GFIL utøvarar med gode 3000m løp i dag !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 16. Mai 2015

Marius Vedvik saman med Rune Osa organiserte ein topp 3000m under Flora-Førde kampen på Flora stadion i ettermiddag. Med 1500 på tribunen fossa Sondre Norstad Moen, Vidar inn til 8.06.17 min foran Marius Vedvik, Gular som fekk tida 8.09.28 min. Eivind Øygard, Jølster vart nr 3 med den sterke tida 8.40.46 min. Jon Rolf Skamo Hope, Gloppen Fil fekk 9.05.00 min, Vincent Sondre Førde, Gloppen Fil greidde jrNm kravet U20 i sin første 3000m med tida 9.12.79 min. Vetle Uhre Hammersvik, Førde 9.13.47 min, Matias Førde, Jølster 9.13.81 min, begge desse greidde også JrNM kravet U20 på 9.14.99. Det skal nemnast at desse unge karane la seg på hjul litt bak teten i eit par runder og det vart ein veldig tøff start på løpet. Flott reklame for friidrett og fin start på banesesongen.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.