Sparebankleikar på Byrkjelo, Elitestevne på Bislett, Hinderfestival på Jessheim og Døve VM i Bulgaria

Postet av Gloppen Friidrettslag den 24. Jun 2016

Komande dagane skal mange i aksjon på friidrettsbana. På heimebane er Sparebankleikane i gang i kveld. Over 200 er klare til start. Dette er det viktigaste rekrutteringstevnet i fylket og alle aktive i alle aldrar deltek her. Godt anlegg og gode arrangørar kjenneteikner Byrkjelo. Arrangørane er Gloppenalliansen som er ei samanslutning av friidrettsgruppene i moderlaga Fj.V, Brodd, STIL, Hyen og Breimsbygda + Gloppen friidrettslag. Siste åra har Jølster vore med i arrangørstaben. Det et vi stor pris på.

GFIL sender også avgårde våre landslagsutøvarar til Bislett i kveld (fredag) på Elitestevne der. Hans Sande, Evald Osnes Devik og Trude Raad kaster slegge og Thomas Mardal deltek i diskos med seniorredskap (2kg). Dei kjem heim att og viser seg fram på søndag under Sparebankleikane.

Laurdag springe Vincent Sondre Førde sitt første hinderløp for sesongen. Han debuterer på Jessheim under Hinderfestivalen på hoveddistansen 3000m hinder.

Tysdag er Trude på Døve VM i Stara Zagora, Bulgaria. Ho kaster der tysdag over helga. Det blir spennande. Jørund er med som trenar.

Vi ynskjer alle lukke til med aktive dagar !







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc