Sponsortreff 2016

Postet av Gloppen Friidrettslag den 10. Apr 2016

Det er første gang GFIL inviterer alle i friidretten til treff saman med støttespelarane og dei aktive. Næringslivet brukar mykje midlar på idretten og det er viktig at vi kjenner kvarandre godt. Ingen av verken trenarar, leiarar, aktiv eller foreldre skal vere usikre på kven som støttar friidretten. Kiropraktor Eigil Instebø og fysioterapeut Knut Stian Fjellelstad vil snakke litt om skadeførebygging og Kristin Roset har eit innlegg om kosthald og førebuing til harde treningar/konkurransar. Bedriftene som støttar oss vil presentere seg og vi vil ha god sportsmat undervegs. Velkomne !




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline