Flott friidrettskveld på Byrkjelo

Postet av Gloppen Friidrettslag den 31. Jul 2020

Både været og resultata varma på Byrkjelo i går kveld, god deltaking og mange pesonlege rekordar. Naturleg nok var krinsrekorden i slegge til Thomas Mardal høgdepunktet, 74,28 viser at Thomas er på veg mot topp internasjonalt seniornivå. Det er ny banerekord på Byrkjelo, 1 cm lenger enn Eivind Henriksen kasta under NM 2018. Samtidig smatt også Thomas forbi Eivind på den norske 2020-statistikken. Sleggekonkurransen gav fleire persar og flotte resultat: Evald Osnes Devik viste at NM-formen er på veg med 63,94, ca. 1,5 m frå pers. Persar vart det både på Håkon Hjelle Roset med 54,70 og Leif Magnus Grov Husevåg(15 år) med 56,75. Vi noterte også solid pers på Henrikke Antonsen(17 år) frå Dimna med 50,63. 

Jon Rolf Skamo Hope kan meir enn å gå langrenn, han leverte ein flott 3000 m på 8.39,03, pers med ca. 9 sek. Tidegare denne månaden sletta han den nest eldste lagsrekorden i GFIL med 31.45,34 på 10.000 m i Førde. Olav Holvik sprang på 31.50,9 i 1991. 

Mathias Reksten Dale støytte seniorkula heile 14,02, stekt resultat av ein 17-åring. For ein gongs skuld vart det ikkje pers på Steffen Melheim, men 54,86 med 1,75 kg diskos er uansett eit supert resultat. I desse 17-åringane har vi også to kastarar med internasjonalt potensial.

Gledeleg at løpsinteressa er på veg oppover i fylket. Her har vi Eivind Øygard som viser veg, han stiller som "hare" og gjer ein flott jobb for dei yngre som er på veg opp




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.