Thomas klar for NCAA Indoor Championships i vektkast!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 28. Feb 2018

Thomas under SEC Championships sist helg!                                           Foto: Floridagators.com

Han er einaste freshman som har kvalla i øvinga, og einaste norske utøvar totalt under mesterskapet på herresida. Amanda Frøynes (Florida) er einaste norske kvinnelege utøvar (5-kamp).

Nivået er svært høgt, og det er plassering på statistikken/rankinga som bestem kven som får vere med. Døme på resultat som måtte til for å nå nationals (menn);

60m = 6.62, 400m = 46.08, lengde = 7.81, kule = 19.30...

GFIL gratulerer Thomas med plass i mesterskapet!

Vi kjem tilbake med link til mesterskapet (live resultat).




Heile idrettsmiljøet vert invitert til Antidopingseminar 28 april 2018 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Feb 2018

Vi har no klare våre foredragshaldarar til Antidopingseminaret i Gloppen den 28 april 2018. Dette har aldri vore viktigare og vi vil belyse temaet så breitt som mogeleg. Heile idretten er invitert, ikkje berre frå Gloppen men også resten av fylket er hjerteleg velkomne. Firda Vgs idrettslinja har dette seminaret inn i sin undervisning og er arrangør saman med Gloppen Hotell og Gloppen Friidrettslag.  Planen er å starte klokka 1000 og vere ferdige ca klokka 1400-1500. Midt på dagen planlegger vi ein sportslunsj i regi av Gloppen Hotell. Seminaret er gratis. Vi kjem tilbake til endeleg timeplan like før påske. Alle klubbar og samarbeidspartnarar får invitasjon i desse dagar. Dette vert friidretten sitt kickoff for sesongen 2018 som har Hoved NM på Byrkjelo som hovedmål. Sett av dagen og delta i Antidopingarbeidet !



Thomas med solid pers i vektkast!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Feb 2018


Tidlegare bestenotering i øvinga var 20.80m, i Clemson hadde han fire kast over 21m, og to kast på 21.71m! Thomas melder at han enno har litt å gå på teknisk, så kanskje kan han bryte 22m-streken denne våren? Han inntek 2.plass på alltime-lista til Gators i vektkast.

Neste konkurranse er regionals, dvs "områdemesterskap", SEC championships, i Texas 24.-25.februar. Han er per no ranka som nr.15 i USA i vektkast, og dei 16 beste får konkurrerer i NCAA, dvs nasjonalt universitetsmesterskap (også dette i Texas, 14 dagar etter SEC).

Etter denne konkurransen er det start for utandørssesong, og truleg vert fyrste sleggekonkurransen i midten av mars. Om han kastar langt nok, kan han klare å kvalifisere seg til NCAA utandørs, i Eugene/Oregon i perioden 6.-9.juni. Etter dette er det sommarferie og retur til heimlandet og norsk sesong (med NM på heimebane som hovudmål, i tillegg til Nordisk/Baltisk mesterskap i juli).