Eit fantastisk NM for GFIL

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Aug 2018

Denne fantastiske gjengen gjorde oss alle stolte ! Det er så utruleg kjekt å vere ein del av den aktive friidretten i Gloppen. Samhold, gode holdningar, idrettsglede og ikkje minst har vi trufaste Gloppen utøvarar. Gratulerer alle saman ! Komande helg reiser vi vidare til JrNM på Bislett. Alle foto:Ronny Solheim.



Gloppen Friidrettslag - NM deltakarar på Byrkjelo 2018

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Aug 2018

NM 2018 - bli kjend med Gfil-troppen her.

For første gong stiller GFIL utan deltakarar i løp eller hopp i NM, til gjengjeld har vi mange sterke kastarar som vil prege resultatlistene. Likevel er Merete Helgheim vår sikraste gullkandidat, ho held sitt stabile nivå og vil truleg gå inn til ei tid rundt 14 blank på 3000-meteren.

  I slegge har vi med fire i herreklassa og to i dameklassa. Thomas Mardal med fersk pers og krinsrekord på 72,81 er sølvkandidat bak EM-finalist Eivind Henriksen. Nivået er høgare enn i noko tidlegare NM, vi vil truleg for første gong sjå to herrar kaste over 70 m! Evald Osnes Devik ligg godt an i bronsekampen, etter to sure fjerdeplassar er den hans tur til å stige opp på pallen.  Steinar Kleppe med tre strake NM-sølv må sannsynlegvis bite i graset for Evald denne gongen. Hans Sande vil kunne kjempe om 6.-plass med kast rundt 55-56 m.

Trude Raad og Marte Rygg Årdal deltek i kvinneklassa, Trude har lyst på gullet, men Beatrice Llano vil nok prøve å ta heim sitt 4. gull på rad. Gullkampen vil stå på lengder rundt 65 m. Marte vil kunne kjempe om 4.-plassen med kast rundt 55 m.   I diskos har vi med Else Lundestad Bakkelid og Marit Årdalsbakke. Denne øvinga er veldig open, det er fem-seks jenter som vil kjempe om medaljene, blant desse er Else. Medaljenivået ligg på 47-50m, lengder som Else har kapasitet til.

I spyd har vi med ein debutant, Simon Hjelle Lidal. Han har hatt fin utvikling dei to siste sesongane og skal for første gong måle krefter med alle dei beste. Med eit bra kast rundt persen på 60 m vil han kunne klare ein 7.-8. plass  

For ytterlegare info kontakt Jørund Årdal 41631280



Nordisk-Baltisk U23 meisterskap starter i morgon !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 9. Aug 2018


I morgon formiddag  kastar Thomas Mardal slegge i U23 Nordisk-Baltisk mesterskap  i Gävle i Sverige. Startlista teller 6 stk og Thomas har den nest beste personlege rekorden av dei som deltek. Fire av deltakarane er gode for over 70meter. Det betyr at det blir hard kamp om medaljane.  Gjeldande mesterskapsrekord i slegge har vår eigen Eivind Henriksen på 72,32m tilbake til 2012. Ser ein på personlege rekorder og årsbester på årets deltakarar kan denne rekorden vere i fare. Kjekt å sjå på mesterskapsrekordane at GFIL utøvar Kristin Roset forstsatt har mesterskapsrekorden på 800 – 2.06.03 min så langt tilbake som 2000. Kanskje ein ny GFIL utøvar kan hente heim siger og meisterskapsrekord ? Vi gledar oss til laurdag. Jørund er også på plass i Gävle så vi får direkte oppdateringer. Vi skal ikkje gløyme at Thomas kaster diskos søndag og har medaljesjanser også i den øvinga. Lukke til. Sjå innom heimesidene til arrangemetet der er startlister og tidskjema m.m følg linken under !

http://www.gefleiffriidrott.se...




Thomas klar for ett av sesongens høgdepunkt - Nordisk-Baltisk meisterskap

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Aug 2018

Thomas Mardal er utteken til Nordisk-Baltisk meisterskap i friidrett i Gävle i Sverige 11.-12. august. Han skal delta både i slegge og diskos. Medaljesjansane er utan tvil størst i slegge, men han får hard konkurranse av m.a. av finnen Kangas og islendingen Ørn Jonsson! Begge desse har pers på over 72 m. Det er også ein annan finne som har kasta over 70 i år. Krinsrekorden til Thomas frå juni i år er på 72,20, så han må nok opp mot slike lengder om han skal kunne hente heim gullet. Det kan og nemnast at meisterskapsrekorden er på 72,32 og tilhøyrer Eivind Henriksen. I diskos er det for langt fram til medalje for Thomas, men målet er nok å forbetre persen på 52,97. Gloppen Fil ynskjer lukke til !