Trude Raad deltek på døve EM i friidrett i polske Bydgoszcz

Postet av Gloppen Friidrettslag den 19. Jul 2015




Komande tysdag den 21 juli går sleggekonkurransen av stabelen under EM for døve i polske Bydgoszcz. Trude Raad stiller som favoritt til å vinne konkurransen. Trude har 2 VM titlar og 2 OL titlar i sleggekast for døve men ingen EM titlar. Ho har verdensrekorden for døve med 64,23m. Tidlegare i sommar kasta Trude 64,03m under Sparebankleikane på Byrkjelo. Det betyr at Trude er tilbake i godt gammalt slag som ho var i 2012. Det lovar godt for EM og NM i Haugesund heilt i starten av August.

Hennar nærmaste konkurrent under EM er Rymma Filimoshkina, UKR som har pers på 58,60m. Jørund Årdal er på plass i Polen og "coacher" Trude ringside. Vi ynskjer Trude lukke til i Polen. Heimeside til

THE EUROPEAN DEAF SPORT ORGANISATION

http://www.edso.eu/

Her er startlister og etterkvar også resultatlister !
For ytterlegare info Jørund Årdal 004741631280.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline