Heidersprisen tildelt Jørund Årdal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 11. Mar 2016

Under årsmøtet onsdag tildelte Gloppen Fil Heidersprisen til Jørund Årdal. Han arbeider halve vekene i Oslo så vi fekk overføring live via Skype og han fekk lese opp grunngjevinga på direkten. Kjekt å heidre ein særs flink og trufast person som Jørund. Blomster og diplom vart levert på tunet dagen etter.

Les grunngjevinga her:

Medllemet har gjennom heile si karriere innan idretten i

Gloppen og GFIL synt fantastiske evner som miljøskapar,

organisator, lagbyggjar og trenar.

Medlemet sitt engasjement i frivilleg arbeid, og

vedkomande si forståing av den verdi dette arbeidet har,

gjer medlemet unikt.

GFIL har i ei årrekke nytt godt av medlemet sitt sterke

og breie engasjement. Som døme på vedkomande sitt

omfattande arbeidsområde nemner vi:

Pådrivar og tilretteleggar for toppidrett, sportsleg

leiar sidan 2003, lagleiar, trenar, administrator,

stemnearrangør, dommar og statistiker.

Medlemet sitt arbeid og engasjement har vore avgjerande

for at GFIL er der vi er i dag både som klubb og

leverandør av sportslege resultat.








Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc