Thomas sesongdebuterte med ny krinsrekord i slegge!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Mar 2018

Bilde frå Nationals to veker tilbake, der laget til Thomas vart meisterar. Her avbilda med trofeet ilag med coach Steve Lemke og lagkompis A.J. McFarland                   Foto: Floridagators.com

Alt kl 09.00 var Thomas på plass i sleggeringen, i det som var debutkonkurransen utandørs for universitetslaget sitt, Florida Gators. Etter eit åpningskast på 66+, smalt han til med heile 69.30m i 2.omgang, noko som vart lengstekastet. Med dette vart han nr.2, bak lagkamerat, svenske Anders Erikson.

Thomas var sjølv lite nøgd med konkurransen, og karakteriserar kastinga som dårleg teknisk, i tillegg til at han hadde lite overskot pga hard trening i perioden etter innandørssesongen. Dette skulle tyde på at lengre kast ventar seinare i sesongen.

Han var også med i diskos, der han vart nr.2 med resultatet 52.11m, 86cm bak persen.

Neste helg skal han konkurrere på heimebane, under Florida Pepsi Relays. Kanskje klarar han å bryte den magiske 70m-streken då, noko berre fem nordmenn har klart tidlegare. Familien vil også vere på plass i Gainesville/Florida for å sjå han konkurrere på heimebane for fyrste gong.

GFIL gratulerar med kjempeflott sesongstart og ny krinsrekord, og ynskjer han lukke til i komande konkurransar.



God Påske !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 22. Mar 2018

KLARE FOR SESONGSTART 2018

For oss som er meir enn litt interesserte i friidrett går vi no inn i den mest aktive tida på året – den varme tida ! Komande helg reiser 13 utøvarar og 9 trenarar frå Gloppen FIL på 15 dagers treningsleir i Portugal. Det er sjette sesongen vi er der og har funne oss vel til rette på anlegga og i nærområda. Utruleg sosialt og svært miljøskapande.  Vi gledar oss.

Fredag fyrstkomande (i morgon) debuterer Thomas Mardal i slegge utendørs i Tallahassee-Florida. Vi hugsar frå første stevnet i fjor då han sette krinsrekord 23 april på Loggane med heile 66.70m. Som seinare enda opp på heile 68.34m før sesongen var over. Og tenk at vi hadde to utøvarar(Evald og Thomas) i EM U23 i same øving. Det er lenge sidan (2002) at vi har hatt utøvarar på EM senior. Det kan vere lov å håpe både på EM og det som større er i åra som kjem.

Det har vore ein svært vanskeleg treningsvinter for friidrett . Slegge/diskos/kule har innandørsforhold og utandørs på Loggane med varme i ringen. Styrketreningsforhold heilt i toppen på Rygg skule. Så der er det ingen fare. Utøvarane kan trene når og så mykje dei vil.  Løp og hopp derimot er det skrale treningsforhold. Det er igrunn heilt ufattelig at det går an å bruke så mykje midler på idrettsanlegg og ikkje greie å få heilårs  treningsforhold for løp og hopp i  ein kommune der vi er på topp når det gjeld søknader om tippemidler.

Men der er lys i tunnelen.  Idrettsrådet i Gloppen inviterte 14 mars til møte om framtida til Idrettsplassen midt i sentrum. Det var eit svært oppløftande møte der laga i Gloppen + Firda Vgs  var samla saman med deler av styret i Idrettsrådet.  Friidretten fekk naturleg nok taletid og bar fram behov for treningsanlegg i sentrum. Den tettast befolka delen av kommunen med skular og idrettslinje som næraste nabo har ingen mulighet til å lære seg friidrettsøvingane . Dette har i årevis vore årsaka til den lave rekrutteringa friidretten har hatt. Om sommaren er der kun eit fåtal som er rekrutterte til trening på hovudanlegget på Byrkjelo. Antalet har gradvis gått ned mot eit minimum. Vi som trenarar har snart ikkje idear igjen for å få med ungdom på friidrett. Dei har rett og slett ikkje lært seg grunnteknikker og vågar ikkje prøve seg på øvingane. Mange som ville valgt friidrett og individuell idrett får ikkje sjansen.  Difor er Idrettsplassen uhyre viktig for framtidas generasjoner med friidrettsutøvarar. At friidretten i Gloppen fortsatt hevdar seg i landstoppen er takka vere ein frivilleg innsats frå trenarar og leiarar som er langt forbi det ein kan forvente. Motivasjonen har vore og er at gloppenungdomen SKAL ha eit tilbod om individuell idrett . Så skal ein ikkje gløyme dei lange friidrettstradisjonene i Gloppen både på den aktive sida og som NM arrangører. Reknar med det er lite interessant å arrangere NM uten eigne deltakarar .  Idrettspolitisk skulle Idrettsplassen  vore teke tak i for lenge sidan, men no er vi endeleg på rett spor. Takk til Idrettsrådet som no tok tak !

På toppen av alt er friidrett og fotball einige om kva konsept som bør byggast. No startar snart NVE arbeidet med elva og heile bortre langside blir tilrettelagt med gangvei og flotte muringar samt drenering langs elva. Kommunen legge til rette for at der ikkje skal bli vanskeleg å kome med rehabilitering av idrettsanlegget i ettertid. God og sportsleg Påske medan vi lengtar etter vår.

Nils Ove Roset.

 



Årsmøte 2018 - Heider til trufaste friidrettsleiarar !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Mar 2018

Gloppen Fil avvikla årsmøte i går i SFE sine lokaler i Bukta.  Ordføraren var på plass og delte ut gåver til avtroppande styremedlemer Else Løkke og Ragnar Eimhjellen og hadde mange gode ord om kor mykje det frivilleg arbeidet hadde å bety for lokalsamfunnet. Tre nye styremedlemer vart valgt inn; Liv Randi Teige frå IL Brodd, Robert Andre Moldestad, aktives representant og Økonomileiar vart Olav Holvik.

Ragnar Eimhjellen takka av i GFIL styret etter ei årrekke med forskjellige verv i friidretten. Han har både ei aktiv/trenar og leiarkarriere bak seg som er svært lang og innhaldsrik. Ragnar sitt bidrag i styret har vore mangfaldig og svært viktig for utviklinga av klubben.  Vi er han stor takk skuldig. 
Aktiv idrett:
På junior og senior nivå jamnt bra krinsnivå i fleire øvingar; 110 m hk, 100m, lengde  (6,66m), 200m,400m. Som veteran delteke på Fj/v sitt veteranlag i stafett på ei rekkje lokale/regionale terrengstafettar på 1980-talet. Frå 1994 og utover; Fleire gullmedaljar i veteran-NM i lengde, tresteg og 1000m stafett, gode plasseringar også på 200m og 400m. Delteke på GFIL sitt veteranlag i mange år på Breimstafetten og Holmenkollstafetten. Trenar for enkeltutøvarar og grupper i fleire år

Administrativt : GFIL sin første leiar etter skipinga i 1990 og og var leiar fram til 1997. Styremedlem t.o.m. 2017. Styremedlem i friidrettsgruppa i STIL Styremedlem og nestleiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins i 2 periodar Sentralstyremedlem i Norges Friidrettsforbund i 3 periodar (6 år) Leiar i det s.k. Integreringsutvalet i forbundet i 2 år (intergrering av funksjonshemma i friidretten på krins-og klubbnivå)

Else Løkke takka også av etter ei årrekke i GFIL styret. Ho kom inn i friidretten i 2000 som kasserar i klubben. Det vart eit langt opphald først som kasserar nokre år dernest som økonomiansvarleg. Heile 18 år i  GFIL  styret er imponerande. Vi har hatt stor glede av Else sin nøyaktighet og gode kontroll på økonomien. Det har vore eit flott samarbeid som vi alle kjeme til å sakne.

Årsmøtet føregjekk i rolege former med gjennomgang av aktivitet både sportsleg, økonomisk samt planer for 2018.



Thomas nr.11 i det amerikanske universitetsmesterskapet innandørs!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Mar 2018

Thomas i aksjon under conference-finalen (SEC Championships) for to veker sidan (4.plass)

Som einaste freshman (1.årsstudent) i Nationals, har Thomas hatt ein pangstart på karriera i USA, i Gators-drakta for University of Florida. Vektkast er ei "bi-øving" for han, men svært populært og ei fast kastøving på alle innandørskonkurransar. Før USA-opphaldet, var persen i øvinga 17,99m (krinsrekord). Denne har han flytta til 21.71m i løpet av vinteren.

Nivået i vektkast er skyhøgt i USA, og det er ein fenomenal prestasjon å klare å både kvallifisere seg til mesterskapet, og så i tillegg å hevde seg.

Etter ein lang innandørssesong er det rett på utandørssesong for Thomas. No ventar slegga på tur til å bli kasta langt. Fyrste konkurransen blir om 14 dagar i Talahasse/Florida, før han kastar på heimebane (Gainesville/Florida) helgja etter (i påskeferien). Utandørssesongen varar til byrjinga av juni, då er det nationals i Eugene/Oregon, om han klarar å kvalifisere seg.

Thomas er inne i sitt fyrste av fire år som student ved universitetet, med fullt schollarship. Det betyr at han har dekka alle utgifter ved skulegangen, og kan konsentrere seg om å utvikle seg som utøvar i tillegg til å få ei høgare utdanning.

GFIL gratulerar Thomas med fantastisk innandørssesong, og ynskjer han lykke til med sleggekastinga utandørs framover!



Kristin Roset - ny redaktør av bladet Friidrett

Postet av Gloppen Friidrettslag den 7. Mar 2018

Magasina SKIsport og Friidrett blei kjøpt opp av selskapet Media Digital i fjor haust. Eg starta som redaktør for førstnemnde i september, og sistnemnde 1.mars. Eg er veldig takknemleg for å kunne jobbe med akkurat dei to idrettane eg likar aller best, og skal gjere det eg klarar for å gje ut interessante magasin. Eg veit at dokke elskar friidrett, og difor ynskjer eg svært gjerne å få gode tips til saker framover. Dei kan sendast til kriroset@gmail.com

Friidrettsmagasinet kjem ut med fire utgåver i året, men eg håpar å få endra dette til fem neste år. Følelsen for at det skal gå i orden er god.

Som gammal friidrettsutøvar er det viktig for meg å få ut mest mogleg om ståa i dagens friidrett. Treffe profilane, klubbane, trenarane, være på arrangement og følgje med på det som skjer. Det er sjølvsagt ikkje like lett å være 100% aktuell då magasina kjem ut så pass sjeldan, men målet er å vinkle sakene så spennande og aktuelle som mogleg.

Mi erfaring som journalist går tilbake til byrjinga av 2000 talet, så det har blitt ein del jobbing bak tastaturet, mange kjekke sportslege møter og eg har opparbeida eit stort idrettsleg nettverk. Til dagleg bur eg på Lillehammer, vinterbyen av alle, men også ein plass kor det er flott å utøve friidrett. Eg kjem til å jobbe herifrå, men bilen blir nok brukt ein god del meir, med tanke på ansvaret eg har fått for to magasin.

Neste veke skal eg i møte med Norges Friidrettsforbund i håp om å få til eit betre samarbeid. Det trur eg kan bli svært nyttig for innhaldet i Friidrett. Eg ser iallfall nytten av det gode samarbeidet vi har med Norges Skiforbund i forbindelse med SKIsport.


Kristin Roset