Fin kveld på Gloppen Hotell

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Nov 2016

Ei solid historie vart presentert på Gloppen Hotell i dag." Laks, Lordar og Lokalmat" er boka som fortel om Sivertsens og Gloppen Hotell gjennom 150 år. Gloppen fil har i 22 år hatt eit godt samarbeid med Gloppen Hotell og vi er stolte av å vere på same lag. I starten var det plenslått og rydding rundt hotellet, dei seinare år har det vore forskjelleg dugnadsarbeid. For ikkje å gløyme alle dei gode måltida under treningssamlingar og klubbkveldar. Vi har aldri gått svoltne heim! På bilete ovanfor ser du Preben, Dag-Håkon og forfattar Ove Eide i lag med Ole Bent Søreide som representerer Gloppen Friidrettslag denne kvelden.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.