Thomas Mardal klar for Junior-VM

Postet av Gloppen Friidrettslag den 12. Jul 2016

Laurdag 23 juli om føremiddagen er det diskoskvalifisering i VM for Thomas. Finalen går dagen etter, og er siste kastøving i meisterskapen som er flytta frå Kazan i Russland til Bydgoszcz i Polen, på grunn av at Russland er utestengt frå all internasjonal friidrett inntil vidare.

Thomas har meisterskapserfaring frå EM i Eskilstuna i fjor, då var han ca. 2 m frå å nå finalen. I år er han sikrare på større lengder så vi har godt håp om å sjå han i finalen. På den internasjonale rankinglista ligg Thomas på ca. 23. plass med 57,73, erfaringsmessig vil ca. 56 m halde til finaleplass. I Verdsungsdomsspelen i Gøteborg sist helg var han ca. 1 m bak svensken Jakob Gardenkrans som ligg som nr. 3 på verdsrankinga. I fjor måtte Thomas ha klaff for å nå finalen, i år vil han klare det også med for han eit middels resultat.

Den norske troppen reiser måndag, Thomas får eit par treningsøkter i Polen før konkurransen. Romkameraten, vossingen Marcus Thomsen, skal i elden allereie tysdag, han er medaljekandidat i kule og her sett norsk juniorrekord med 20,23 denne sesongen.

GFIL ønskjer Thomas lukke til i Polen!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.