Godt nyttår !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Jan 2020

I juleferien har klubben vore i arbeid både på Coop Extra og her hjå Retura Nomil. Våre sponsorar er avgjerande for kva vi kan tilby våre aktive, difor er det svært viktig for oss å gje tilbake så mykje vi kan på fleire felt.


Eit flott friidrettsår er over og eit nytt står like snart for døra. Allreie komande helg er jr.landslaget i Kast samla på TIS. Der møter 17 år gamle Matias Reksten Dale og skal innleie sesongen 2020 med ein kulekonkurranse fredag  i Rudhallen i Bærum. 

Kort oppsummert var 2019 eit aktivt år på alle hold, utviklingsmessig eit stor steg i rett retning. Det har utan tvil vore eit sakn å ikkje ha Thomas i aksjon, men då var vi heldige å ha Evald i betre form enn nokon gong. Gratulerer nok ein gong med Nm sølvet Evald! No er Thomas tilbake i trening og det blir spennande kva både han, Evald og dei andre, både juniorar og seniorar kan få til i 2020.  Nokre lukkast medan andre må lege skader, det er slikt som gjere idretten fasinerande. JrNm 2019 var det svakaste i Gfil historien og bar preg av at friidretten ikkje greier å få unge aktive inn på friidrettsarenaen. Vi har sett utviklinga lenge, og har lagt mykje i det langsiktig arbeidet mot  betre treningsvilkår.

 

No har ikkje kommunesenteret hatt tilfredstillande uteanlegg i 12-15 år , som i praksis har ført til at svært få har fått opplæring eller stimulering til friidretten der det bur mest folk. Som trenarar har vi kjempa knallhardt for å halde på miljø og nivå med eit berettiga håp om å få til framtidsretta treningsarenaer både inne og ute. Det må aldri vere tvil i nokon miljø at vi jobbar målretta med saker for å løfte friidretten. Alle veit at Byrkjelo Stadion ligg der som eit smykke i den lyse årstida, men vi vert ikkje betre idrettsutøvarar å berre trene på sommaren.  Utan heilårs kastanlegg på Loggane hadde friidretten i Gloppen vore heilt uttørka resultatmessig, men vi har også eit inderleg ynskje om å få fram både løparar og hopparar. Difor er kvalitet på anlegg og tilgang til anlegg når ein har behov heile året  avgjerande, det er Loggane eit synleg bevis for. 

 

No har vi til de grader endeleg lukkast med å få vedteke ny Idrettsplass, det betyr alt for framtida for friidretten at dette heilårs uteanlegget kjem i 2021. Det har vore jobba langsiktig med dette sidan etter JrNM 2015 på Byrkjelo. Det har vore ei sann glede å samarbeide med positive og framtidsretta idrettsleiarar, og etterkvart også skuleleiarar og kommuneleiing. Spesielt kjekt at så mange unge foreldre vil vere med å hjelpe til i prosjektet.  Eit grunnleggande ynskje om å tilrettelegge for aktivitet ligg i botnen med alle som er involvert, så vil vi i tida framover gjere prosjektet godt kjent hjå alle i heile kommunen. 

 

Vi har også jobba langsiktig sidan 2016 med å få betre innandørs treningsforhold i Trivselshallen utan å lukkast. Tida vil vise om ny organisering gjev mulighet for påvirkning i positiv retning. Alt tar uansett tid, og det er då særdeleg viktig at der alltid er einkvan som held tråden og aldri gjev opp. I friidretten har vi mange slike og alle fortener ei stor takk. Takk også til alle som støttar oss år etter år, utan våre trufaste sponsorar, annonsørar og andre støttespelarar kunne vi ikkje oppretthelde tilbodet vårt. Vi møter så utruleg mykje velvilje rundt om, det er slikt som gjev energi til å halde fram og gjer det meste lett å handtere. Godt nyttår.

N.O.R

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.