Thomas nordisk U23-meister med ny mesterskapsrekord; 72.81m!

Postet av Nils Ove Roset den 11. Aug 2018


Thomas Mardal vart i dag nordisk-baltisk meister i slegge i Gävle, Sverige! Det var på førehand spådd å bli ein tøff konkurranse, då fire av deltakarane har kasta over 70m denne sesongen. I 1.omgang kasta Thomas 70.33m, noko som trenar Jørund Årdal karakteriserte som "eit misslukka kast". I 3.omgang auka Thomas til fine 71.47, før han i siste omgang fekk opp eit kjempekast på heile 72.81m! Dette er ny personleg rekord og krinsrekord, i tillegg til ny meisterskapsrekord! Eivind Henriksen hadde den gamle på 72.36m.

Thomas vann konkurransen suverent, sølvmedaljevinnar Kangas frå Finland kasta 68.84m, mens bronsemedaljen gjekk til Jóhnsson frå Island med 68.32m (han var forøvrig VM-deltakar i London`2017).

GFIL gratulerar med fantastisk resultat, og vi ser fram til diskoskonkurransen i morgon, der persen på 52.97m lever farleg!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline