Thomas kastar for kvalifisering til Nationals i kveld!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Mai 2018


Thomas Mardal er på plass i Tampa/Florida, og skal i kveld prøve å kvalifisere seg for Nationals om 14 dagar. NCAA preliminery er eit reint "amerikansk uttak", der dei 45 beste frå "east" i USA møtast (det same skjer i "west"), for å kjempe om 12 plassar til Nationals. Den konkurransen går av stabelen i Eugene/Oregon, på same bane som det veldkjende Diamond League-stevnet vert arrangert, og som i 2021 skal arrangere VM! Det skjer om 14 dagar.

Konkurransen blir knallhard, då 11 av dei som møtest i Tampa alt har kasta over 70 m denne sesongen! Normalt vil 68-69m halde til å kvalle, og det er lengder som Thomas har kasta i alle sine konkurransar denne sesongen. Det som allikevel er litt spesielt, er at dei kun får tre kast, slik som er vanleg i kvallik-runda i eit meisterskap.

Det er totalt tre puljer, der den fyrste startar kl 08.45 lokal tid (14.45 norsk tid), og Thomas er i pulje 3. Det er vanskeleg å seie nøyaktig kortid han då skal i elden, men truleg går det 45-60 min per pulje, så truleg er han i sving ca 16.30 norsk tid.

GFIL ynskjer Thomas lukke til under Preliminary, og kryssar fingrane for at vi har ein deltakar i Nationals i Eugene om 14 dagar!

Du kan følgje med på liveoppdatert resultatservice via denne linken




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline