Thomas Mardal tok gull i slegge i den amerikanske studentmeisterskapen NCAA

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Jun 2021

Thomas sette eit verdig punktum på USA-opphaldet med å vinne sitt andre NCAA-gull, denne gongen i slegge. Meisterskapen vert avvikla i Eugene, Oregon, der også VM skal gå i 2022. Det vart igjen ny flott pers, denne gongen med 76,74, ei forbetring på  vel halvmeteren frå 76,18. Kviterussaren Gleb Dudarev vart nr. to med 74,53. Thomas er einaste nordmann som har vunne to gull i denne prestisjefylte meisterskapen. Resultatet er berre 76 cm frå direktekravet til OL, så han var gså veldig nær å sikre seg Tokyo-tur med dette kastet. Vi gratulerer Thomas med eit strålande resultat og ønskjer han vel heim etter 4 suksessrike år i Florida. Gloppen Fil gratulerer så mykje !


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline