GFIL langerma treningsskjorte til salgs !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 17. Sep 2016

I vår fekk vi på plass ein GFIL Team Extra skjorte til dei som greidde Nm og JrNm kravet. Ei skjorte som var litt eksklusiv. Den vil vere til utdeling etter kvart som utøvarar greier krava til meisterskapa. No har vi ei liknande skjorte i salg. Den har ikkje Team Extra profilering og er i ein annan farge - lys blå. Den profilerer alle sponsorane til liks med den andre. Skjorta vert å få kjøpt for kroner 350,-. Alle størrelser er tilgjengelege både i dame og herre. Alle trenarar, leiarar, aktive og støtteapparat elles kan kjøpe skjorta. God profilering . Kvalitetsprodukt frå vår klesponsor Craft. I mange år no har vi delt ut gratis både hettejakker, overtrekksjakker, kvite t-skjorter og no sist Team Extra skjorta. Dette for å syne godt igjen og sikre god profilering. Vi har lukkast med dette og sikrar for tida gode langsiktige avtaler med alle våre sponsorar. Håpar dette siste tilskotet på klesfronten fell godt i smak. Ta kontakt med Nils Ove (41415380) eller Birgith(91714425) så har du skjorta før du veit ordet av det.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.