Idrettsplassen - støttebrev frå klubbar i Indre Nordfjord

Postet av Gloppen Friidrettslag den 29. Okt 2019

Gloppen kommune v/ordførar

 

Sak : Opprusting av idrettsplassen på Sandane.

 

Vi er kjende med dei planane ei eiga prosjektgruppe har lagt fram når det gjeld  opprusting av m.a. friidrettsanlegget på Sandane. Klubbane i Indre Nordfjord vil herved støtte desse planane fullt ut og i dette brevet peike på kor viktig ei snarleg realisering av desse planane er ikkje berre for Gloppen, men for heile friidrettsmiljøet i Nordfjord og i Sogn og Fjordane.

Dei svært aktive klubbane i nærområdet ; Sandane, Fjellhug/Vereide, Brodd og overbygningsklubben GFIL treng eit treningsanlegg og eit anlegg for «mindre» konkurransar i friidrett. Like ved anlegget har vi dessutan barneskule, ungdomsskule og Firda vidaregåande skule. Firda har idrettline der friidretten er ein sentral satsingsidrett. Anlegget ligg derfor midt i smørauget og vil ved modernisering kunne få ein veldig høg bruksfrekvens. Opprusting er derfor svært viktig både for rekruttering og for vidareutvikling av utøvarar.

Friidretten i Gloppen har vore og er eit fyrtårn for heile Sogn og Fjordane. Olden, Stryn og Vikane har eit nært samarbeid med GFIL og heile friidrettsmiljøet i kommuna. Vi har gjennom fleire år sendt våre utøvarar på treningar på Byrkjelo, på Sandane og på Loggane og har nytt godt av den store friidrettskompetansen som finst i Gloppen. Våre utøvarar har og fått lov å delta på treningssamlingar i utlandet organiserte av GFIL. Eg vil seie det så sterkt at utan den kompetansen som finst i Gloppen  og utan den samarbeidsviljen leiarar og trenarar i kommuna har vist, hadde vi ikkje nådd dei topp nasjonale og til dels internasjonale resultata vi no kan vise til

For alle som arbeider med friidrett er tenlege anlegg i nærområdet heilt sentralt. I idrettslaga i Gloppen finst det leiarar og trenarar som har stått på i veldig mange år, og som nemnt har desse vore flinke til å samarbeide med og dele kunnskapen sin med oss som representerer små lag og ikkje alltid har den kompetansen som trengst for å utvikle utøvarar til eit høgt nivå. Vi forstår veldig godt den frustrasjonen som breiar seg når Sandane pr. i dag ikkje har dei treningsfasilitetane utandørs som er nødvendige for å halde ved like og vidareutvikle friidretten i Gloppen.

Vi «inn i fjorda» håpar derfor at Gloppen kommune set av midlar til prosjektet i den kommunale økonomiplanen som etter det vi forstår skal vedtakast no i haust. Det fortenar verkeleg det gode, framtidsretta og samarbeidsviljuge friidrettsmijøet i Gloppen.

 

Mvh

Hans-Petter Galtung                               Leiv Arne Egset                             Jarle Lødemel

(trenar friidrett i Olden IL)                      (leiar i Olden IL)                            (leiar av friidrettsgr. og

                                                                                                                              trenar i Stryn T&IL)


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline