Flotte resultater på Byrkjelo denne veka !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 2. Okt 2015

Siste seriestevner på Byrkjelo denne sesongen vart gjennomført tysdag og torsdag kveld. Opplett, men litt plagsom sørleg vind, særleg for løp. Småkjøleg, ca 10°C begge kveldane.

Tysdag kveld sprang Vincent Førde (18), GFIL 2000m hinder (91,4)på den gode tida 6,14,94 min som er pers med over 3 sekund.

Torsdag var fleire i elden.

Thomas Mardal (18), STIL,
sette to nye personlege rekordar i diskos, fyrst med 1.75kg med resultatet 56.57m, før han sende 2kg-skiva over 50m for fyrste gong (50.52m). Med dette sletta han Øystein Bjørbekk sin «uslåelege» aldersrekord med seniordiskosen for 18-åringar med over meteren! Resultatet med 1.75kg er forbetring av jun.krinsrekorden, og 3.plass på Norgesstatistikken gjennom tidene for 18-åringar. Gratulerer, Thomas!

Jens Christian Andenæs (22), GFIL,var endeleg tilbake på bana, for å gjere ein seriedugnad for GFIL. I høgde gjekk han lett over 1.85m, og i spyd kasta han 49.74m. I høgde u.t. vart resultatet 1.55, og i lengde u.t. strekte han seg til 2.97m. Alle resultata er særs viktige for GFIL sitt herrelag som no aspirerar til opprykk frå 2.div til 1.div! Godt jobba, Jens!

Vincent Førde (18), GFIL, debuterte på 5000m, og kom i mål på tida 16.12,03 min. Med ein siste 1000m på 3.03 og ein sisterunde på 68 sek så synte Vincent at det bur ein svært god distanseløpar i han. Også dette eit resultat som inngår i lagserien. I same løpet sprang 13 år gamle Håvard Klakegg (Jølster) inn til den glimrande tida 18.20,29 min.

Elles må det nevnast at det i diskos vart flott ny pers på Håkon Fjellestad (g15) 1kg, 37.40m. Han vart slått med knepne 36cm av Håkon Hjelle Roset (15), så her ligg det an til mange flotte duellar i åra framover.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.