Mellom og langdistansegruppa i fin framgang !

Postet av Gloppen Friidrettslag den 30. Mai 2016

Mellom og langdistansegruppa har hatt sin faste mengdeøkt onsdager gjennom heile treningssesongen. No på våren har vi flytta denne til mandagane. Buktaveiene er ein flott arena for mengdeløping. Gode grusvegar er det beste for beina. Her har vore svært godt oppmøte kvar gong. Desse som her er avbilda har vore på kvar ei trening. Her er alt frå svømmere via fotballspelarar til toppløparar og topp langrennsløpar. Alle finne sin plass under intervalltreninga. For dei beste har dette vore den viktigaste løpsøkta i veka. Her har dei blitt utfordra på mengde og terskelfart.Treningsresultata er lette å måle både på tid og distanse. Alle har gjort flotte framsteg denne vinteren. Dessverre fekk Matias Førde eit ubeleileg avbrekk i 3 veker grunna influensa. No ser han ut til å vere ovenpå igjen. Vincent har allereie persa mykje på 3000m.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline