Diskos i Halle i Tyskland og 3000m i Florø laurdag 16 mai

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Mai 2015

Thomas Mardal debuterer internasjonalt i diskosringen i Halle. Målet er EMU20 kravet med 1,75kg diskosen på 53,80m. Han kastar 1145. Vi ynskjer lukke til og er "online" så følg med på sidene.

Det blir ein kjekk opplevelse å få vere tilstades på Førde -Florø kampen i mårå på sjølvaste 16 mai. Rune Osa har organisert 3000m i pausen på kampen. Starten på 3000m går ca klokka 1645. Marius Vedvik og Sondre Moen er primus motor for opplegget som er glimrande reklame for friidretten. Det skal går fort. Kanskje vi får sjå sju talet på dei fremste!. Frå GFIL stiller med Vincent Sondre Førde og Jon Rolf Skamo Hope - frå Jølster stiller Eivind Øygard og Matias Førde. Vi veit kva desse karane er gode for så det blir spennande.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline