Kristin Roset - ny redaktør av bladet Friidrett

Postet av Gloppen Friidrettslag den 7. Mar 2018

Magasina SKIsport og Friidrett blei kjøpt opp av selskapet Media Digital i fjor haust. Eg starta som redaktør for førstnemnde i september, og sistnemnde 1.mars. Eg er veldig takknemleg for å kunne jobbe med akkurat dei to idrettane eg likar aller best, og skal gjere det eg klarar for å gje ut interessante magasin. Eg veit at dokke elskar friidrett, og difor ynskjer eg svært gjerne å få gode tips til saker framover. Dei kan sendast til kriroset@gmail.com

Friidrettsmagasinet kjem ut med fire utgåver i året, men eg håpar å få endra dette til fem neste år. Følelsen for at det skal gå i orden er god.

Som gammal friidrettsutøvar er det viktig for meg å få ut mest mogleg om ståa i dagens friidrett. Treffe profilane, klubbane, trenarane, være på arrangement og følgje med på det som skjer. Det er sjølvsagt ikkje like lett å være 100% aktuell då magasina kjem ut så pass sjeldan, men målet er å vinkle sakene så spennande og aktuelle som mogleg.

Mi erfaring som journalist går tilbake til byrjinga av 2000 talet, så det har blitt ein del jobbing bak tastaturet, mange kjekke sportslege møter og eg har opparbeida eit stort idrettsleg nettverk. Til dagleg bur eg på Lillehammer, vinterbyen av alle, men også ein plass kor det er flott å utøve friidrett. Eg kjem til å jobbe herifrå, men bilen blir nok brukt ein god del meir, med tanke på ansvaret eg har fått for to magasin.

Neste veke skal eg i møte med Norges Friidrettsforbund i håp om å få til eit betre samarbeid. Det trur eg kan bli svært nyttig for innhaldet i Friidrett. Eg ser iallfall nytten av det gode samarbeidet vi har med Norges Skiforbund i forbindelse med SKIsport.


Kristin Roset  




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.