Stor Gfil tropp til Jr Nm på Brandbu

Postet av Gloppen Friidrettslag den 1. Aug 2016


Gfil løparar og ein Jølsterløpar klar for innsats på JrNm

14 individuelle utøvarar + ein ekstra stafettløpar stiller til start på Brandbu. Heile 8 av desse er påmeld i slegge, dette er øvinga der vi også har dei beste medaljesjansane. Sikre medaljekort her er Thomas Mardal og Evald Osnes Devik, begge hadde flotte plasseringar i NM senior på Askøy sist helg. Magnus Rygg Storsletten, Hans Sande og Lisa Selsvik ligg rett bak medaljenivå. Dei andre som er med i slegge, Håkon Fjellestad, Steffen Fjellestad og Håkon Hjelle Roset, må kaste med tyngre slegge enn vanleg og må konkurrere mot 2-3 år eldre utøvarar.

Thomas Mardal er gullfavoritt i diskos, og klar medaljekandidat også i kule. På 3000 m hinder har vi også håp om medalje til Vincent Sondre Førde, han har levert ein sterk sesong så langt, m.a med ny jr-krinsrekord på distansen. Han skal også springe 800. Treningskameraten Matias Førde frå Jølster stiller på 800 og 1500 m. Han reiser saman med Gfil og trenar med klubben.

Dei andre deltakarane er Simon Lidal i spyd, Kjersti Hjelle Eide i høgde, Ingrid Hjelle Roset på 400 m, Robert Andre Moldestad på 100 m og Jon Rolf Skamo Hope på 5000 m. Vi stiller også lag på 1000 m stafett i M-U20. Det er svært kjekt å endeleg stille lag på 1000 stafett igjen. Sist var under UM i 2012 på Askøy. No springe Robert andre Moldestad, Marcus Røed Frøyset, Thomas Mardal og Vincent Førde på laget. Vi gledar oss til dette. Spennande dagar for mange då vi har mange debutanter med denne gongen. Vi skal bu på Hadeland hotell og satsar på ein flott helg ned friidrett og sosialt samvær. Årets høgdepunkt for juniorane.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline