Portrett: Hans Sande - årets Hoved Nm debutant

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Aug 2014



Alder - 18 år
Utdanning - Vidaregåande skule (Idrettsfagleg) 2 år skal til på 3.året.
Yrkeserfaring - Sommarjobb ved Sande Settefisk i 3 år

Idrettsbakgrunn i familien?
Finst ikkje spor av i næraste ledd. Ein onkel seiast å ha vore brukande innan sprint.

Persa i friidrett?
•diskos(1,75kg) 43,6m ca.•Kule (6kg) 12,6m ca.•Slegge (6kg) 59,96m

Persa i vektløfting?
•Rykk 92kg•Støt: 121kg

Antal starter NM i friidrett?
Jr.Nm 2012-2013-2014.

Medaljer?
Sølv slegge Jr.Nm Overhalla 2013

Andre aktuelle idrettar for Hans ?
Spelt ein del handball opp gjennom åra som eg har planar om å halde fram med i mindre grad enn før. Turnar ein god del, som ein del av treninga, men driv ikkje konkurranse innanfor turn.

Fritidssysler ellers?
Jaktar på hausten og surfar på sommaren!

Favorittmåltid?
1.plass: Mat
2.plass: Mat
3.plass: Mat
Et det som er etande, sett vekk ifrå Lutefisk.

Karakterestikk av deg sjøl ?
Ser på meg sjølv som ein rimeleg løysingsorientert person, og er slett ikkje redd for å seie kva eg meinar om saker og ting.

Kva har idretten betydd for deg.
Idretten har betydd mykje for meg gjennom åra. Har dreve med aktivitet så lenge eg huskar. No dei siste åra har den teke opp nesten all fritid, nåke eg er glad for. Ingenting er like tilfredsstillande som å sjå framgangen i det enn gjer !!

Gfil miljøet?
Gfil miljøet er eit artig og koseleg miljø å få ta del i. Ein liten og samansveisa gjeng som har mykje moro på trening og på turar til stevne, treningsleir osv.

Målsettjingar framover?
Neste store mål er Jr.EM i 2015 der er kravet 66m for å kome med, noko som er høgst oppnåeleg.

Korleis forberedar du deg til konkurransar?
Har ikkje spesielle rutiner eller ritual eg går gjennom. Men eg merkar at eg tenker mykje meir gjennom eit kast dagane før ein konkurranse. Når det kjem til trening framfor ein konkurranse, så har eg ei god styrkeøkt 5-6 dagar før eg skal konkurrere og deretter ingen tung styrketrening før stevnet. Kastøktene kan ofte komme nermare 2-3 dagar før konkurranse før eg «slepper opp».

Korleis er idrettsguten Hans om 10 år. Aktiv ? Trenar ? Leiar ?
10 år fram i tid har eg ingen ide om korleis eg påvirkar idretten. Men eg kjem til å vere aktiv så lenge eg synst det er kjekt og givande.

Gledar du deg til NM tur med GFIL?
Gfil tur er alltid god stemning, hotellhelg med gode kameratar er noko som ein ser fram til ! :)




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.