Thomas med nytt Diskos gull i går og Vincent med gull på hinder.

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Aug 2016


Ein kjempedag for friidretten i Gloppen på Brandbu stadion. Thomas sitt gull med 55,85 med 1,75 kg diskosen er det andre i rekka. Vi hugsar alle gullet på heimebane frå i fjor. I år har Thomas persa til 57,73 på Sparebankleikane og har ellers 57,64 og 57,48 og 56,21 som beste konkurranser i 2016. Nm gullet og Persen i fjor var 56,57m. I går gjekk gullet til Thomas med ein margin på omlag 8 meter. Suveren seier. Det var ufyselige forhold så vi alle var svært nøgde med heile 3 kast over 55 meter. Neste år er han i eldste juniorklassen U23 og skal kaste med 2 kg Diskos. Gloppen fil gratulerer med eit flott Nm gull. Det er viktig for friidretten at vi har utøvarar som viser vei både i trening og konkurranser.

Vincent Sondre Førde gjorde ein topp prestasjon på hinder. Han persa og forbetra sin eigen Jr Krinsrekord med 2 tideler frå tidlegare i sommar. Eit svært godt gjennomført løp der han gjekk etter skjema til 9.15 . Vincent er ein treningsvilleg kar som har erfart at trening gjev resultater. Utruleg kjekt at vi endeleg greidde ein gullmedalje i Nm samanheng i løpsøving. Vi må tilbake til Nm senior i 1999 på Byrkjelo at vi har medalje på løpsdistanser. Med meir trening banken er Vincent ein topp nasjonal senior løpar på hinder.

Robert Andre Moldestad debuterte på Nm på 100 meter på ein glimrande måte. Årsbeste i godkjent vind. Denne gongen 1,6 motvind og 12,01 sek. Flott gjennomført. Snart UM og årets mål.

Ingrid Hjelle Roset fekk 61,45 og nr 13 på 400. Trangt nålauge. ho måtte greidd pers under 59,4 om ho skulle gått vidare.

Lisa Selsvik presterte heilt opp mot sitt beste i slegge og blei nr 6 og hadde jevn auke i prestasjonene utover i konkurransen.

Vi har hatt fotograf ute på bana og fange eit fint bilde av Thomas.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc