Idrettsplassen - støttebrev frå klubbar i Indre Nordfjord

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2019

Gloppen kommune v/ordførar

 

Sak : Opprusting av idrettsplassen på Sandane.

 

Vi er kjende med dei planane ei eiga prosjektgruppe har lagt fram når det gjeld  opprusting av m.a. friidrettsanlegget på Sandane. Klubbane i Indre Nordfjord vil herved støtte desse planane fullt ut og i dette brevet peike på kor viktig ei snarleg realisering av desse planane er ikkje berre for Gloppen, men for heile friidrettsmiljøet i Nordfjord og i Sogn og Fjordane.

Dei svært aktive klubbane i nærområdet ; Sandane, Fjellhug/Vereide, Brodd og overbygningsklubben GFIL treng eit treningsanlegg og eit anlegg for «mindre» konkurransar i friidrett. Like ved anlegget har vi dessutan barneskule, ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. Firda har idrettline der friidretten er ein sentral satsingsidrett. Anlegget ligg derfor midt i smørauget og vil ved modernisering kunne få ein veldig høg bruksfrekvens. Opprusting er derfor svært viktig både for rekruttering og for vidareutvikling av utøvarar.

Friidretten i Gloppen har vore og er eit fyrtårn for heile Sogn og Fjordane. Olden, Stryn og Vikane har eit nært samarbeid med GFIL og heile friidrettsmiljøet i kommuna. Vi har gjennom fleire år sendt våre utøvarar på treningar på Byrkjelo, på Sandane og på Loggane og har nytt godt av den store friidrettskompetansen som finst i Gloppen. Våre utøvarar har og fått lov å delta på treningssamlingar i utlandet organiserte av GFIL. Eg vil seie det så sterkt at utan den kompetansen som finst i Gloppen  og utan den samarbeidsviljen leiarar og trenarar i kommuna har vist, hadde vi ikkje nådd dei topp nasjonale og til dels internasjonale resultata vi no kan vise til

For alle som arbeider med friidrett er tenlege anlegg i nærområdet heilt sentralt. I idrettslaga i Gloppen finst det leiarar og trenarar som har stått på i veldig mange år, og som nemnt har desse vore flinke til å samarbeide med og dele kunnskapen sin med oss som representerer små lag og ikkje alltid har den kompetansen som trengst for å utvikle utøvarar til eit høgt nivå. Vi forstår veldig godt den frustrasjonen som breiar seg når Sandane pr. i dag ikkje har dei treningsfasilitetane utandørs som er nødvendige for å halde ved like og vidareutvikle friidretten i Gloppen.

Vi «inn i fjorda» håpar derfor at Gloppen kommune set av midlar til prosjektet i den kommunale økonomiplanen som etter det vi forstår skal vedtakast no i haust. Det fortenar verkeleg det gode, framtidsretta og samarbeidsviljuge friidrettsmijøet i Gloppen.

 

Mvh

Hans-Petter Galtung                               Leiv Arne Egset                             Jarle Lødemel

(trenar friidrett i Olden IL)                      (leiar i Olden IL)                            (leiar av friidrettsgr. og

                                                                                                                              trenar i Stryn T&IL)



Gloppenkalenderen 2020 er i trykken !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2019

Flotte bilder frå heile kommunen. Dagfinn har vore bildesjef i år også. Eit flott produkt som laurdag 2 nov er i salg på Sporten. 



Friidrettens haustmøte med brev til Gloppen Kommune

Postet av Gloppen Friidrettslag den 27. Okt 2019

Friidretten i Gloppen er svært takknemlege for den unisone støtta prosjektet får frå alle vi er i kontakt med. Det viser at dette betyr mykje å få på plass. Friidretten har tapt ein generasjon med utøvarar pga dette anlegget sitt forfall. Det seie seg sjølv at friidretten døyr vekk når alle skulane frå barneskule via ungdomskule til Vgs ikkje får mulighet til å lære seg friidrett. Ingen idrettsdagar i skuletida, ingen gymtimar og ingen organiserte friidrettstreningar av idrettslaga på fritida i eit slikt skulesenter og kommunesenter. For å dra paralellar til Fana stadion. Der har dei treningsgrupper på anlegget heile vinteren med alt frå unge til eldre som har organiserte løpsgrupper som bidrar både til aktiv idrett og folkehelse. Godt flomlys, fast dekke og gode trenarar gjere dette muleg. Vi har forsømt oss i mange år, men no drar vi ilag alle i Gloppen. Då er det håp om framdrift. 

Til

Gloppen kommune og

Politikarane i Gloppen kommunestyre

Sogn og Fjordane Friidrettskrins si haustsamling på Sandane laurdag 26. oktober 2019 oppmodar sterkt Gloppen kommune, i samarbeid med idrettslaga i Gloppen, å få fortgang i arbeidet med å få oppgradert Idrettsplassen på Sandane til eit anlegg som kan nyttast til friidrett.

Tilhøva for friidrett for born, ungdom og vaksne rundt Gloppefjorden, samt for barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, er svært uhaldbare. Treningstilhøve på friidrettsbane er fråverande.  Gloppen er tradisjonelt ein av dei fremste friidrettskommunane i Sogn og Fjordane, og dette må ikkje skuslast bort. Slik banestoda har vore dei siste 10-15 åra, kan ein trygt seie at like mange årgangar har vorte tapt for friidretten, spesielt i løp og hopp.  Rekrutteringa er så å seie borte pga av mangel på eit teneleg anlegg.

Alle som her har skrive under vil hevde at Sandane/Gloppen er eit svært viktig geografisk område for friidretten i fylket, og difor må ha ein arena for trening og enkle konkurransar for born og ungdom. 

Friidrettsleiarane ber difor innstendig om at Gloppen Kommune tek inn finansiering av nye Idrettsplassen i budsjett og økonomiplanar no.   Arbeid med Idrettsplassen må vi få start på i 2020.

Sandane, 26. oktober 2019

Hans Petter Galtung, leiar Olden il                        Jørund Årdal, trenar GFIL og Il Brodd 

Knut Olav Førde, trenar Jølster Il                           Nils Ove Roset, leiar og trenar GFIL        

Olav Holvik,  GFIL                                                  Jan Otto Aae, trenar GFIL

Reidar Moldestad, leiar og trenar BBIL                  Anne Merete Kleppenes, trenar BBIL 

Stig Svalheim, leiar og trenar STIL                        Heidi Solheim, STIL  

Ragnhild Fjærestad, leiar og trenar i Vik Il             Dagfinn Nyhammer, leiar og trenar Fjellhug/Vereide Il

Linda Øvregard Røhme, leiar og trenar Bjørn il     Randi Norberg, Bjørn il



Idrettsplassen - tid for handling

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Okt 2019


Innspel om å prioritere opprusting av Idrettsplassen på Økonomiplanen for 2020 – 23

GFIL har tidlegare skrive om planane som er lagt for ei opprusting av Idrettsplassen, med nytt friidrettsanlegg og kunstgrasbane. Alle er samde om at det må gjerast noko med Idrettsplassen, men førebels har det blitt med snakk og planar. I det daglege ser vi Idrettsplassen ligg der i elendig forfatning, men der det er lagt eit flott grunnlag med elveførebygging og drenering langs elva. Vi har prata med prosjektleiaren for opprusting av Idrettsplassen Stig Svalheim, som også er leiar i STIL si friidrettsgruppe, for å få ei oppdatering av kor prosjektet no ligg an. 

- Vi har store forventningar til at det vert sett av midlar til ei opprusting av Idrettsplassen i den kommunale økonomiplanen som skal vedtakast no i haust. Det er Gloppen kommune som eig Idrettsplassen, og som må gjere vedtak om at dei no vil prioritere eit slikt prosjekt. Fleire av dei politiske partia ga si tilslutning til prosjektet i valkampen, og vi reknar med at det no vert fulgt opp med handling og pengar i budsjettet.

- Kva beløp er det snakk om? Kostnadsestimatet for full opprusting er på 13,5 mill kr. Vi legg opp til ei tredeling mellom kommune, spelemidlar og bidrag frå idretten inkludert sponsormidlar, gåver og dugnadsinnsats. For kommunen sin del er det altså snakk om 4,5 mill kr.

- Kan du seie litt meir om innhaldet i planane? Planen er ein friidrettsdel med fire løpebaner rundt og seks felt på oppløpssida, ein halvmåne for lengde, høgde og kunststoffdekke. Eit sentralt element for friidretten er å legge undervarme i ei av rundløpebanene., og her har Mardal rør og Henden Elektro utarbeidd eit forslag til teknisk løysing med vassbåren varme. Vi har også inne ei vassgrav på utsida av løpebana opp mot Firda, for å kunne trene for hinderløp. Og ikkje minst flomlys. Lys er også ein føresetnad for å få spelemidlar for ny kunstgrasbane. Planen er å bygge ei kunstgrasbane med fulle mål og med beste tilgjengelege og funksjonelle miljøløysing. I halvmånen opp mot Firda er det planlagd nærmiljøanlegg for eigenorganisert aktivitet for born og ungdom, mellom anna parkor, treningsapparat og ei trampoline.  Det er også planlagt ei enkel tribune på langsida. 

- Når tid kan dette flotte anlegget stå ferdig? Vi har ein ambisjon om å få sendt søknader om spelemidlar i januar, og då kan vi starte bygginga i løpet av 2020 og ha anlegget klart i 2021. Men dette er ambisiøst og krev at kommunestyret set av tilstrekkeleg med midlar i budsjettet no i haust.

- Kva skjer dersom kommunestyret ikkje finn midlar for Idrettsplassen i haust? Då går nok lufta ut av prosjektgruppa. Vi har jobba med dette i over eit år, og har skapt ei brei samling av ulike aktørar som alle vil ha fram prosjektet og er villig til å legge ned stor dugnadsinnsats for å få det til. Spesielt STIL fotball har mange kompetente folk som har bygd anlegg tidlegare, så vi håpar og trur at kommunen ser verdien av å støtte dette initiativet no i haust. Eit vektig argument er også at Firda vgs er tydeleg på kor viktig ei snarleg opprusting av Idrettsplassen er for å styrke og vidare utivkle deira tilbod som studiestad i Vestland.  

Fantastisk kjekt og lovande, GFIL føl saka tett og ønskjer prosjektgruppa lukke til i arbeidet med å få realisert eit etterlengta anlegg i kommunesenteret.