På slutten av året !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 21. Des 2018




GODT NYTTÅR

Juleferie betyr mange treffpunkt med våre aktive som bur vekke. Det er utruleg kjekt å ha den gode praten med kvar og ein, både dei som bur i utlandet og dei som oppheld seg i heimlandet. GFIL har i alle år greidd å halde på utøvarane sine gjennom heile den aktive karrieren. Den nære kontakten er avgjerande uansett, det er tilrettelegging i praksis og er den beste løysinga over tid. Vi opplever at utøvarane er stolte av kommunen og klubben, det er veldig kjekt. Det er sjølvsagt avgjerande at vi har eit knippe trenarar og leiarar som tenker toppidrett.

Det er svært inspirerande å oppleve felleskap og engasjement til det beste for idretten. Kvar ettermiddag har vi treningar og aktivitet både for dei som berre er med for moro skuld og dei som er topputøvarar - det er ikkje få timar det går med . Og vi gjere det alle med glede. Utøvarane er i fokus og alt vi trenarane gjere er for at utøvarne skal få det betre. Som trenar og styreleiar er det ikkje berre direkte sportslege aktivitetar støtt. Tilrettelegging betyr også at Gloppen må utvikle seg på anleggsfronten.  Eg sikta då til gloppeidretten sitt kanskje viktigaste prosjekt på lang tid, Idrettsplassen. Foruten det daglege sportslege er dette noko av det kjekkaste vi som idrettsleiarar har bidratt med å få på eit rett spor. No er ei samla styringsgruppe beståande av skule/idrett samde om prosjektet. Idrettsplassen skal rehabiliterast som fort som mogleg. Firda Vgs og STIL er sentrale i styringsgruppa og er klare på at det hastar. Kommunen med teknisk etat i spissen har vore fantastisk imøtekomande og har fått sjekka grunnforholda i bana samstundes som der har vore gravearbeid på bortre langside. Ein kan få utretta så utruleg mykje når alle drar i same retning. Det blir ei spennande tid framover.  Tenk på at heile kommunen sine elevar i grunnskule og vidaregåande (ca 700 !!) endeleg får ein utandørsarena for fotball og friidrett og truleg også andre aktivitetar like i nærleiken. Og det kan nyttast heile året på dagtid og kveldstid. Friidretten gledar seg verkeleg – om få år kan vi trene alle øvingar i kommunesenteret. Idretten vår kan drive skikkeleg rekrutteringsarbeid til liks med dei andre idrettane. Det blir verkeleg kjekt å starte 2019 med slike forutsetningar og giv inn i framtida.

Ei anna gledeleg melding er at GFIL har bestemt seg for å stille juniorlag for herrar (15-22) på Holmenkollstafetten laurdag 11 mai 2019. Her er mange i kommunen som er godt trente , ikkje berre friidrett , som lett greier en krevjande etappe på Holmenkollen. 15 motiverte juniorer er allereie på papiret og fleire veit vi om. Vi har tinga overnatting og har starta å skaffe lagleiarar.  Stafett er alltid kjekt men kreve god planlegging og godt samspel. Dette er vi gode på og gleda oss til maihelga i byn. 

Komande sommar går dei norske mesterskapa på Hamar, Sigdal og Jessheim, U23EM i Gävle, U20EM i Borås og VM i Doha. Spennande å sjå kor mange som greier krava. No er vi i planleggingsfasen til årets treningsleir i Portugal, eit høgdepunkt før sesongen starter. Kjekt å vere ein del av eit slikt positivt miljø, der ein ikkje ser problem men berre muligheter.

Til slutt må vi berre nevne at det er gått to år sidan vi saman med Firda Vgs påpeika manglane med vektrom, høgdetilløp, løpebana , lengdegrop og utstyr etc i Trivselshallen. To år er lang tid utan at vi på nokon måte er informert om evt tankar om framdrift. Dette må vi ta att på nyåret og satse på at langsiktig arbeid mot målet også her gjev resultat. Det nyttar aldri å gje opp.  

Vi takker for eit flott år for friidretten og sender stor takk til våre aktive, trenarar, foreldre, styre og sponsorar som gjev klubben identitet og spreier «Gloptimisme».

Heilt i starten på nyåret, allereie 3-6 januar er jr.landslaget i kast på samling i Oslo. Ein av våre lovande hinderløparar i ungdomsklassen er på Tenerife med Landslina i Friidrett på Steinkjær, alle våre unge aktive i Sogn og Fjordane er i Ulsteinhallen i regi av kretsen. Thomas reiser tilbake til USA 7 januar og starter innandørssesongen med Vektkast . Det blir spennande å følge med utover. 

Takk for i år !

NOR


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline