Rapport frå treningsleiren på Alfamar i Portugal !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Apr 2015




18 aktive friidrettsutøvarar, 8 leiarar/trenarar har vore på treningsleir på Alfamar sidan tysdag 31 mars. Vi har endå ei veke att av opphaldet før vi vender nasa heimover søndag 12 april. Her har vi tilgang på alle treningsanlegg rundt hotellet der vi bur. Friidrettsbane, eigen kastarena med 4 diskos/sleggeringer, stort vektrom til frivektsløfting og milevis med stier og grusvegar. Det er eit eldorado for friidrett. Vi har det kjempefint her og alle kosar seg. Her er mange nasjonar samla og sjølvsagt andre norske klubbar. Vi har hatt jamt rundt 20 grader og blitt solbrende. Litt støle er vi og blitt etter mange løpemeter og mange kast, men det er no slik det skal vere :) Treningsresultata lovar det aller beste for sesongen.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline