Gloppen-kastarane gjorde det skarpt og Vincent klarte NM-kravet på 3000m hinder!

Postet av Gloppen Friidrettslag den 25. Jun 2016

Gloppen Friidrettslag hadde fem utøvarar i aksjon under alitestevnet på Bislett fredag kveld.

Trude Raad vann slegge kvinner senior med små¨pene 61.05, og viser stabil kasting. Elin Isane vann diskos med åstbeste 47.71m, og nærmar seg NM-forma!

Thomas Mardal var heilt opp mot årsbeste i diskos, med 52.43m vart det 3.plass. Thomas sette forøvrig ny jr.krinsrekord under Sparebankleikane kvelden etter (laurdag 25/6) med resultatet 57.73m (1.75kg).

I slegge vart det 3.plass til Evald Osnes Devik (58.55m), mens Hans Sande tok 4.plassen med 53.64m.

Laurdag var det Vincent Sondre Førde sin tur og gjennomførte eit sterkt løp på hinderfestivalen på Jessheim i dag. Vincent klarte med dette NM-kravet på 3000m hinder og Gloppen fil gratulerer! Slik ser junior-19 statistikken i SFj (og innanfor Firda Tidend sitt dekningsområde :-) ) gjennom tidene slik ut:
Odd Bjørn Hjelmeset GFIL 9:21.42 1990
Vincent Sondre Førde GFIL 9:24.21 2016
Bjarte Bogstad Breimsbygda 9:24.90 1982
Kjell Øygard Jølster 9:25.7 1981

Beste ikkje -gloppar/jølstring er Sander Sekkingstad Terum Aurland 9.28.60 2012







Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.