Flott Um helg i Sandnes

Postet av Gloppen Friidrettslag den 6. Sep 2016

Friidretten hadde ei flott helg i Sandnes. Aldersbestemt Nm er årets høgdepunkt for våre unge fremadstormande utøvarar. Dette meisterskapet tar pulsen på friidretten både lokalt og nasjonalt. Um er moderlaga sitt meisterskap. Vi skulle så absolutt hatt eit UM på heimebane næraste tida. Utan tvil det viktigaste stevnet for å sikre god rekruttering. Utan unge til å ta tradisjonane vidare blir det tynt. I Gloppen har vi lange tradisjonar for god friidrett og våre unge aktive var heilt på topp i helga. Mange flotte persar og topp stemning alle dagane. Vi ankom Sandnes torsdag ettermiddag og fekk sett opp lagstelt på dertil svært eigna stad like ved bana. Alle budde på Hotell Sverre midt i Sandnes sentrum og 8 minutt gange frå bana. Gode sosiale stunder både ved bana og under fellesmåltida på kvelden. Det er også flott å sjå mangfaldet i lagsdrakter frå Gloppen. Alle klubbane var representerte. Flott. Den av våre utøvarar som imponerte mest var Thomas Mardal i sine tre kastdisiplinar, slegge, kule og diskos. Vi tar av oss hatten for prestasjonane. No står den internasjonale arena og ventar. Det blir spennande år framover. For hans del er Um karrieren over, men mange står i kø for å vere med etter han. Det er vi glade for. Vi gledar oss allereie til Bergen og Fana stadion første helga i september 2017.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc