Steinar Kleppe har slått seg til ro i Naustdal !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Jan 2018

I vår serie om våre utøvarar er turen komen til vår sølvvinnar i slegge, Steinar Kleppe. Han har slått seg ned med familie i Naustdal og kan no lett finne topp styrketreningsforhold i Tambar miljøet. Om han ynskjer er det ikkje lange turen til Loggane der vi kastar året rundt.

Les kva Steinar skriv:


Eg jobbar og bur i Naustdal og trivast veldig godt her.  Jobben som geolog i Nordic Rutile er veldig krevande, men utruleg interessant og utviklande.  Har nettopp flytta inn i nytt hus i Naustdal, og i det høvet er det veldig mykje å gjere, men det er no kjekt det og.  Når det gjeld treninga er det ikkje like bra.  Trente godt fram til oktober, men då tok det seg opp både på jobb og på heimefronten, og treninga var satt til sides.  Dette er sånn sett etter planen då eg prioriterar jobb og familie framfor idretten.  Hadde første økta med knebøy og markløfta på to månedar no, så no skal eg bli god og mør i dei kommande dagane.  Når det gjeld 2018-sesongen får vi rett og slett sjå… Per i dag blir det rett og slett som det blir.  Skal nok alltids komme meg i ringen til NM på heimebane, men om det blir seriøst, halvhjerta eller nødløysing får vi sjå når snøen tinar og det eventuelt begynner å klø litt i sleggefoten. 

Sportsleg helsing

Steinar K 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.