30 aktive på samling på Loggane og i Trivselshallen

Postet av Gloppen Friidrettslag den 13. Des 2015

Flott treningslaurdag er gjennomført. 30 aktive og 10 trenarar / leirarar stod for ein aktiv og innhaldsrik dag i går. Loggane med diskos og slegge, Firdahallen med spyd og buktaveiene med korte og lange løp var formiddagsøkta. Flott lunsj på Gloppen Hotell med mykje egg og bacon. I fem tida hadde vi sprint / litt kast og ei basisøkt i hallen før vi avslutta med middag i Stil stova.

Laksevåg og Gfil har etter kvart tradisjonar på å trene i lag. Eit flott samarbeid. Utøvarar frå heile Gloppen deltok. Dette er viktig tiltak for godt friidrettsamarbeid i kommunen. Takk til alle som hjalp til med å få dette gjennomført !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.