TAKK FOR 22 ÅR I STYRET, OLE BENT

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Mar 2020

I går kveld, tysdag 10. mars avvikla GFIL årsmøte på SFE kantina i Bukta. 27 personar møtte fram og fekk framlagt ei fyldig årsmelding, og eit rekneskap i pluss. Vi er stolte av at klubben vår har hatt eit stabilt styre i mange år. Det har synt seg som svært viktig med slik stabilitet for å sikre god oppfølging av både utøvarar og sponsorar. Ein av dei mest trufaste styremedlemmene vart i går takka av etter 22 samanhengande år i GFIL styret. Ole-Bent Søreide starta sin GFIL karriere i 1998 som økonomileiar, med hovedansvar for å bygge opp eit solid økonomisk fundament for trygg og god drift til det beste for Gloppen sine beste friidrettsutøvarar. Dette styrevervet hadde han heilt fram til 2012. Frå 2012 til 2020 har han vore styremedlem med ansvar for fornying av gjeldande avtaler saman med dei andre i økonomigruppa. Ole-Bent viste veg for ein ny måte å tilnærme seg sponsorane på, og vi har alle lært mykje av hans måte å selge friidretten inn i markedet. Frå fleire hald har vi i mange år fått gode tilbakemeldingar på kontakten vi har opp mot våre samarbeidspartnarar. Å bygge eit solid økonomisk fundament er alltid eit spørsmål om gjensidig tillit mellom klubb og sponsor, nært og personleg forhold er også avgjerande. Slike relasjoner er kun muleg gjennom stabilitet. Ole-Bent har i høgste grad bidratt til stabilitet. GFIL er han stor takk skuldig, og vi mistenker at han har hatt det kjekt sidan han har helde på så lenge. 

Takk for laget Ole-Bent.

PS: Klubben har fortsatt stor stabilitet ved at det kun var Ole Bent Søreide og Robert Andre Moldestad som ikkje tok gjenvalg. Robert Andre er i militæret og av den grunn overlet han sitt verv til Mathias Reksten Dale (aktives representant). Linda Van Hulst kom inn i styret etter Ole Bent Søreide. Velkomne inn i styret !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.