Førehandsomtale hoved Nm i Haugesund 31 juli - 2 august

Postet av Gloppen Friidrettslag den 26. Jul 2015

GFIL stiller i år med 8 deltakarar på NM, vi har følgjande tips:

Merete Helgheim 3000 m kappgang, gullfavoritt

Else Lundestad Bakkelid, diskos, 4.-8. plass

Elin Isane, diskos, medalje

Elin Isane, kule, 4.-8.plass

Trude Raad, slegge, medalje

Trude Raad, diskos, 4-8. plass

Steinar Kleppe, slegge, medalje

Evald Osnes Devik, slegge, 5.-10. plass

Hans Sande, slegge, 5.-10. plass

Thomas Mardal, diskos, 6.-12. plass

Thomas Mardal, 100 m, semifinale



I fjor hadde vi og tippa 4 medaljer, men Elin Isane overraska alle, inkludert seg sjøl, med å ta bronse i kule slik at vi enda på 5.

Elin jaktar sin 29. og 30. medalje i senior-NM, kan ho overraske også i år, diskosgullet er absolutt innan rekkevidde. Både Grete Etholm og Elin har kasta 52 m i år.

Vi har ein nykommar i GFIL-drakta i år: Steinar Kleppe. Han har vist enorm framgang denne sesongen, vi utropar han til sølvkandidat bak Eivind Henriksen. Den 35 år gamle krinsrekordenpå 64,20 lever farleg, NM i Haugesund hadde vore eit perfekt høve til på overta den.

Trude vil få hard kamp om NM-gullet av Beatrice Llano, som nyleg kasta over 66 m.

Juniorane våre vil få god meisterskapserfaring, og vil bruke NM som ein generalprøve framfor junior-NM på Byrkjelo 14 dagar seinare. Spennande å sjå kva Thomas kan klare på 100m, arrangøren har lova medvind.
For ytterlegare informasjon kontakt Ole Morten Mardal eller Nils Ove Roset.

GFIL ønskjer lukke til på NM!








Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline