Nordfjord Skifer - tre nye år med GFIL

Postet av Gloppen Friidrettslag den 14. Jul 2016

Nordfjord Skifer - naturstein av høg kvalitet


http://www.nordfjordskifer.no/


Samstundes med at utøvarane våre preppar formen mot VM og NM er andre i sving med å sikre framtida for nye årganger med gode utøvarar. Det er stas at vår gode samarbeidspartner Nordfjord Skifer synes godt om friidretten ! For nokre dagar sidan signerte bedrifta forlenga avtale i nye 3 år fram til over 2019. Vi er takknemlege for den uvurderlege støtta vi får. Økonomigruppa i laget gjere ein super jobb for friidretten og bidrar til gode relasjoner mellom bedrift og klubb. Skal utøvarar og miljø utviklast må mange ledd fungere. Er ikkje økonomien i orden vil det frivillege trenararbeid og administrasjon gradvis ebbe ut. Ikkje noko er så slitande som dårleg økonomi. Takka vere gode sponsorar og interesserte bedriftsleiarar har friidretten gode vilkår. GFIL vil at utøvarar skal få utvikle seg og få mulighet til å realisere sine mål og arbeider kvar økt for dette. Økonomigruppa melder om "steinharde" forhandlingar som føregjekk i rolege former.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.