GFIL førebur seg til mesterskap

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Jun 2021

Etter eitt år med koronarestriksjonar og amputerte meisterskap ser det no ut til å bli både junior-og ungdoms-NM etter vanleg mønster. Det betyr at junior-NM vil bli arrangert for 15-19 år(U20) og 20-22(U23). Meisterskapen går på Askøy siste helga i juli og vi har fleire som allereie har klart kvalifiseringskravet.

I den yngste klassa har desse GFIL-arane klart kravet:

Mathias Reksten Dale(18). Gullfavoritt i kule der han toppar juniorstatistikken med 16,28 denne sesongen. Er også kvalifisert i diskos.

Tobias Fuglestrand(18) Debutant på 5000 m der han klarte kravet med ca. 10 sekunds margin på Sparebankleikane med 16.19,71. Tobias har trena sysematisk og godt denne sesongen og har senka persen frå i fjor med ca. 1,5 minutt! Målet på NM blir å senke persen ned mot 16 blank!

Leif Magnus Grov Husevåg(16) Debutant i slegge. Han må kaste med 6 kg slegge på Askøy, Tung slegge for ein som i fjor kasta med 4-kilos slegge og som no er i ferd med å tilpasse seg til 5-kilo, som er vekta for hans årsklasse. Han har kvalifisert seg med 42,64 med 6-kilosslegga, kvalifiseringskravet er 40,00. Han vil kunne kjempe om ein 5.-6 plass.

Emilie Engelbrektson(16). Debutant på 100 m men ny pers denne sesongen på 12,98. Det er første gong på 15 år at ei GFIL-jente har sprunge 100-meteren på 12-talet! Kvalifiseringskravet på 13,20 klarte ho både i 2019 og 2020, men koronareglar hindra ho i å få vere med i fjor og i 2019 var ho eitt år for ung. 

I tillegg må nemnast at Gullisara Panyarat Dyrnes(15) er ca. 2 tidelar frå kravet på 100 m, eit løp i god temperatur og lett medvind vil også ho kunne klare kravet. 

I U23-klassen stiller vi med to sleggekastarar, Håkon Hjelle Roset(21) og Kristen Brosvik(21), dei vil kunne kjempe om bronsemedaljen.



Thomas Mardal tok gull i slegge i den amerikanske studentmeisterskapen NCAA

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Jun 2021

Thomas sette eit verdig punktum på USA-opphaldet med å vinne sitt andre NCAA-gull, denne gongen i slegge. Meisterskapen vert avvikla i Eugene, Oregon, der også VM skal gå i 2022. Det vart igjen ny flott pers, denne gongen med 76,74, ei forbetring på  vel halvmeteren frå 76,18. Kviterussaren Gleb Dudarev vart nr. to med 74,53. Thomas er einaste nordmann som har vunne to gull i denne prestisjefylte meisterskapen. Resultatet er berre 76 cm frå direktekravet til OL, så han var gså veldig nær å sikre seg Tokyo-tur med dette kastet. Vi gratulerer Thomas med eit strålande resultat og ønskjer han vel heim etter 4 suksessrike år i Florida. Gloppen Fil gratulerer så mykje !



Thomas Mardal med kjempekast i slegge i sesongopninga!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Apr 2021

Thomas held fram med kjemperesultat i kastringen, i kveld sette han ny krinsrekord i slegge med  heile 75,77 under åpningsstemnet Florida Realys  Dette er ei forbetring av gamlepersen med 1,5m og Thomas er no nr 2 i Noreg gjennom alle tider bak Eivind Henriksen. Med dette resultatet går Thomas rett opp på 10.plass på verdsstatistikken for 2021. For ordens skuld: OL-kravet er 77,50 for direktekvalifisering, men det er 32 deltakarar som får plass i OL.  Thomas hadde eitt kast til over kamlepersen, det målte 74,67

GFIL gratulerer med den flotte sesongopninga.



Klubbkveld på "Sporten" torsdag 25 mars 1800-1930 !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Mar 2021

Klubbkveld for Gloppen Friidrettslag.

 

INTERSPORT SANDANE

Vi inviterer til ein klubbkveld for medlemmane i GFIL

Torsdag 25.mars kl 1800-1930 i butikken.

Tilbod denne kvelden vert:

25% på jogggesko og klubbkolleksjon.

20% på øvrig sortiment i butikken(unntatt elektronikk)

Mange varer frå 50%

Hjertelig velkommen.

Helsing oss på Intersport.

 

 



Tomas Mardal med ny norsk innandørsrekord i vektkast!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Feb 2021

Thomas Mardal sette ny norsk innandørsrekord i vektkast då han tok gull under SEC-meisterskapen i friidrett i Arizona, USA, i kveld med resultatet 24,16. Den gamle rekorden frå 1984 er no historie! Thomas forbetra persen sin med over 1 meter, han hadde to kast til over 24 m. Thomas er no inne i sitt avsluttande studieår ved universitetet i Gainsville, Florida, men før han kjem heim til sommaren skal han gjennom fleire spennade konkurransar i slegge, med den amerikanske studentmeisterskapen i juni som høgdepunktet. Den flotte framgange i vektkast denne vinteren peikar mot lange sleggekast når sesongen startar i april. Thomas har ein vektkastkonkurranse igjen, det er den amerikanske studentmeisterskapen om 2 veker. Det må og nemnast at Thomas også sette ny meisterskapsrekord for SEC-meisterskapen(South Eastern Conference) og samtidig ny universitetsrekord for universitetet i Florida. Gloppen fil gratulerer med fantastisk resultat og vi gledar oss til sommarsesongen !



Thomas Mardal er i rute til 2021-sesongen!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Feb 2021

Thomas sesongdebuterte innandørs i kveld i South Carolina Invitational i vektkast, han slo like godt til med 1. plass på ny flott pers 23,14.  Gamlepersen på 22,89 var frå South East Conference(SEC) meisterskapen i februar 2020 der han tok gull. Dessverre kom korona og sette ein stoppar for den nasjonale universitetsmeisterskapen(NCAA) i fjor, men i år ser det lovande ut. Her er han ein naturleg medaljekandidat, kanskje kan han også lukte på den norske innandørsrekorden på 23,94. Den rekorden vart sett av Tore Johnsen, Minerva, i 1984!

Thomas er i god trening framfor 2021-sesongen utandørs, han skal ha sin første konkurranse i april, kanskje startar han med pers i første stemne i slegge på same måte som i vektkast.