Gloppen Friidrettslag - NM deltakarar på Byrkjelo 2018

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Aug 2018

NM 2018 - bli kjend med Gfil-troppen her.

For første gong stiller GFIL utan deltakarar i løp eller hopp i NM, til gjengjeld har vi mange sterke kastarar som vil prege resultatlistene. Likevel er Merete Helgheim vår sikraste gullkandidat, ho held sitt stabile nivå og vil truleg gå inn til ei tid rundt 14 blank på 3000-meteren.

  I slegge har vi med fire i herreklassa og to i dameklassa. Thomas Mardal med fersk pers og krinsrekord på 72,81 er sølvkandidat bak EM-finalist Eivind Henriksen. Nivået er høgare enn i noko tidlegare NM, vi vil truleg for første gong sjå to herrar kaste over 70 m! Evald Osnes Devik ligg godt an i bronsekampen, etter to sure fjerdeplassar er den hans tur til å stige opp på pallen.  Steinar Kleppe med tre strake NM-sølv må sannsynlegvis bite i graset for Evald denne gongen. Hans Sande vil kunne kjempe om 6.-plass med kast rundt 55-56 m.

Trude Raad og Marte Rygg Årdal deltek i kvinneklassa, Trude har lyst på gullet, men Beatrice Llano vil nok prøve å ta heim sitt 4. gull på rad. Gullkampen vil stå på lengder rundt 65 m. Marte vil kunne kjempe om 4.-plassen med kast rundt 55 m.   I diskos har vi med Else Lundestad Bakkelid og Marit Årdalsbakke. Denne øvinga er veldig open, det er fem-seks jenter som vil kjempe om medaljene, blant desse er Else. Medaljenivået ligg på 47-50m, lengder som Else har kapasitet til.

I spyd har vi med ein debutant, Simon Hjelle Lidal. Han har hatt fin utvikling dei to siste sesongane og skal for første gong måle krefter med alle dei beste. Med eit bra kast rundt persen på 60 m vil han kunne klare ein 7.-8. plass  

For ytterlegare info kontakt Jørund Årdal 41631280




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline