Sponsortreff - Kickoff 2016 - kjempesuksess !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 23. Apr 2016

Ein flott ettermiddag med friidrett på Gloppen Hotell ! GFIL har gjennomført sitt første sponsortreff. Samtlige samarbeidspartnarar på plass med flotte innlegg. 60 personar til bords der hotellet serverte heimelaga karbonadesmørbrød, eggerøre, laks, spekemat, salat og smoothie. God blanding av foreldre, aktive, trenarar, leiar og støtteapparat elles. Akkurat eit slikt spekter som er ynskjeleg på eit slikt treff. Fysioterapeut Knut Stian Fjellestad hadde eit glimrande innlegg om skadeførebygging. Han snakka med god erfaring frå skilandslaget og etter turen til Portugal med GFIL. Kristin Roset hadde eit innlegg til ettertanke om kosthold og kroppspress i idretten. Mange kjøpte også boka hennar -Spring for livet- Som ikkje det var nok så dukka Ordførar Leidulf Gloppestad opp og sa i sitt innlegg at han ville vere endå meir bevisst på alt det gode frivillege arbeidet idretten gjere i kommunen vår. Dette var ein kjempeviktig vitamininnsprøytning for oss alle. Vi er klare for 2016 !




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline