA Preliminary er eit kvalifiseringsmeisterskap til Nationals, der dei 12 beste frå East (dvs austlege delen av USA) får plass i Nationals om 14 dagar. Konkurransen gjekk av stabelen i Tampa/Florida under fine forhold.

Dei får kun tre forsøk, så nervane låg nok tjukt utanpå mange av deltakarane. Thomas starta med 67.01 i 1.kast, auka så til 68.67 i 2.omg, før han avslutta med 70.26m. Dette er det nest lengste kastet han nokon gong har gjort, og det heldt til ein sterk 6.plass totalt. Han var før start ranka som nr.8 av dei som deltok, i eit år der nivået i denne regionen er veldig høgt (12 av dei 13 beste sleggekastarane i USA deltok her).

Om 14 dagar er han altså på plass i Eugene/Oregon, på den same arenaen som husar Diamond League og VM om tre år. Det blir nok ei fantastisk oppleving, og samstundes ein sjangs til å ta poeng for laget i kampen om meisterskapet. I mars vart Thomas og Florida Gators inndoor champions, no skal dei prøve å kopiere bedrifta utandørs (vann også conferense utandørs for 14 dagar sidan)


0 Kommentar

Thomas kastar for kvalifisering til Nationals i kveld!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Mai 2018


Thomas Mardal er på plass i Tampa/Florida, og skal i kveld prøve å kvalifisere seg for Nationals om 14 dagar. NCAA preliminery er eit reint "amerikansk uttak", der dei 45 beste frå "east" i USA møtast (det same skjer i "west"), for å kjempe om 12 plassar til Nationals. Den konkurransen går av stabelen i Eugene/Oregon, på same bane som det veldkjende Diamond League-stevnet vert arrangert, og som i 2021 skal arrangere VM! Det skjer om 14 dagar.

Konkurransen blir knallhard, då 11 av dei som møtest i Tampa alt har kasta over 70 m denne sesongen! Normalt vil 68-69m halde til å kvalle, og det er lengder som Thomas har kasta i alle sine konkurransar denne sesongen. Det som allikevel er litt spesielt, er at dei kun får tre kast, slik som er vanleg i kvallik-runda i eit meisterskap.

Det er totalt tre puljer, der den fyrste startar kl 08.45 lokal tid (14.45 norsk tid), og Thomas er i pulje 3. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kortid han då skal i elden, men truleg går det 45-60 min per pulje, så truleg er han i sving ca 16.30 norsk tid.

GFIL ynskjer Thomas lukke til under Preliminary, og kryssar fingrane for at vi har ein deltakar i Nationals i Eugene om 14 dagar!

Du kan følgje med på liveoppdatert resultatservice via denne linken


0 Kommentar

Gloppenmeisterskap på Byrkjelo torsdag 24 mai kl 1800

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Mai 2018

Halloen. Då er det klart for Gloppenmesterskap 2018. Byrkjelo Stadion torsdag 24 mai klokka 1800. Påmelding på tribunen frå klokka 1645. Håpar alle laga mobiliserer så born og ungdom får prøvd friidrett. Velkomne !


0 Kommentar

Gloppen i fokus - Flott samling med jr.landslaget i kast i helga !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Mai 2018

Vi takker våre sponorar og starter no sesongen for fullt !


0 Kommentar

Sparebankleikane på Byrkjelo 8-10 juni

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Mai 2018

Dei tradisjonelle Sparebankleikane på Byrkjelo vert arrangert 8-10 juni. Øvingsprogrammet er klart og det er opna for påmelding online. Vi har endeleg fått favoritthelga i starten av Juni. Før skulane sluttar og i starten av sommarsesongen. Midt i blinken. Då er det berre for klubbane å få barn, unge og vaksne på plass til kjekke dagar på stadion.


0 Kommentar

Vi er klare for Antidopingseminar laurdag 28 april kl 1000

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Apr 2018

Alle er hjertelig velkomne til seminar i Kultursalen i Trivselshagen klokka 1000 laurdag fyrstkomande. Vi har i lang tid publisert dette arrangementet både på nettsider, facebook og i lokalavisa vår. Alle lag i kommunen og i heile Sogn og Fjordane har fått varsel frå Idrettskrinsen. Siste dagane har arrangøren ringt rundt til klubbleiarane og trenarar i Gloppen for å minne om seminaret og at dette er eit særs viktig emne. Det er gratis inngang og vi har gode foredragshaldarar frå Antidoping Norge / Idretten og Politiet. Alle med lang erfaring ! Midt på dagen ca klokka 1200 vert det ei kort matøkt før vi tar siste del. Still opp i klubbkle så vi kan få profilert gloppenidretten ! 


0 Kommentar

Thomas knuste krinsrekorden i Gainesville!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 5. Apr 2018

Thomas debuterte på heimebane for Florida Gators sist helg.   Foto: floridagators.com

Helgja 29.-31.mars var det duka for Florida Pepsi Relays, eit gigantstevne på heimebane i Gainesville med ca 3.000 deltakarar!

Dette var samstundes heimebane-debuten for Thomas, som kasta slegge fredag 30.mars. Klimaet er fantastisk på denne årstida, men akkurat denne dagen regna det jamt heile dagen. Det såg allikevel ikkje ut til å hemme særleg på prestasjonen. Etter å ha starta med pers i 1.omgang (69.68), klemte han til med heile 71.88m i 2.omgang, og passerte endeleg 70m-grensa! I tillegg hadde Thomas to kast til over 69m.

Vinnaren var ein meksikanar (som i 2016 tok 4.plass i OL) med 75.33m (pers over 77), nr. 2 vart lagkompis Eriksson som også sette skulerekord (73.31), og Thomas vart nr.3. Han slo Rudy Winkler som i fjor vann nationals, og har pers godt over 76m!

Resultatet fører han opp på 2.plass på "all-timelista" for skulen, og han er no 5.beste nordmann i øvinga gjennom tidene. Han inntek 4.plass i øvinga i landsoversikta for college-utøvarar i USA dette året.

Thomas har hatt ei strålande opning på sesongen, der heile 5 av 8 gyldige kast ila to konkurransar har vore over 69m, og dermed lenger enn persen frå i fjor!

Ekstra kjekt var det at familien var på besøk, og fekk oppleve rekordkastet som tilskodarar rundt kastburet.

Neste konkurranse er fredag 13.april, også det på heimebane (Tom Jones Memorial). Då skal han truleg også kaste diskos.



0 Kommentar

Thomas sesongdebuterte med ny krinsrekord i slegge!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Mar 2018

Bilde frå Nationals to veker tilbake, der laget til Thomas vart meisterar. Her avbilda med trofeet ilag med coach Steve Lemke og lagkompis A.J. McFarland                   Foto: Floridagators.com

Alt kl 09.00 var Thomas på plass i sleggeringen, i det som var debutkonkurransen utandørs for universitetslaget sitt, Florida Gators. Etter eit åpningskast på 66+, smalt han til med heile 69.30m i 2.omgang, noko som vart lengstekastet. Med dette vart han nr.2, bak lagkamerat, svenske Anders Erikson.

Thomas var sjølv lite nøgd med konkurransen, og karakteriserar kastinga som dårleg teknisk, i tillegg til at han hadde lite overskot pga hard trening i perioden etter innandørssesongen. Dette skulle tyde på at lengre kast ventar seinare i sesongen.

Han var også med i diskos, der han vart nr.2 med resultatet 52.11m, 86cm bak persen.

Neste helg skal han konkurrere på heimebane, under Florida Pepsi Relays. Kanskje klarar han å bryte den magiske 70m-streken då, noko berre fem nordmenn har klart tidlegare. Familien vil også vere på plass i Gainesville/Florida for å sjå han konkurrere på heimebane for fyrste gong.

GFIL gratulerar med kjempeflott sesongstart og ny krinsrekord, og ynskjer han lukke til i komande konkurransar.


0 Kommentar

God Påske !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Mar 2018

KLARE FOR SESONGSTART 2018

For oss som er meir enn litt interesserte i friidrett går vi no inn i den mest aktive tida på året – den varme tida ! Komande helg reiser 13 utøvarar og 9 trenarar frå Gloppen FIL på 15 dagers treningsleir i Portugal. Det er sjette sesongen vi er der og har funne oss vel til rette på anlegga og i nærområda. Utruleg sosialt og svært miljøskapande.  Vi gledar oss.

Fredag fyrstkomande (i morgon) debuterer Thomas Mardal i slegge utendørs i Tallahassee-Florida. Vi hugsar frå første stevnet i fjor då han sette krinsrekord 23 april på Loggane med heile 66.70m. Som seinare enda opp på heile 68.34m før sesongen var over. Og tenk at vi hadde to utøvarar(Evald og Thomas) i EM U23 i same øving. Det er lenge sidan (2002) at vi har hatt utøvarar på EM senior. Det kan vere lov å håpe både på EM og det som større er i åra som kjem.

Det har vore ein svært vanskeleg treningsvinter for friidrett . Slegge/diskos/kule har innandørsforhold og utandørs på Loggane med varme i ringen. Styrketreningsforhold heilt i toppen på Rygg skule. Så der er det ingen fare. Utøvarane kan trene når og så mykje dei vil.  Løp og hopp derimot er det skrale treningsforhold. Det er igrunn heilt ufattelig at det går an å bruke så mykje midler på idrettsanlegg og ikkje greie å få heilårs  treningsforhold for løp og hopp i  ein kommune der vi er på topp når det gjeld søknader om tippemidler.

Men der er lys i tunnelen.  Idrettsrådet i Gloppen inviterte 14 mars til møte om framtida til Idrettsplassen midt i sentrum. Det var eit svært oppløftande møte der laga i Gloppen + Firda Vgs  var samla saman med deler av styret i Idrettsrådet.  Friidretten fekk naturleg nok taletid og bar fram behov for treningsanlegg i sentrum. Den tettast befolka delen av kommunen med skular og idrettslinje som næraste nabo har ingen mulighet til å lære seg friidrettsøvingane . Dette har i årevis vore årsaka til den lave rekrutteringa friidretten har hatt. Om sommaren er der kun eit fåtal som er rekrutterte til trening på hovudanlegget på Byrkjelo. Antalet har gradvis gått ned mot eit minimum. Vi som trenarar har snart ikkje idear igjen for å få med ungdom på friidrett. Dei har rett og slett ikkje lært seg grunnteknikker og vågar ikkje prøve seg på øvingane. Mange som ville valgt friidrett og individuell idrett får ikkje sjansen.  Difor er Idrettsplassen uhyre viktig for framtidas generasjoner med friidrettsutøvarar. At friidretten i Gloppen fortsatt hevdar seg i landstoppen er takka vere ein frivilleg innsats frå trenarar og leiarar som er langt forbi det ein kan forvente. Motivasjonen har vore og er at gloppenungdomen SKAL ha eit tilbod om individuell idrett . Så skal ein ikkje gløyme dei lange friidrettstradisjonene i Gloppen både på den aktive sida og som NM arrangører. Reknar med det er lite interessant å arrangere NM uten eigne deltakarar .  Idrettspolitisk skulle Idrettsplassen  vore teke tak i for lenge sidan, men no er vi endeleg på rett spor. Takk til Idrettsrådet som no tok tak !

På toppen av alt er friidrett og fotball einige om kva konsept som bør byggast. No startar snart NVE arbeidet med elva og heile bortre langside blir tilrettelagt med gangvei og flotte muringar samt drenering langs elva. Kommunen legge til rette for at der ikkje skal bli vanskeleg å kome med rehabilitering av idrettsanlegget i ettertid. God og sportsleg Påske medan vi lengtar etter vår.

Nils Ove Roset.

 


0 Kommentar

Årsmøte 2018 - Heider til trufaste friidrettsleiarar !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Mar 2018

Gloppen Fil avvikla årsmøte i går i SFE sine lokaler i Bukta.  Ordføraren var på plass og delte ut gåver til avtroppande styremedlemer Else Løkke og Ragnar Eimhjellen og hadde mange gode ord om kor mykje det frivilleg arbeidet hadde å bety for lokalsamfunnet. Tre nye styremedlemer vart valgt inn; Liv Randi Teige frå IL Brodd, Robert Andre Moldestad, aktives representant og Økonomileiar vart Olav Holvik.

Ragnar Eimhjellen takka av i GFIL styret etter ei årrekke med forskjellige verv i friidretten. Han har både ei aktiv/trenar og leiarkarriere bak seg som er svært lang og innhaldsrik. Ragnar sitt bidrag i styret har vore mangfaldig og svært viktig for utviklinga av klubben.  Vi er han stor takk skuldig. 
Aktiv idrett:
På junior og senior nivå jamnt bra krinsnivå i fleire øvingar; 110 m hk, 100m, lengde  (6,66m), 200m,400m. Som veteran delteke på Fj/v sitt veteranlag i stafett på ei rekkje lokale/regionale terrengstafettar på 1980-talet. Frå 1994 og utover; Fleire gullmedaljar i veteran-NM i lengde, tresteg og 1000m stafett, gode plasseringar også på 200m og 400m. Delteke på GFIL sitt veteranlag i mange år på Breimstafetten og Holmenkollstafetten. Trenar for enkeltutøvarar og grupper i fleire år

Administrativt : GFIL sin første leiar etter skipinga i 1990 og og var leiar fram til 1997. Styremedlem t.o.m. 2017. Styremedlem i friidrettsgruppa i STIL Styremedlem og nestleiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins i 2 periodar Sentralstyremedlem i Norges Friidrettsforbund i 3 periodar (6 år) Leiar i det s.k. Integreringsutvalet i forbundet i 2 år (intergrering av funksjonshemma i friidretten på krins-og klubbnivå)

Else Løkke takka også av etter ei årrekke i GFIL styret. Ho kom inn i friidretten i 2000 som kasserar i klubben. Det vart eit langt opphald først som kasserar nokre år dernest som økonomiansvarleg. Heile 18 år i  GFIL  styret er imponerande. Vi har hatt stor glede av Else sin nøyaktighet og gode kontroll på økonomien. Det har vore eit flott samarbeid som vi alle kjeme til å sakne.

Årsmøtet føregjekk i rolege former med gjennomgang av aktivitet både sportsleg, økonomisk samt planer for 2018.


0 Kommentar

Thomas nr.11 i det amerikanske universitetsmesterskapet innandørs!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Mar 2018

Thomas i aksjon under conference-finalen (SEC Championships) for to veker sidan (4.plass)

Som einaste freshman (1.årsstudent) i Nationals, har Thomas hatt ein pangstart på karriera i USA, i Gators-drakta for University of Florida. Vektkast er ei "bi-øving" for han, men svært populært og ei fast kastøving på alle innandørskonkurransar. Før USA-opphaldet, var persen i øvinga 17,99m (krinsrekord). Denne har han flytta til 21.71m i løpet av vinteren.

Nivået i vektkast er skyhøgt i USA, og det er ein fenomenal prestasjon å klare å både kvallifisere seg til mesterskapet, og så i tillegg å hevde seg.

Etter ein lang innandørssesong er det rett på utandørssesong for Thomas. No ventar slegga på tur til å bli kasta langt. Fyrste konkurransen blir om 14 dagar i Talahasse/Florida, før han kastar på heimebane (Gainesville/Florida) helgja etter (i påskeferien). Utandørssesongen varar til byrjinga av juni, då er det nationals i Eugene/Oregon, om han klarar å kvalifisere seg.

Thomas er inne i sitt fyrste av fire år som student ved universitetet, med fullt schollarship. Det betyr at han har dekka alle utgifter ved skulegangen, og kan konsentrere seg om å utvikle seg som utøvar i tillegg til å få ei høgare utdanning.

GFIL gratulerar Thomas med fantastisk innandørssesong, og ynskjer han lykke til med sleggekastinga utandørs framover!


0 Kommentar

Kristin Roset - ny redaktør av bladet Friidrett

Postet av Gloppen Friidrettslag den 7. Mar 2018

Magasina SKIsport og Friidrett blei kjøpt opp av selskapet Media Digital i fjor haust. Eg starta som redaktør for førstnemnde i september, og sistnemnde 1.mars. Eg er veldig takknemleg for å kunne jobbe med akkurat dei to idrettane eg likar aller best, og skal gjere det eg klarar for å gje ut interessante magasin. Eg veit at dokke elskar friidrett, og difor ynskjer eg svært gjerne å få gode tips til saker framover. Dei kan sendast til kriroset@gmail.com

Friidrettsmagasinet kjem ut med fire utgåver i året, men eg håpar å få endra dette til fem neste år. Følelsen for at det skal gå i orden er god.

Som gammal friidrettsutøvar er det viktig for meg å få ut mest mogleg om ståa i dagens friidrett. Treffe profilane, klubbane, trenarane, være på arrangement og følgje med på det som skjer. Det er sjølvsagt ikkje like lett å være 100% aktuell då magasina kjem ut så pass sjeldan, men målet er å vinkle sakene så spennande og aktuelle som mogleg.

Mi erfaring som journalist går tilbake til byrjinga av 2000 talet, så det har blitt ein del jobbing bak tastaturet, mange kjekke sportslege møter og eg har opparbeida eit stort idrettsleg nettverk. Til dagleg bur eg på Lillehammer, vinterbyen av alle, men også ein plass kor det er flott å utøve friidrett. Eg kjem til å jobbe herifrå, men bilen blir nok brukt ein god del meir, med tanke på ansvaret eg har fått for to magasin.

Neste veke skal eg i møte med Norges Friidrettsforbund i håp om å få til eit betre samarbeid. Det trur eg kan bli svært nyttig for innhaldet i Friidrett. Eg ser iallfall nytten av det gode samarbeidet vi har med Norges Skiforbund i forbindelse med SKIsport.


Kristin Roset  


0 Kommentar

Thomas klar for NCAA Indoor Championships i vektkast!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 28. Feb 2018

Thomas under SEC Championships sist helg!                                           Foto: Floridagators.com

Han er einaste freshman som har kvalla i øvinga, og einaste norske utøvar totalt under mesterskapet på herresida. Amanda Frøynes (Florida) er einaste norske kvinnelege utøvar (5-kamp).

Nivået er svært høgt, og det er plassering på statistikken/rankinga som bestem kven som får vere med. Døme på resultat som måtte til for å nå nationals (menn);

60m = 6.62, 400m = 46.08, lengde = 7.81, kule = 19.30...

GFIL gratulerer Thomas med plass i mesterskapet!

Vi kjem tilbake med link til mesterskapet (live resultat).



0 Kommentar

Heile idrettsmiljøet vert invitert til Antidopingseminar 28 april 2018 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Feb 2018

Vi har no klare våre foredragshaldarar til Antidopingseminaret i Gloppen den 28 april 2018. Dette har aldri vore viktigare og vi vil belyse temaet så breitt som mogeleg. Heile idretten er invitert, ikkje berre frå Gloppen men også resten av fylket er hjerteleg velkomne. Firda Vgs idrettslinja har dette seminaret inn i sin undervisning og er arrangør saman med Gloppen Hotell og Gloppen Friidrettslag.  Planen er å starte klokka 1000 og vere ferdige ca klokka 1400-1500. Midt på dagen planlegger vi ein sportslunsj i regi av Gloppen Hotell. Seminaret er gratis. Vi kjem tilbake til endeleg timeplan like før påske. Alle klubbar og samarbeidspartnarar får invitasjon i desse dagar. Dette vert friidretten sitt kickoff for sesongen 2018 som har Hoved NM på Byrkjelo som hovedmål. Sett av dagen og delta i Antidopingarbeidet !


0 Kommentar

Thomas med solid pers i vektkast!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Feb 2018


Tidlegare bestenotering i øvinga var 20.80m, i Clemson hadde han fire kast over 21m, og to kast på 21.71m! Thomas melder at han enno har litt å gå på teknisk, så kanskje kan han bryte 22m-streken denne våren? Han inntek 2.plass på alltime-lista til Gators i vektkast.

Neste konkurranse er regionals, dvs "områdemesterskap", SEC championships, i Texas 24.-25.februar. Han er per no ranka som nr.15 i USA i vektkast, og dei 16 beste får konkurrerer i NCAA, dvs nasjonalt universitetsmesterskap (også dette i Texas, 14 dagar etter SEC).

Etter denne konkurransen er det start for utandørssesong, og truleg vert fyrste sleggekonkurransen i midten av mars. Om han kastar langt nok, kan han klare å kvalifisere seg til NCAA utandørs, i Eugene/Oregon i perioden 6.-9.juni. Etter dette er det sommarferie og retur til heimlandet og norsk sesong (med NM på heimebane som hovudmål, i tillegg til Nordisk/Baltisk mesterskap i juli).


0 Kommentar

Merete Helgheim - god som gull i Kappgang !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jan 2018

Gull under Hoved NM i Sandnes 2017 - Foto Eigil Instebø


I vår serie om våre utøvarar er turen komen til Merete Helgheim. Les kva ho skriv:

Er det sant? Eg riv det ut med ein gong. Heldigvis, men om ikkje lenge står eg kanskje med eit grått hårstrå i handa. Veteran-stemner i friidrett passer best for meg nå. Skal likevel prøve å gjere mitt beste på senior NM til sommaren. Det betyr at eg må trene ei og anna økt med kappgang, før august. Etter NM på Byrkjelo blir det ikkje fleire kappgangsko heime i gangen. Forresten, skal aldri seie aldri.

 

Snart blir eg «Sunnfjording» på heiltid. I fleire år har eg pendla Førde-Måløy. Eg skal framleis jobbe i Mattilsynet, men i avdelinga i Sunnfjord (Førde). Det blir bra, og greitt å sjå mannen meir enn berre i helgane! I Førde er fjella rundt på alle kantar, og på ein god vinter som nå, er skiløypene heilt supre på Langeland. Løping må eg ofte bytte ut med alternativ trening, på grunn av skader, men det er mykje bra trening utanom løping/kappgang også!

 

Med ønske om ein god treningsvinter/vår, så sjåast vi på Byrkjelo til sommaren.

 

Merete

 


0 Kommentar

Årsmøte GFIL tysdag 13 mars 2018

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Jan 2018

Gloppen FIL har årsmøte tysdag 13 mars klokka 1930 i SFE sine lokaler i Bukta. Vanlege årsmøtesaker. Saker som ein ynskjer skal takast opp på årsmøte må vere styret i hende innan 27 februar 2018. Velkomne !


0 Kommentar

Steinar Kleppe har slått seg til ro i Naustdal !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Jan 2018

I vår serie om våre utøvarar er turen komen til vår sølvvinnar i slegge, Steinar Kleppe. Han har slått seg ned med familie i Naustdal og kan no lett finne topp styrketreningsforhold i Tambar miljøet. Om han ynskjer er det ikkje lange turen til Loggane der vi kastar året rundt.

Les kva Steinar skriv:


Eg jobbar og bur i Naustdal og trivast veldig godt her.  Jobben som geolog i Nordic Rutile er veldig krevande, men utruleg interessant og utviklande.  Har nettopp flytta inn i nytt hus i Naustdal, og i det høvet er det veldig mykje å gjere, men det er no kjekt det og.  Når det gjeld treninga er det ikkje like bra.  Trente godt fram til oktober, men då tok det seg opp både på jobb og på heimefronten, og treninga var satt til sides.  Dette er sånn sett etter planen då eg prioriterar jobb og familie framfor idretten.  Hadde første økta med knebøy og markløfta på to månedar no, så no skal eg bli god og mør i dei kommande dagane.  Når det gjeld 2018-sesongen får vi rett og slett sjå… Per i dag blir det rett og slett som det blir.  Skal nok alltids komme meg i ringen til NM på heimebane, men om det blir seriøst, halvhjerta eller nødløysing får vi sjå når snøen tinar og det eventuelt begynner å klø litt i sleggefoten. 

Sportsleg helsing

Steinar K 


0 Kommentar

Antidopingseminar i Gloppen laurdag 28 april 2018

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Jan 2018

Gloppen Friidrettslag i samarbeid med Antidoping Norge, Firda Vidaregåande skule og Gloppen Hotell arrangerer årets viktigaste idrettsseminar i Gloppen laurdag den 28 april 2018.

Vi vil sette antidopingarbeidet på agendaen både innafor idretten og elles i samfunnet. Dette blir verdt å få med seg ! Arrangementet vil foregå i Kultursalen og på Gloppen hotell. For friidretten vil dette seminaret også markere starten på sesongen 2018 med blant anna Hoved NM på heimebane. Sett av datoen og gled dokke til gode foredragshaldarar ! Vi kjem tilbake med endeleg plakat for arrangementet om kort tid.


0 Kommentar

Motiverande å vere på samling !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Jan 2018

Jr.landslaget i kast hadde si første samling i 2018 no i helga som var. Thomas og Håkon er med i sleggegruppa som blir leia av Jørund. Thomas er som alle veit student i USA og konkurransedebuterte i vektkast no i helga der borte. Han har dei beste treningstilhøve ein kan tenke seg og vi er spente på kva dette kan bli utover i 2018 . Evald var siste års junior i fjor (U23) og var blant fleire innkalla til samlinga som mentor for dei yngre utøvarane. Viktig med erfaringsoverføring til dei yngre. Samlinga starta fredag ettermiddag og var ferdig søndag ettermiddag. Det vart gjennomført mykje kasting og testing av styrke, spenst og hurtighet. Treningsarbeidet så langt synte klar framgang så då er det berre å jobbe vidare fram til neste samling som er 16 - 18 februar.


0 Kommentar

SFE fornya sponsoravtala med tre nye år !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Jan 2018


Fantastisk gledeleg at våre trufaste bidragsytarar vil vere med vidare. SFE har vore med oss sidan starten på 90 tallet. Vi ser fram til godt samarbeid i åra som kjem !


0 Kommentar

Thomas persa kraftig i dag i øvelsen vektkast 15,88kg !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Jan 2018

Under eit innandørsstevne i South Caroline kasta Thomas vektkast 15.88 kg heile 20,49m. Han forbetra sin eigen pers og kretsrekord frå 2016 pålydande 17,93m. No er han berre 1,28 bak Eivind Henriksen . Han kasta 21,77m i OL sesongen 2012.

GFIL GRATULERER MED FLOTT SESONGOPNING.

Vi har dessverre ikkje bilde frå stevnet så det blir arkivbilde !

Vektkast er en kastdisiplin innen friidrett. Øvelsen er mindre kjent, og mindre vanlig enn de fire tradisjonelle kastøvelsene. En moderne vekt er 15,88 kg (35 pund) og er 40 cm lang fra håndtaket via en kort kjetting til bunnen av kula. Kvinnenes vekt er 9 kg. Håndtaket er vanligvis D-formet eller trekantfomet.

Øvelsen er en vanlig innendørs øvelse i USA og Canada. I Irland, Skottland, og i Frankrike er øvelsen jevnlig arrangert utendørs, tidligere også i Norden. Teknikken er lik rotasjonsteknikken for sleggekast. Vektkast er derfor egnet som trening for sleggekast utenom konkurransesesongen. Kastet utføres vanligvis fra ringen for kulestøt innendørs, uten stopplanken. Utendørs nyttes også ringen for sleggekast.


0 Kommentar

Komande helg er det Idrettsgalla - og Trude er nominert !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Jan 2018


Trude er nominert i klassen

Årets kvinnelige funksjonshemmede utøver

Aida Dahlen                                                                   Bordtennis

Trude Raad                                                                     Friidrett

Sarah Louise Rung                                                         Svømming

Birgit Skarstein                                                               Roing/langrenn

Dette blir spennande - det er berre å benke seg foran Tv en laurdag kveld.!!


0 Kommentar

Vincent prioriterer skule framover !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 3. Jan 2018

Vincent Sondre Førde gjekk ut frå Firda Vgs våren 2017. Tre år på Firda saman med Gloppen Fil resulterte i JrNM Gull og to JrNM  bronser på 3000mh U20 , samt JrNM meisterskapsrekord U20, Juniorkrinsrekord U20 i Sogn og Fjordane , juniorlandskamp i 2016 og Hoved Nm – to fjerdeplasser.

Saman med Matias Førde frå Jølster danna dei eit flott team desse tre sesongane og fleire rundt dei tykte at det vart kjekt å springe litt lenger. Mange gode økter og flotte opplevingar på idrettsbana. No har Vincent skreve litt om planane framover, der har dessverre ikkje toppfriidretten fått plass. Viktigaste av alt er at Vincent har hatt tre gode år med friidretten, ein idrett han overhode ikkje hadde hatt kontakt med før han flytta til Gloppen. Vi ynskjer lukke til utover vinteren og sommaren med rekrutteringsarbeidet i Svelgen og heimeklubben Svelgen T&IF.

Les kva Vincent sjølv skriv under bildet !

Akkurat no bur eg i Svelgen og jobbar for det meste som lærar/assistent på skulen, og delvis på omsorgssenteret. Pengane som eg eigentleg skulle ha spart til utdanninga mi, brukar eg på å reise forskjellige stadar i verda. Planen min framover er å ta ei kiropraktorutdanning i England, Bournemouth. Dersom eg fyller alle krava vil eg kunne hoppe over det første året av utdanninga, altså ein 4-årig masterutdanning. Visst eg ikkje klarar dette, blir det 5 heile år i England.

  Eg held meg framleis i form, men som dei fleste kanskje har fått med seg, har eg lagt opp som toppidrettsutøvar. Likevel har eg bestemt meg for å melde overgang til Svelgen TIF for å vise min støtte for klubben, og for å kanskje vere med på stafettlaget, men ikkje så mykje meir enn det. Eg saknar sjølvsagt Sandane og ikkje minst GFIL, og eg skal sørge for at eg held kontakt framover. Eg har blant anna lovd Nilsen ein langtur i nærmaste framtid, så blir ikkje lenge til eg tar turen innom Sandane igjen.  


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline