Vi er klare for Antidopingseminar laurdag 28 april kl 1000

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Apr 2018

Alle er hjertelig velkomne til seminar i Kultursalen i Trivselshagen klokka 1000 laurdag fyrstkomande. Vi har i lang tid publisert dette arrangementet både på nettsider, facebook og i lokalavisa vår. Alle lag i kommunen og i heile Sogn og Fjordane har fått varsel frå Idrettskrinsen. Siste dagane har arrangøren ringt rundt til klubbleiarane og trenarar i Gloppen for å minne om seminaret og at dette er eit særs viktig emne. Det er gratis inngang og vi har gode foredragshaldarar frå Antidoping Norge / Idretten og Politiet. Alle med lang erfaring ! Midt på dagen ca klokka 1200 vert det ei kort matøkt før vi tar siste del. Still opp i klubbkle så vi kan få profilert gloppenidretten ! 



Thomas knuste krinsrekorden i Gainesville!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 5. Apr 2018

Thomas debuterte på heimebane for Florida Gators sist helg.   Foto: floridagators.com

Helgja 29.-31.mars var det duka for Florida Pepsi Relays, eit gigantstevne på heimebane i Gainesville med ca 3.000 deltakarar!

Dette var samstundes heimebane-debuten for Thomas, som kasta slegge fredag 30.mars. Klimaet er fantastisk på denne årstida, men akkurat denne dagen regna det jamt heile dagen. Det såg allikevel ikkje ut til å hemme særleg på prestasjonen. Etter å ha starta med pers i 1.omgang (69.68), klemte han til med heile 71.88m i 2.omgang, og passerte endeleg 70m-grensa! I tillegg hadde Thomas to kast til over 69m.

Vinnaren var ein meksikanar (som i 2016 tok 4.plass i OL) med 75.33m (pers over 77), nr. 2 vart lagkompis Eriksson som også sette skulerekord (73.31), og Thomas vart nr.3. Han slo Rudy Winkler som i fjor vann nationals, og har pers godt over 76m!

Resultatet fører han opp på 2.plass på "all-timelista" for skulen, og han er no 5.beste nordmann i øvinga gjennom tidene. Han inntek 4.plass i øvinga i landsoversikta for college-utøvarar i USA dette året.

Thomas har hatt ei strålande opning på sesongen, der heile 5 av 8 gyldige kast ila to konkurransar har vore over 69m, og dermed lenger enn persen frå i fjor!

Ekstra kjekt var det at familien var på besøk, og fekk oppleve rekordkastet som tilskodarar rundt kastburet.

Neste konkurranse er fredag 13.april, også det på heimebane (Tom Jones Memorial). Då skal han truleg også kaste diskos.




Levert av IdrettenOnline