Gloppen Hotell - ein framifrå bidragsytar til friidretten !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Mar 2015

Gloppen Hotell har vore samarbeidspartner med Gloppen Fil heilt tilbake til midten av 90 talet. Då var klubben innleigt som ansvarlege for uteområdet heile sommarsesongen. Vi hadde to personar på plass kvar veke og slo plenane inkludert kantslått. Rydding rundt huset var også ein del av arbeidet kvar veke. Mang ein gong var det ein klippar som ikkje var i stand og vi trilla klipparen ikkje lange vegen bort til Flølo Maskin for reparasjon. Meina vi hadde denne jobben i 8 år. Vi la då grunnlaget for eit svært godt forhold til bedrifta. Dette har vi bygd vidare på og vi har i dag ei flott avtale med Hotellet. Kvar torsdag har vi middagsservering til aktive servert i Trivselshagen. Forrige veke hadde vi klubbkveld med pizza. Før jul hadde vi samling med både lunsj og middag om kvelden. Fyrste helga i mai er Gfil arrangør av storsamling og vi har sjølvsagt alle buande på hotellet. Alt til gode sportsprisar ! Bildet syner deler av gjengen som pleie ha middag på skulen torsdagane.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline