Vincent prioriterer skule framover !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 3. Jan 2018

Vincent Sondre Førde gjekk ut frå Firda Vgs våren 2017. Tre år på Firda saman med Gloppen Fil resulterte i JrNM Gull og to JrNM  bronser på 3000mh U20 , samt JrNM meisterskapsrekord U20, Juniorkrinsrekord U20 i Sogn og Fjordane , juniorlandskamp i 2016 og Hoved Nm – to fjerdeplasser.

Saman med Matias Førde frå Jølster danna dei eit flott team desse tre sesongane og fleire rundt dei tykte at det vart kjekt å springe litt lenger. Mange gode økter og flotte opplevingar på idrettsbana. No har Vincent skreve litt om planane framover, der har dessverre ikkje toppfriidretten fått plass. Viktigaste av alt er at Vincent har hatt tre gode år med friidretten, ein idrett han overhode ikkje hadde hatt kontakt med før han flytta til Gloppen. Vi ynskjer lukke til utover vinteren og sommaren med rekrutteringsarbeidet i Svelgen og heimeklubben Svelgen T&IF.

Les kva Vincent sjølv skriv under bildet !

Akkurat no bur eg i Svelgen og jobbar for det meste som lærar/assistent på skulen, og delvis på omsorgssenteret. Pengane som eg eigentleg skulle ha spart til utdanninga mi, brukar eg på å reise forskjellige stadar i verda. Planen min framover er å ta ei kiropraktorutdanning i England, Bournemouth. Dersom eg fyller alle krava vil eg kunne hoppe over det første året av utdanninga, altså ein 4-årig masterutdanning. Visst eg ikkje klarar dette, blir det 5 heile år i England.

  Eg held meg framleis i form, men som dei fleste kanskje har fått med seg, har eg lagt opp som toppidrettsutøvar. Likevel har eg bestemt meg for å melde overgang til Svelgen TIF for å vise min støtte for klubben, og for å kanskje vere med på stafettlaget, men ikkje så mykje meir enn det. Eg saknar sjølvsagt Sandane og ikkje minst GFIL, og eg skal sørge for at eg held kontakt framover. Eg har blant anna lovd Nilsen ein langtur i nærmaste framtid, så blir ikkje lenge til eg tar turen innom Sandane igjen.  




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.