Flotte dager i Alfamar Portugal

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Mar 2016

No har vi vore i Alfamar i 4 dager. Vi ankom hotellet seint laurdag kveld og fekk første treningsdag søndag. Sidan har det gått slag i slag. Her er alle fasiliteter. Flott terrengløype med grasunderlag i 2km. Langtur i rundløype på 6- 10 og 14 Km på grus og stier. Kastanlegg i særklasse og heilt nytt toppdekke (polytan) på 400m rundbane. Styrkerom med plass til 7 løftestasjoner. Veiret har vore upåklageleg så langt. Litt kaldt på kveld og morgon men supert til trening. Flotte kastøkter der det vert meldt om draumelengder for enkelte. Mellom og langdistanse gruppa har fått vist kva dei er gode for og Eivind Øygard var i spiss på test i terrengløypa og ei hard baneøkt i dag. Sprintgruppa har køyrt gode økter på bana. Vi er i år så heldige å ha med to fysioterapeutar Asle Førde og Knut Stian Fjellestad. Eigen massasjebenk har vi på plass så arbeidsforholda skal vere dei beste. Vi har over ei veke att av treningsopphaldet som markerer starten på sesongen 2016. Ein flott gjeng å reise saman med gjere opphaldet fantastisk kjekt.







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc