Knut Lunde tildelt Friidrettens Venners pris som årets dommar !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Jan 2016

Under kompetansehelga i Stavanger denne helga vart framifrå stemneleiar på Byrkjelo, Knut Lunde tildelt pris som årets dommar ! Tildelinga skjedde på festmiddagen no i kveld.

Han er fast inventar på Byrkjelo når større stevner skal arrangerast. Svært få om ingen i det heile har så lang fartstid som stemneleiar og dommar som Knut. Vi er heldige i Gloppen som har ein slik kapasitet tilgjengeleg. Han er grunnleggande glad i friidretten og har den gode evnen til å sjå dei større linjene. Takk så langt og stå på vidare Knut !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.