Idrettsplassen - tid for handling

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Okt 2019


Innspel om å prioritere opprusting av Idrettsplassen på Økonomiplanen for 2020 – 23

GFIL har tidlegare skrive om planane som er lagt for ei opprusting av Idrettsplassen, med nytt friidrettsanlegg og kunstgrasbane. Alle er samde om at det må gjerast noko med Idrettsplassen, men førebels har det blitt med snakk og planar. I det daglege ser vi Idrettsplassen ligg der i elendig forfatning, men der det er lagt eit flott grunnlag med elveførebygging og drenering langs elva. Vi har prata med prosjektleiaren for opprusting av Idrettsplassen Stig Svalheim, som også er leiar i STIL si friidrettsgruppe, for å få ei oppdatering av kor prosjektet no ligg an. 

- Vi har store forventningar til at det vert sett av midlar til ei opprusting av Idrettsplassen i den kommunale økonomiplanen som skal vedtakast no i haust. Det er Gloppen kommune som eig Idrettsplassen, og som må gjere vedtak om at dei no vil prioritere eit slikt prosjekt. Fleire av dei politiske partia ga si tilslutning til prosjektet i valkampen, og vi reknar med at det no vert fulgt opp med handling og pengar i budsjettet.

- Kva beløp er det snakk om? Kostnadsestimatet for full opprusting er på 13,5 mill kr. Vi legg opp til ei tredeling mellom kommune, spelemidlar og bidrag frå idretten inkludert sponsormidlar, gåver og dugnadsinnsats. For kommunen sin del er det altså snakk om 4,5 mill kr.

- Kan du seie litt meir om innhaldet i planane? Planen er ein friidrettsdel med fire løpebaner rundt og seks felt på oppløpssida, ein halvmåne for lengde, høgde og kunststoffdekke. Eit sentralt element for friidretten er å legge undervarme i ei av rundløpebanene., og her har Mardal rør og Henden Elektro utarbeidd eit forslag til teknisk løysing med vassbåren varme. Vi har også inne ei vassgrav på utsida av løpebana opp mot Firda, for å kunne trene for hinderløp. Og ikkje minst flomlys. Lys er også ein føresetnad for å få spelemidlar for ny kunstgrasbane. Planen er å bygge ei kunstgrasbane med fulle mål og med beste tilgjengelege og funksjonelle miljøløysing. I halvmånen opp mot Firda er det planlagd nærmiljøanlegg for eigenorganisert aktivitet for born og ungdom, mellom anna parkor, treningsapparat og ei trampoline.  Det er også planlagt ei enkel tribune på langsida. 

- Når tid kan dette flotte anlegget stå ferdig? Vi har ein ambisjon om å få sendt søknader om spelemidlar i januar, og då kan vi starte bygginga i løpet av 2020 og ha anlegget klart i 2021. Men dette er ambisiøst og krev at kommunestyret set av tilstrekkeleg med midlar i budsjettet no i haust.

- Kva skjer dersom kommunestyret ikkje finn midlar for Idrettsplassen i haust? Då går nok lufta ut av prosjektgruppa. Vi har jobba med dette i over eit år, og har skapt ei brei samling av ulike aktørar som alle vil ha fram prosjektet og er villig til å legge ned stor dugnadsinnsats for å få det til. Spesielt STIL fotball har mange kompetente folk som har bygd anlegg tidlegare, så vi håpar og trur at kommunen ser verdien av å støtte dette initiativet no i haust. Eit vektig argument er også at Firda vgs er tydeleg på kor viktig ei snarleg opprusting av Idrettsplassen er for å styrke og vidare utivkle deira tilbod som studiestad i Vestland.  

Fantastisk kjekt og lovande, GFIL føl saka tett og ønskjer prosjektgruppa lukke til i arbeidet med å få realisert eit etterlengta anlegg i kommunesenteret.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.