Thomas over JrVM kravet i første kast !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 5. Apr 2016

Årets første kast stevne på Loggane vart avvikla søndag. Thomas Mardal starta sesongen som i fjor. På topp. Årets første offisielle diskoskast av Thomas gjekk heile 55,72m , i femte omgang vart det endå lengre, 55,85m. Begge kasta var godt over kravet til JrVM U20 som er 55,00m. Han kasta også i år 1,75 kg diskos i jr og aldersfastlagde stevner. Det er siste nivået før seniorredskapen som er 2kg. Uttaket til VM skjer etter 11 juli 2016. 2 utøvarar får delta for Norge i kvar øving. Det er lenge fram til meisterskapen og vi gledar oss til framgang utover i sesongen. Til orientering er sleggekravet til JrVm 68m med 6 kg slegga. Kanskje det kravet kan vere innan rekkevidde også ?




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc