Merete Helgheim - god som gull i Kappgang !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Jan 2018

Gull under Hoved NM i Sandnes 2017 - Foto Eigil Instebø


I vår serie om våre utøvarar er turen komen til Merete Helgheim. Les kva ho skriv:

Er det sant? Eg riv det ut med ein gong. Heldigvis, men om ikkje lenge står eg kanskje med eit grått hårstrå i handa. Veteran-stemner i friidrett passer best for meg nå. Skal likevel prøve å gjere mitt beste på senior NM til sommaren. Det betyr at eg må trene ei og anna økt med kappgang, før august. Etter NM på Byrkjelo blir det ikkje fleire kappgangsko heime i gangen. Forresten, skal aldri seie aldri.

 

Snart blir eg «Sunnfjording» på heiltid. I fleire år har eg pendla Førde-Måløy. Eg skal framleis jobbe i Mattilsynet, men i avdelinga i Sunnfjord (Førde). Det blir bra, og greitt å sjå mannen meir enn berre i helgane! I Førde er fjella rundt på alle kantar, og på ein god vinter som nå, er skiløypene heilt supre på Langeland. Løping må eg ofte bytte ut med alternativ trening, på grunn av skader, men det er mykje bra trening utanom løping/kappgang også!

 

Med ønske om ein god treningsvinter/vår, så sjåast vi på Byrkjelo til sommaren.

 

Merete

 



Årsmøte GFIL tysdag 13 mars 2018

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Jan 2018

Gloppen FIL har årsmøte tysdag 13 mars klokka 1930 i SFE sine lokaler i Bukta. Vanlege årsmøtesaker. Saker som ein ynskjer skal takast opp på årsmøte må vere styret i hende innan 27 februar 2018. Velkomne !



Steinar Kleppe har slått seg til ro i Naustdal !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Jan 2018

I vår serie om våre utøvarar er turen komen til vår sølvvinnar i slegge, Steinar Kleppe. Han har slått seg ned med familie i Naustdal og kan no lett finne topp styrketreningsforhold i Tambar miljøet. Om han ynskjer er det ikkje lange turen til Loggane der vi kastar året rundt.

Les kva Steinar skriv:


Eg jobbar og bur i Naustdal og trivast veldig godt her.  Jobben som geolog i Nordic Rutile er veldig krevande, men utruleg interessant og utviklande.  Har nettopp flytta inn i nytt hus i Naustdal, og i det høvet er det veldig mykje å gjere, men det er no kjekt det og.  Når det gjeld treninga er det ikkje like bra.  Trente godt fram til oktober, men då tok det seg opp både på jobb og på heimefronten, og treninga var satt til sides.  Dette er sånn sett etter planen då eg prioriterar jobb og familie framfor idretten.  Hadde første økta med knebøy og markløfta på to månedar no, så no skal eg bli god og mør i dei kommande dagane.  Når det gjeld 2018-sesongen får vi rett og slett sjå… Per i dag blir det rett og slett som det blir.  Skal nok alltids komme meg i ringen til NM på heimebane, men om det blir seriøst, halvhjerta eller nødløysing får vi sjå når snøen tinar og det eventuelt begynner å klø litt i sleggefoten. 

Sportsleg helsing

Steinar K 



Antidopingseminar i Gloppen laurdag 28 april 2018

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Jan 2018

Gloppen Friidrettslag i samarbeid med Antidoping Norge, Firda Vidaregåande skule og Gloppen Hotell arrangerer årets viktigaste idrettsseminar i Gloppen laurdag den 28 april 2018.

Vi vil sette antidopingarbeidet på agendaen både innafor idretten og elles i samfunnet. Dette blir verdt å få med seg ! Arrangementet vil foregå i Kultursalen og på Gloppen hotell. For friidretten vil dette seminaret også markere starten på sesongen 2018 med blant anna Hoved NM på heimebane. Sett av datoen og gled dokke til gode foredragshaldarar ! Vi kjem tilbake med endeleg plakat for arrangementet om kort tid.



Motiverande å vere på samling !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Jan 2018

Jr.landslaget i kast hadde si første samling i 2018 no i helga som var. Thomas og Håkon er med i sleggegruppa som blir leia av Jørund. Thomas er som alle veit student i USA og konkurransedebuterte i vektkast no i helga der borte. Han har dei beste treningstilhøve ein kan tenke seg og vi er spente på kva dette kan bli utover i 2018 . Evald var siste års junior i fjor (U23) og var blant fleire innkalla til samlinga som mentor for dei yngre utøvarane. Viktig med erfaringsoverføring til dei yngre. Samlinga starta fredag ettermiddag og var ferdig søndag ettermiddag. Det vart gjennomført mykje kasting og testing av styrke, spenst og hurtighet. Treningsarbeidet så langt synte klar framgang så då er det berre å jobbe vidare fram til neste samling som er 16 - 18 februar.



SFE fornya sponsoravtala med tre nye år !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Jan 2018


Fantastisk gledeleg at våre trufaste bidragsytarar vil vere med vidare. SFE har vore med oss sidan starten på 90 tallet. Vi ser fram til godt samarbeid i åra som kjem !



Thomas persa kraftig i dag i øvelsen vektkast 15,88kg !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Jan 2018

Under eit innandørsstevne i South Caroline kasta Thomas vektkast 15.88 kg heile 20,49m. Han forbetra sin eigen pers og kretsrekord frå 2016 pålydande 17,93m. No er han berre 1,28 bak Eivind Henriksen . Han kasta 21,77m i OL sesongen 2012.

GFIL GRATULERER MED FLOTT SESONGOPNING.

Vi har dessverre ikkje bilde frå stevnet så det blir arkivbilde !

Vektkast er en kastdisiplin innen friidrett. Øvelsen er mindre kjent, og mindre vanlig enn de fire tradisjonelle kastøvelsene. En moderne vekt er 15,88 kg (35 pund) og er 40 cm lang fra håndtaket via en kort kjetting til bunnen av kula. Kvinnenes vekt er 9 kg. Håndtaket er vanligvis D-formet eller trekantfomet.

Øvelsen er en vanlig innendørs øvelse i USA og Canada. I Irland, Skottland, og i Frankrike er øvelsen jevnlig arrangert utendørs, tidligere også i Norden. Teknikken er lik rotasjonsteknikken for sleggekast. Vektkast er derfor egnet som trening for sleggekast utenom konkurransesesongen. Kastet utføres vanligvis fra ringen for kulestøt innendørs, uten stopplanken. Utendørs nyttes også ringen for sleggekast.



Komande helg er det Idrettsgalla - og Trude er nominert !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 4. Jan 2018


Trude er nominert i klassen

Årets kvinnelige funksjonshemmede utøver

Aida Dahlen                                                                   Bordtennis

Trude Raad                                                                     Friidrett

Sarah Louise Rung                                                         Svømming

Birgit Skarstein                                                               Roing/langrenn

Dette blir spennande - det er berre å benke seg foran Tv en laurdag kveld.!!



Vincent prioriterer skule framover !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 3. Jan 2018

Vincent Sondre Førde gjekk ut frå Firda Vgs våren 2017. Tre år på Firda saman med Gloppen Fil resulterte i JrNM Gull og to JrNM  bronser på 3000mh U20 , samt JrNM meisterskapsrekord U20, Juniorkrinsrekord U20 i Sogn og Fjordane , juniorlandskamp i 2016 og Hoved Nm – to fjerdeplasser.

Saman med Matias Førde frå Jølster danna dei eit flott team desse tre sesongane og fleire rundt dei tykte at det vart kjekt å springe litt lenger. Mange gode økter og flotte opplevingar på idrettsbana. No har Vincent skreve litt om planane framover, der har dessverre ikkje toppfriidretten fått plass. Viktigaste av alt er at Vincent har hatt tre gode år med friidretten, ein idrett han overhode ikkje hadde hatt kontakt med før han flytta til Gloppen. Vi ynskjer lukke til utover vinteren og sommaren med rekrutteringsarbeidet i Svelgen og heimeklubben Svelgen T&IF.

Les kva Vincent sjølv skriv under bildet !

Akkurat no bur eg i Svelgen og jobbar for det meste som lærar/assistent på skulen, og delvis på omsorgssenteret. Pengane som eg eigentleg skulle ha spart til utdanninga mi, brukar eg på å reise forskjellige stadar i verda. Planen min framover er å ta ei kiropraktorutdanning i England, Bournemouth. Dersom eg fyller alle krava vil eg kunne hoppe over det første året av utdanninga, altså ein 4-årig masterutdanning. Visst eg ikkje klarar dette, blir det 5 heile år i England.

  Eg held meg framleis i form, men som dei fleste kanskje har fått med seg, har eg lagt opp som toppidrettsutøvar. Likevel har eg bestemt meg for å melde overgang til Svelgen TIF for å vise min støtte for klubben, og for å kanskje vere med på stafettlaget, men ikkje så mykje meir enn det. Eg saknar sjølvsagt Sandane og ikkje minst GFIL, og eg skal sørge for at eg held kontakt framover. Eg har blant anna lovd Nilsen ein langtur i nærmaste framtid, så blir ikkje lenge til eg tar turen innom Sandane igjen.