Gratulerer Gloppen med eit flott JrNM !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 20. Aug 2015

Etter lang tids førebuing både av dei aktive, leiarar og arrangørar kunne ein endeleg starte på JrNm på heimebane. Byrkjelo stadion synte seg fram frå si beste side denne helga. Eit flott anlegg som var strigla til norges fremste juniorar. Eit framifrå funksjonærkorps under myndig leiing av Knut og ein uvurderleg Jørund i "hjertet" av arrangementet. Vi har ei flott ramme i den storslåtte naturen vår. Ungdomane stogga opp og tok bilder av anlegg og natur og fekk med seg minner for livet.

Gloppen har eit særs aktivt friidrettsmiljø og var under Nm representert med 8 utøvarar. 4 løparar og 4 kastarar. Alle innfridde ut frå eigne målsettjingar og presterte optimalt ut frå det ein kunne forvente. Betre kan det ikkje bli! 5 medaljar til Gloppen er fantastisk - 2 gull, 1 sølv og 2 bronse. Det tyder på at vi gjere mykje rett og vil fortsette treningarbeidet i den retning vi har staka ut vidare. Alle er hjerteleg velkomne på trening og vi tilrettelegge på alle nivå.

Byrkjelo stadion er viktig for Norsk friidrett. Difor vedtok GFIL på forrige årsmøte å delta i ei arbeidsgruppe for utbygging/rehabilitering av Byrkjelo stadion. Dette for å sikre at anlegget også i framtida kan vere eit toppanlegg for friidrett. Åra set sine preg på bana allereie. Det vil vere svært viktig for friidretten at anlegget kjem inn i kommunale planer. No vert Flora stadion utbygd med 8 baner framfor neste sesong. Det er viktig at Byrkjelo stadion føl med i tida og at neste generasjon aktive og arrangørar har eit anlegg som er oppgradert.

Til lukke med vel gjennomført arrangemet !

Nils Ove Roset

-leiar Gloppen friidrettslag-




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.